laurdag 22. mai 2010

Flytte ut

Dagen i dag starta med regn og skodde.  No ser det ut til at sola skal trengje gjennom skodda.  Men vi er lova meir regn i dagan som kjem.  Dette er flott ver for utflytting.  Her er plantar inne som skal få vere ute om sommaren.  Då vert det ryddigare inne og. 

Planten på bildet fann eg halvforsømt i ei krå i vindaugskarmen her på datarommet. Det er ein avleggar frå Ørsta.  Eg batt han opp med ein trepinne og ei orkidéklemme.  Kanskje han helst burde få henge?

fredag 21. mai 2010

Steikje godt!

Blogglesarane hugsar kanskje at eg utfordra Alt godt om å kome med ei oppskrift med kyllingkjøtdeig til bruk på skulekjøkenet.  Ho tok utfordringa på strak arm!  Ein av rettane var denne kyllingforma. Denne veka har vi laga forma på skulekjøkenet.  Rykta om den gode retten har spreidd seg til lærarromet.  Fleire fekk med seg oppskriftarkark heim. 

Observante blogglesarar vil sjå at eg har tilpassa oppskrifta til skulekjøkenbruk.  Eg har tatt litt mindre av dei andre grønsakene og lagt til ei gulrot.  For å ikkje få for mange ingrediensar har eg gått for eitt krydder: Pasta basilico.  Den kvite sausen er laga på enkel og mager måte. 

Kyllingform

Grønsaker:

½ raudløk
1/3 skvåsj
½ raud paprika
1 gulrot
1 båt kvitløk
1 ms olje
1 ts pastakrydder
● Wok grønsakene i oljen til dei er mjuke. Dryss over krydderet.

Kjøtfyll

400 g kyllingkjøtdeig
1 ms olje
1 ts pastakrydder

1 ms tomatpuré
1 ts buljongpulver
1 dl vatn

● Steik kjøtdeigen i olje. Dryss over krydder og buljong. Ha i tomatpuré og vatn.

Ostesaus

4 dl mjølk
½ dl kveitemjøl

2 krm salt
½ krm pepar
½ krm muskatnøtt
(1 ts sitronsaft)

100 g riven ost

● Pisk saman mjølk og mjøl i ei tjukkbotna panne. Rør til det kokar.
● Ha i krydder og eventuelt sitronsaft. Lat det koke på lav temperatur i ca 5 minutt.
● Ta panna til side og ha i halvparten av osten.
● Legg grønsakene i botnen på ei eldfast form. Ha kjøtdeigen over grønsakene.
   Ostesausen skal vere øvst. Strø over resten av kvitosten.
● Steik kyllingforma ved 200 grader ca 30 minutt.
Kvitløksbagettar smakar godt til denne retten.

torsdag 20. mai 2010

Torsdagstur

I dag sette resten av gjengen i gang med husarbeid og hagearbeid medan eg tok meg ein bytur. 
Ærendet var, ikkje overraskande, ein tur på biblioteket.  Blogglesarane ser vel kva bok eg skal lese først av desse?
I staden for å vente til neste år, kjøpte eg meg eit par bunadsøyredobbar som eg kan pakke vekk saman med resten av sølvet.  Eg kunne hatt både raude og grøne steinar i om eg ville.  Tredje alternativet var nokre litt mindre enn dei eg enda opp med.  Ein må no få velje litt sjølv!  Eg meiner at eigentleg kan ein ha det sølv ein vil.  Dei som har arva søljer, må sjølvsagt få bruke det sjølv om det ikkje står i boka til den bunaden ein har.  Viss ein skal ta utgangspunkt i tradisjonar, er no vel arv den eldste?

