onsdag 14. juli 2010

Opp og hopp

Varberg i dag.  Svenskane feirar Victoriadagen i dag utan kronprinsessan.
Nettilgangen er noko ustadig her.  No ser det ut til å vere gode signal, så eg gjer eit forsøk på å legge ut nokre ord og bilde.  Eg har to fotoapparat i sving, og det eine har eg gløymt ledninga til, så det får bli meir når eg kjem heim att. 
Utsikt frå vindauget mitt.  Annankvardag er det morgongymastikk i symjebassenget, eller poolen som det heiter på svensk.  Her møter ein opp klokka ni til vassgymnastikk til svensktopplåtar.
Stranda ligg rett nedanfor campingplassen.  I dag har vi vore der i fem timar.  Det har vore varmt med ein liten trekk.  Vindsurfing er ein aktivitet her.

søndag 11. juli 2010

Fjällbacka

Ei facebook/gymnas-venninne av meg tipsa meg om at når vi skulle til Varberg, var ikkje den koselege småbyen Smögen langt unna.  Då eg tok fram kartet for å finne Smögen, fann eg ut at Fjällbacka var heller ikkje langt unna, så valet fall på denne sjarmerande småbyen kjend frå krimlitteraturen.
Eg meiner eit barn vart funne uskadd på denne leikeplassen.
I parken var det ei statue av Ingrid Bergmann.  Eg visste at ho hadde ei rose oppkalla etter seg, men her hadde dei planta fleire og sett opp eit informasjonsskilt.
Vi var heldige med veret på denne avstkkaren.  Det høljregna på veg dit, og småregna på vegen vekk derifrå.  Men då vi var der, var det varmt og fint.

Daftö i Strömstad

Det viste seg at campingplassen der vi hadde bestilt ei overnatting, var ein bror min bruker å campe på.  Det er ikkje vanskeleg å forstå at dei minste borna liker seg der.  Der var høvelege basseng og ein stor, trygg leikeplass der dei verkeleg kunne boltre seg.  Vi fekk møte minstemann som vi ikkje har sett før!
Temaet på campingplassen, eller campingbyen som eg vil kalle det, var piratar.
Vi hadde bestilt familierom med hotellstandard.  Rommet var kjempestort.  Utanom sesongen vert det brukt til konferansar.  Toaletta var i gangen, men dusjane var i fellesanlegga.  Frukosten var heilt grei.

Turen sørover

I går tok vi like godt halv sju-ferja frå Hareid.  Frukosten åt vi ombord. Når ein først skal stå tidleg opp, spelar det inga rolle om klokka er seks eller sju.
Første stopp: Trollveggen.  Her er vakker natur og fine toalett. 
Andre stopp: Dombås.  Vi handlar på Mega.
Tredje stopp: Lillehammer Mc Donalds.
Høyrest dette kjendt ut, så er det ikkje så rart.  Det er slik vi har gjort det, og slik ungane vil ha det.  Vidare valde vi ein annan grenseovergang, ved Svinesund.  Det vart ikkje iseting med ein fot i kvart land.

Ein gjer seg alltid tankar om vegar og trafikk når ein køyrer.  I år ser vi at der skjer store betringar i vegstandaren mellom Hamar og Oslo.  Sidan det var laurdag, var der inga sprenging med ventetid.

No vil ikkje maskina laste opp fleire bilde, eg får legge ut små korte innelgg.

fredag 9. juli 2010

Dagens blomst 9. juli: Vikke


Fuglevikke Vicia cracca
Dette er ein blomst ein finn på opne stader.  Den likar mykje lys,

Med dette tek eg ein pause i serien "Dagens blomst". Floraen "Norges planter" i fire band, vert ikkje med på ferie!  Blogglesarane må gjerne ta seg ein tur ut og fotografere ville vekstar.  Det er lærerikt!  Den beste måten å lære noko på i følgje pedagogikken, er å lære andre noko.

Pakka og klart?

Ikkje heilt enno, men vi er i gang.  I morgon reiser vi til Strömstad og overnattar på såkalla familierom på eit hotell der.  I same orådet ligg bror min og familien i campingvogn.  Vi kjem nok til å treffast i morgon kveld.  Vi gler oss til å sjå dei, kanskje spesielt han vi enno ikkje har sett.