Amfi har fått blomsterbutikk.  Denne spanske margeritten måtte eg berre ha med heim!  Eg reknar med at blogglesarane ser for seg denne saman med appelsintreet og daturaen!

onsdag 19. mai 2010

19.mai 2010

For eit par veker sidan var eg saman med eit par venninner som hadde stressa med å klippe roser.  Sjølv er eg alltid litt seint ute.  No har bjørka museøyre og eg trur ikkje vi får frostnetter.  Westerlandrosene mine har fått seg ein knekk i vinter.  Det verka som der var litt liv, men der var litt frostskadar.  Hugsar de Aloharoseavleggarane mine?  Berre ei ny har overlevd  den harde vinteren.  Det er ein liten avleggar som blogglesarane kanskje får sjå meir av i sommar.

Rhododendronen blomstra ikkje til 17. mai i år.  Men i dag har den kome i rekordfart!
Dette er den mørkeraude peonen som vi pynta bord med 6. juni i fjor.

Bok 20: Pengemannen


Det skjer fleire mord i Oslo.  Det mest oppsiktsvekkande er mordet på ein kvinneleg biskop.

Politimannen Yngvar Stubø er sett på saka, medan kona, kriminologen Inger Johanne Vik, som forskar på hatkriminalitet, finn samanhengar.

Finst det grupper som vil drepe homofile?

Anne Holt byggjer opp ei historie med mange forgreiningar.  Ho greier og det kunsttstykket å presentere personane slik at det ikkje går i surr for ein lesar eller lydboklyttar.  Personane er interessante, og nokre av dei kjenner ein frå tidlegare bøker. Oppklaringa er logisk. 

Alt i alt likte eg denne boka god!  Les gjerne meir om boka her.

tysdag 18. mai 2010

Ønsk velkommen det du ikke kan unngå

Så sit eg her og filosoferer over livet og eksamen.  Eg trur det skal bli nok å gjere i morgon.  Det gjeld å ha noko å skrive om.  I førebuingsstoffet er der mange tekstar til ettertanke.  Mykje diskusjonsstoff er der og.

Eit vanleg hjartesukk er: Kva skal eg ha til overskrift?  Sidan elevane kan lagre det dei vil på minnepennane, tenkte eg kanskje denne sida ville vere til hjelp.

Eit par smakebitar:

Man skal stå oppreist, ikke holdes oppreist.

Marcus Aurelius

Evig solskinn skaper ørken.

Kjærlighet ved første blikk er omtrent like pålitelig som en diagnose ved første håndtrykk.

George Bernard Shaw

Lykke er ikke noe du opplever, det er noe du husker.

Oscar Levant

Tema: Liv


Så kom klasse 10 B opp i norsk!  Årets tema er LIV.  20 sider førebuingsmateriell ligg på nettet.  Sidene er passordbeskytta, men blogglesarane skal få eit par smakebitar.






Da vi lette etter hunden
Da vi lette etter hunden
fant vi den ikke
hverken ute eller inne.
Da vi lette etter lykken
fant vi hunden
under trappen.

Annie Riis

Den store lyrikkboken.




måndag 17. mai 2010

17. mai 2010

Her har eg stilt meg opp på fast plass for å få det tradisjonelle 17. mai-bildet.  I år gjekk ordføraren fremst med kjedet sitt. Flott!
I år var det eit blanda korps som spelte.  Skulekorset har fått nye uniformer.
I løpet av dagen vert det ein del diskusjonar/samtalar.  Ein lærer stadig noko nytt.  Bunadar og bunadsøll vert kommentert.  Sjølv såg eg spesielt på øyredobbar i år.  Eg lånte frøkna sine som skal vere til Sunnmørsbunaden.  Eg må finne meg nokon utan gull i.  Ei nabodame fortalde meg at det no er populært med oksidert sølv til sett nummer to til Sunnmørsbunaden.  Sett nummer to?  Kva vert det neste.

Seinare fortel ei anna mor meg om gårsdagens krise: Opplegging av uniformsbukse.  Og eg må innrømme at eg tenkte på det i går då eg la opp buksa til frøkna: Er det alle som kan "rette" saumen.  Eg viste henne at ho har stinga på capeen sin.  Det er enkelt! (Spesielt når ein har fått mannen i huset til å finne rette sidda og dampa bretten på førehand.) Ho hadde fått profesjonell hjelp, og det er no ei ærleg sak. 

Gratulerer med dagen!

Her kan vi melde om 8 plussgrader og opphaldsver.

søndag 16. mai 2010

Melde for upassande innhald

Dei som er vener med meg på facebook, er kanskje skuffa over at eg ikkje svarer på alle "førespurnader" og melder meg inn i ulike grupper.  Politiske meiningar held eg stort sett utanfor facebook og blogg.  Såkalla støttegrupper for ulike saker er eg forsiktig med å "vere med".  Men no har eg støtta Støttegruppen for Ole Kristian Navrud og familien.  Viss saka er slik som den vert framstilt påTV2, så meiner er dette er for strengt. Feilen vart eventuelt gjort då dei fekk lov til å gifte seg i 2008.

Ei anna gruppe har eg meldt for upassande innhald. Det er såkalla lik dette.  why test on animals when we have pedofiles in prison. Som grunngjeving oppga eg rasistisk og krenkande innhald.  Ingenting har skjedd, for dette er kanskje greitt i USA?

Ein gong eg sat her og las ein kommentar i Vikebladet, tilkalte eg journalisten i familien.  Sjå her, sa eg.  Du må trykke på upassande innhald, svarar han, så plingar det i redaksjonen.

No håper eg at fleire enn meg reagerer og let det plinge i facebookredaksjonen - og kanskje i hovudet på nokre av dei som har trykt på lik dette.

Gratulerer "Lykkelig kriger"!

I dag er Eivind 8 år! Her kan du lese om namnet ditt.

laurdag 15. mai 2010

Korpskake

Det er dugnadsdagar for tida.  I dag hadde eg fått eit enkelt oppdrag: Levere ei langpannekake og ei kanne kaffi i kiosken til korpset. Eg høyrer og ser at mange kjøper halvfabrikata for å gjere det enkelt og for å ikkje mislykkast. Rotet vert no det same omtrent.  Oppskrifta nedanfor er enkel, og kaka er populær.  Til barneselskap kan ein pynte den med smågodt.  Sjølv har eg smakt kaka, men den vert for søt for meg.

Kaka er utan egg.


Sjokoladekake m/kefir

(stor langpanne ca 5 l)

11 dl kveitemjøl
5 dl sukker
3 ms kakao
4 ts natron
2 ts kanel
2 ts vaniljesukker

1 l kefir
300 g smelta margarin
1. Set omnen på 200 grader.
2. Ha bakepapir i ei stor langpanne.
3. Smelt margarinen. Avkjøl litt.
4. Bland saman det tørre.
5. Rør inn mjølka. Røra skal bli klumpefri, men ikkje seig.
6. Rør inn margarinen og ha røra i langpanna.
7. Steik kaka i ca 40 minutt på nederste rille.

Glasur:


100 g margarin
2 ms sterk kaffi (Kok kaffi: Ha 2 ts pulverkaffi i ½ dl kokande vatn)

1 ms kakao
1 ts vaniljesukker
250 g melis

1. Smelt margarinen (her kan du ikkje bruke flytande margarin) og ha i kaffi.
2. Sikt i resten av ingrediensane.
3. Ha glasuren på kaka medan ho er lunken.
4. Pynt kaka etter eigen fantasi!

17.mai-stemning på Hareid den 15.

I dag hadde handelsstanden fått samla alle korpsa i kommunen til eit felles tog.  Flott ver bidrog til reine 17-mai-steminga.  Så mange korps får vi ikkje høyre då.