Frå søndag til søndag vert vi å finne her:  http://www.apelviken.se/
For ordens skuld: Huset her vert passa av myndige menn.

torsdag 8. juli 2010

Triveleg besøk

I dag fekk vi besøk av systa med born.  Dei hadde vore i bya og la heimturen over Hareidlandet.  Menyen var enkel: Restemat, men ikkje oppattvarma fiskepudding og blåbærsuppe! Vi tømde kjøleskåpet for surmjølk og grøntfor sidan her snart vert berre mannfolk att.  Taco og sveler fall i smak.

Borddekking og laging av taco vart dugnadsarbeid.  Tørketrommelen vart reparert rett før dei kom.  Då trommelen klikka midt i eksamen, utsette eg reparasjonen.  Då viste det seg at reparatøren skulle på ferie.  Men tørketrommel er vel den maskina ein lettast greier seg utan!  Andre har vore utan bil i samme perioden ...
Minstemann hadde vorte sittande i ro og vente i dag, så han kom utan framtann!  Katten har lett for å bli midtpunkt i alle sosiale lag for tida.
Vi hadde gåveutveksling, og det draup litt på Lucy og.  Bandet og bjølla skulle vere for "mehr Sicherheit führ Ihre Katze".  Kanskje mysene set pris på den og?
Eg fekk denne fine løparen frå Ekelund.  Midt i blinken!

P.s.
Planten og hjertepotta fekk eg av ei venninne til fødselsdagen min.

Dagens blomst 8. juli: Veronika

Veronika Veronica ....

Det er ikkje vanskeleg å slå fast at dette er ein art iveronikaslekta, men eg greier ikkje å artsbestemme den.  Blogglesarane må gjerne hive seg frampå!

Dei fem finaste

Eg fann denne stafettpinnen på Alt godt sin blogg.  Eg håper han kjem attende til meg om eit par veker, for då er hagen på sitt finaste.  Men berre sjå kva eg fann i dag!  Eg har dessutan brukt ein ny knapp på fotoapparatet.
Denne rosa luktar herleg.  eg kallar ho Rosa rugosa, men veit ikkje om det er rett.
Dei tre irisane mine får telje som ein.


Høge valmuar.

Liljer.
Eit blomstrande tre.  Veit nokon namnet?

Det var dei fine.  Så over til eit par som er nyttige, kvar på sin måte.
Skogskjeggen er der vi legg snø om vinteren.  Om sommaren fungerer den som ein liten hekk.
Skvåsjplantane er ikkje mykje å skryte av i år.  Kanskje vi greier å ete opp skvåsjen etter kvart i år?  Dei første er kanskje store nok når vi kjem att frå ferie.

Eg gir stafettpinnen vidare til dei som vil ha han!

onsdag 7. juli 2010

Kveldsmat

Under mottoet "uansett ver, det er alltid noko å gjer'", har vi no vaska kjøleskåpa og rydda i matboda.  Frysarane er litt for fulle enno. Vi hentar mest muleg mat derifrå, og så satsar eg på at det vert ein gråversdag seinare i sommar. 

Det same skjer kvar gong eg vaskar kjøleskåpet, det dukkar opp mange eksemplar av same vare.  Eg meiner eg veit kva eg har, og kvar eg har det, likevel greier alltid noko å snike seg vekk.  I går fann eg ikkje mindre enn seks glas med oliven.  Så no har vi hatt focaccia to dagar på rad.  Brøda vert større for kvar dag.  I dag laga eg deigen i Kenwood-maskina med 7 dl vatn.  Då vert brødet stort nok til kveldsmat.  

Oppskrift finn du her. 

Bok 30: Hjemkomsten


Planen var at eg skulle lese denne boka på engelsk, men freistinga vart for stor då eg fann lydboka.

Dette er ikkje stor litteratur.  Språket er fylt av klisjéar. Handlinga i er "forutsigbar".  Rammeforteljinga går det 13 på dusinet av. 

Likevel er det noko som grip ein.  Forteljinga frå borgarkrigen i Spania er spennande og lærerik.  Det er ikkje vanskeleg å forstå at dette er blitt ein bestseljar.

Dagens blomst 7.juli: Tistel

Åkertistel Cirsium arvense
Slik eg les det, er dette ein åkertistel.  Den er Noregs mest vanlege tistel.

tysdag 6. juli 2010

Feielektyre

Biblioteket er sommarope for tida.  I dag var der full aktivitet og mange lånarar.  Eg skulle levere inn bøker og sikre meg nokre nye.  Ei dame kom leverte akkurat inn Harens år, og ho ville gjerne ha ei av dei eg leverte inn.  Så spørs det kva eg skal begynne på etter Hjemkomsten.