I Ørsta var eg van med at alle krinsane kom til sentrum til felles tog. Vi gjekk i tog ut ungdomsskulen.  Der var mange som ikkje gjekk i korps eller speidar, så dei gjekk saman med klassa si.  Alle klassene hadde faner.  Her feirar kvar krins for seg.  Det gjer at toga vert noko korte.

Men i dag var altså toga samla til felles jegermarsj.

Resten av ettermiddagen har gått med til grilling på altanen og hagearbeid.  Vi har testa ut Coop-kjeden sine 3 for 69-pølser.  Dei argentinske fall i smak her.

fredag 14. mai 2010

Frå boblejakke til bikini?

OK, det er kanskje å overdrive, men veret har endra seg raskt dei siste dagane.

I dag hadde vi ærend i næraste tettstad, Ørsta.  Sjølv kjøpte eg meg ikkje så mykje der.  Men vel heime på Hareid skulle eg kjøpe mat på Prix då eg oppdaga denne planten.  Det er ein engletrompet datura.  Vert han ikkje flott saman med appelsintreet?  For dei som lurer: Den gamle engletrompeten, kvite lever.  Det gjer også pasjonsblomsten.


Denne vesle tassen fekk vi hit i går.  Han har overnatta på vaskerommet vårt.  No tippar vi at han er på veg frå Ørsta til sin eigen heim hos Amanda.  Vår kanin, Nusse, er faren.  Marlon, den andre kanina vår, er onkelen.  Men veslekanina er prikk lik onkelen som bur i nabohagen.  Morsslekta har vi ikkje kontroll på. 

torsdag 13. mai 2010

Svar på tiltale

Frå Piratforlaget fekk eg ei hyggeleg tilbakemelding:
På nye Pirat-utgivelser kommer vi til å legge oss på en standard med ca. 5 minutters lengde.
Kjekt synest eg.  No har Olaug vist meg at der finst ein spoleknapp på MP3-en ...

Frøkna funderer på kva språk ho skal velje på ungdomsskulen. 
Det var sikkert derfor eg kom på dette diktet vi måtte pugge i tysk.

Heinrich Heine: Buch der Lieder

Im wunderschönen Monat Mai,
Als alle Knospen sprangen,
Da ist in meinem Herzen
Die Liebe aufgegangen.

Im wunderschönen Monat Mai,
Als alle Vögel sangen,
Da hab ich ihr gestanden
Mein Sehnen und Verlangen.

onsdag 12. mai 2010

Eg skulle berre ...

... levere eit par bøker på biblioteket.  Men så kom desse opp i nettet mitt.  Eg kjem vanlegvis ikkje på at det går an å låne seg bøker til å bla i.  Ein treng ikkje eige alle bøker.

tysdag 11. mai 2010

Coca-Colakake

I dag hadde vi kake til dessert på skulekjøkenet, nærare bestemt Coca-Colakake.  På førehand snakka eg om at colasmaken nok ikkje trenger gjennom smaken av sukker og kakao.  Kva gjer då colaen i kaka?  Saman med surmjølk og natron gir den nok kaka eit ekstra løft.  Lett og luftig vert den .  Dei karane som laga kaka, synest der var alt for mykje sukker i.  Til det er det berre å seie at sjokoladekake er ikkje kvardagskost. Til stor langpanne er det berre å doble denne oppskrifta.

Coca-Colakake
2 1/2 dl cola
1 1/4 dl soyaolje (ev. rapsolje)
125 g margarin
3 ms kakao

5 dl sukker
5 dl kveitemjøl
½ ts salt
2 ts vaniljesukker
2 egg
1 ¼ dl biolamjølk, naturell (ev, cultura)
1 ts natron

2 ms melis


Slik gjer vi:

1. Set omnen på 180 grader og ha bakepapir i ei form på ca 24 x 34 cm, 5 cm djup.

2. Varm opp cola, olje og margarin i ei panne. Lat det koke opp medan du rører heile tida.

3. Bland sukker, mjøl, salt og vaniljesukker i ein stor bolle.

4. Tilset colablandinga litt etter litt og rør godt.

5. Tilset egg, culturamjølk og natron og rør godt.

6. Hell røra i forma og steik kaka midt i omnen i ca 45 minutt.

7. Dryss over litt melis til pynt.

måndag 10. mai 2010

A home without a cat is just a house

I juli skal denne kome å bu hos oss!

søndag 9. mai 2010

Konfirmasjonshelg i bygda


Det vert lagt ned mykje arbeid i ein konfirmasjon, ikkje berre i familien til konfirmanten, men også i andre heimar.  Ikkje minst vert det baka kaker til slekt og vener.  Her var det to konfirmasjonsgudstenester laurdag og ei søndag.

I dag har eg gjort eit dagsverk som kjøkenhjelp.  Eg hadde med meg heimebaka brød som eg har skrive om før.  Elles har eg gjort vanleg arbeid som å ta imot koldtbord, varme kylling, koke kaffi og ikkje minst vaske og rydde opp.  Tida fyk når ein har mykje å gjere.

Elles har det vore snø i lufta.  Kanskje det held heilt til den 17.?

P.S.
Orkidéen fekk vere illustrasjonsfoto sidan eg fekk den av tanta mi til konfirmasjonen i fjor.

laurdag 8. mai 2010

Klagemål og sidemål

Erfaring har lært meg at det ikkje alltid løner seg å vere fornøgd kunde.  Du kan risikere å bli sittande ganske lite nøgd.  Som då eg sat med svidd hamburgar på Karl Johan medan dei andre sine var passeleg steikte.

I dag tok vi med eit par tomånadersgamle sko attende til ein butikk med 100% fornøgdgaranti.  Til ein pris godt over 1000-lappen, reknar ein med at  kvaliteten bør vere god.  Vi fekk nye sko og vart 100% fornøgde.  Ein får berre håpe det varer.

Så er det dette ein irriterer seg over.  Skal ein berre halde fram å irritere seg, eller skal ein seie frå.  I går og i dag har eg irritert meg over Piratforlaget.  Med 10-15 minutts lange spor på CD-ane, kan ein ikkje ta pause når ein vil.  Vert ein avbroten, kan det bli mykje oppattlytting. 

Eg skreiv ein mail til dei på høfleg, stivt sidemål og forklarte dei problemet.  Så står det att å sjå om når fram.  Synd dei ikkje har fornøgdgaranti!

P.s.
Eg vart fornøgd med den nye hamburgeren.

Bok 19: Grei underhaldning

Eg har sett forfattaren, legen som skriv på fritida, på frukost-TV, og fått lyst til å lese bøkene hennar.  No er eg usikker på om bøkene hennar eg serie-bøker, eller om dei har ulike krimheltar. 
Det som først overraska meg, var at handlinga var lagt til Paris.  Orla Os, etterforskaren, er frå Vesterålen og er tidlegare lege og rettsmedisinar.  Ho har gifta seg rikt i Frankrike.  Mannen døyr, men ho held fram med å jobbe i Paris.  Les gjerne meir her.

Etter mi meining er romanen spennande og godt oppbygd.  Eit pluss for god slutt.


fredag 7. mai 2010

Gårsdagens fangst på biblioteket


No har eg lese ut "Skyggemannen".  Bokmelding kjem seinare.  Men blogglesarane kan no gjette kva bok eg skal lytte til når eg no skal vaske hus!

torsdag 6. mai 2010

Bytur


I dag kom eg fram til at radiusen på bevegelsane mine siste to vekene, har vore nokså minimal.  Eg følte behov for litt byluft.  Ærendet var som vanleg ein tur innom folkebiblioteket.  Elles vart det shoppa lite.  Butikkane la opp til handel til den 17., ein dato eg til no ikkje har ofra så mange tankar.
I fjor kjøpte eg ei slik krydderpotte med tre ulike krydder i til ei venninne.  For seint kom eg på at eg skulle ha kjøpt ei til meg sjølv og.  Men i dag fekk eg ein ny sjanse.  Alle pottene inneheldt rosmarin og timian.  Dette er krydder ein kan ha glede av heile sommaren.  Timianen overvintrar nok også.  Den tredje planten kunne vere salvie eller oregano.  Sidan eg har oregano både inne og ute, fall valet på salvie.  Det er eit krydder eg ikkje kan hugse å ha brukt.  Så eg tek imot alle tips!

onsdag 5. mai 2010

Vår ute - haust inne?