Dagens blomst 6. juli: Høymol

Vanleg høymol Rumex longifolius
longifolius=med lange blad

Det er ikkje sikkert ein vil kalle dette ein blomst, men det er i alle fall ein vekst som alle bør kunne namnet på.  Høymolen er i syrefamilien, altså i slekt med surgras.  Den er vel noko av dt værste ugraset ein kan tenke seg.  Røtene er vanskelege å få opp.  Frisk er høymolen godt for.  Kaninane her et det gjerne.  Men tørka som høy, er dei lite populære.

måndag 5. juli 2010

Filmen

Det er vanskeleg å anbefale denne filmen.  Verda har nesten gått under.  Det er lovlause tilstandar på jorda.  Ein mann tek med seg sonen for å gå sørover.  Dei møter mange farar.  Dette er kort sagt dei ytre hendingane.  Men filmen handlar om så mykje meir. 

Filmen er ganske tru mot boka.  Og ein bør absolutt lese boka først for å ha fullt utbytte av han.  det er ein dyster film, men som boka sluttar den ikkje utan håp.

Dagens blomst 5. juli: Engsoleie

Engsoleie Ranunculus acris
Smørblomst, som den også vert kalla, er Noregs mest vanlege blomst.  Den er giftig når den er frisk, men tørka til høy kan dyra ete den.

Bok 29: Kortprosa

Ja, då er det tid for sommarlektyre. Dei som følgde bloggen min i fjor sommar, veit at det er ny nynorsk litteratur.  Denne forfattaren er ukjend for meg.  Eg har plukka med meg tm bøker av han.

Dette er ikkje ein roman, men kortprosatekstar.  Eg vil ikkje seie så mykje om boka. Det ville vere frekt å låne ei kortprosabok og så seie at ein ikkje likar kortprosa.  For meg vert det lite samanheng i tekstane.  Ein burde vel lese ein og ein tekst, slik ein les ei diktsamling, ikkje berre lese gjennom boka som om det var ein roman.  De får lese på omslaget, og om de får lyst til å lese boka, så er det relativt fort gjort.

Mannen er trønder.  Det forklarer vel bruken av bare, drømme, glømme, høre og kjøre.  Det er lov.

søndag 4. juli 2010

Ser de skilnad?

Eg har tatt med meg speilreflekskameraet rundt i hagen og knipsa.
Eg kan berre konstatere at speilreflekskamera ikkje er som på 70- og 80-talet.
Ein kan visst stille inn både blendaropning og stille skarpt no og.

Men eg har berre kome til automatisk i bruksanvisninga. 
Eg berre passar på å ha det eg vil ha skarpt midt i bildet, og så knipsar eg.  Enklare kan det ikkje bli. 

Svar på utfordring

For to veker sidan fekk eg denne utfordringa:
"Skriv seks fine ting om deg selv, og post et bilde av deg selv som du er fornøyd med. Når det er gjort skal du utfordre seks andre til å gjøre det samme."

Kva er tanken bak denne utfordringa, var den første tanken min.  Er det for at eg skal begynne å tenke positive tankar om meg sjølv, eller er det fordi blogglesarane vil vite meir om meg?

Medan systra mi som utfordra meg først hadde tenkt på ulike variantar av arbeidssam, var det som først slo meg ulike variantar av flink.  Eg er oppseda i ei tid då gutane fekk koppar med flink gutt på, og jentene fekk kopp med snill pike på.  For opplyste foreldre var det viktig å oppsede borna likt.

Elles synest eg det er vanskeleg å seie at ein eigenskap berre er positiv eller negativ.  Staheit vert t.d. vanlegvis rekna som negativt, men det har vel hjelpt mange.  Eg meiner og at snillheit ofte vert misbrukt.  Eg skal ikkje utdjupe dette meir, men ber dykk om å ta dette for det det er!

Eg er/har passeleg:
stabil
omsorgsfull
ansvarsfull
bra humor og humør
makeleg anlagt, men ikkje så verst sprek
til å stole på

Oi, når eg først var i gang, kunne list blitt lengre;-)  Men eg får stoppe der.

Bilde av meg sjølv blir eg aldri fornøgd med.  Eg ser meg sjølv i speilet kvar morgon og seier at betre vert det ikkje.  Bildet på profilen min som vart tatt på mamma sin 70-årsdag, er det næraste eg kjem.  Men eg har funne fram eit bilde der eg må vere 15-16 år.  Kanskje litt artig for elevane som er innom bloggen.  Kanskje noko for interiørbloggarane og?

Utfordringa går vidare til alle som er innom bloggen!