I dag jobba eg i hagen ein times tid.  Eg har lagt aviser der eg vil ha svart mold, med mold oppå.  Litt ugras fann eg sjølvsagt og noko daudt eg kunne kaste i komposten.  Temperaturen er ikkje noko å skryte av.

Inne i vindaugskarmen har novemberkaktusane fått ein ny vår.  Orkidéane er kjekke med at når den eine blomstrar av, kjem dei som ein har sett til side med nye knuppar.

tysdag 4. mai 2010

Hææærleg i bya for tida

Sist eg hadde eit rettskrivingsinnlegg, gjorde ein blogglesar meg merksam på hææærlegkampanjen.
No har dei gjort det igjen.  Dei spelar vel på "byadialekta".  Alt er herleg med æ i overskriftene.  Men i sjølve tekstane skriv dei herleg.  Så då skulle vel alt vere greitt?
Ikkje for ein norsklærar, nei.  På lærarskulen lærte vi at ein skulle aldri skrive feil på tavla, eller i alle fall aldri la dei stå der.  Då festar orda seg til hjernen vår som feil ordbilde.  (Når eg skriv det med tre æ-ar, reknar eg med at ingen blogglesarar tek skade.)
Men så var det den stakkars butikken med namnet som gjer at han ikkje får vere med i det gode selskap.

P.s.
For dei som vil sjekke herlig i ordlista.

4. mai 2010 kl 7.30

måndag 3. mai 2010

Brød med baktanke

I går laga eg dobbel porsjon, d.v.s. ca 5 l minestronesuppe.  Eg fann ut at med eit godt brød attåt, ville der kanskje vere att til i dag.  I staden for å lage groper med olivenolje i, putta eg heile oliven i foccaciaen Ingen var skeptiske her, og det brødet som ikkje forsvann til middagen, var i alle fall vekk før kveldsmat!  Frisk rosmarin vert nydeleg når den vert steikt saman med salt!

søndag 2. mai 2010

Jamie Oliver's Food Revolution Episode 1 Part 1


Til dei som har slite med å legge ut frå YouTube, må eg berre seie at dette kom inn på bloggen før eg hadde tenkt meg om.  Stikkord: Del, blogger.

Årets første: Skvåsjnytt

Vanlegvis sår eg skvåsjfrø i torvpotter 1. mai.  I går fann eg rett og slett ikkje att nokre torvpotter som eg veit eg skal ha ein plass.  Så no sådde eg frø i seks potter.  Om ei veke kjem eg til å så nokre ekstra. 

Gratulerer Vebjørn!



I dag vil vi gratulere Vebjørn som fyller 4 år!
Her kan du lese meir om namnet ditt!

laurdag 1. mai 2010

1. mai

I dag har eg retta unna prøver og tentamenar.  Dette er ein jobb som let seg kombinere med litt gjærbakst.

Her i bygda er det ikkje konfirmasjonfør neste helg.  Søndag har eg lova å hjelpe ei venninne.  Eg spurde henne og om eg skulle bake ei kake.  Ho meinte det ville bli nok kaker, men konfirmanten hadde så lyst på focaccia til koldtbordet/buffeen.  Mora meinte det ville vere godt med valnøttbrød. 

Elles har det vorte tid til litt avslapning på altanen og.  Sola har kika fram mellom bygene.  På Melshornet er det nysnø.