onsdag 30. juni 2010

Dagens blomst 30 juni: Tettegras



Vanleg tettegras Pinguicula vulgaris

tysdag 29. juni 2010

Bok 28: Veien

Vanlegvis les Øystein og eg ulike bøker, men no har eg gjeve meg i kast med amerikanske forfattarar som han liker å lese.  I dag har han lånt papirutgåva, slik at vi snart kan sjå filmen.

Cormac McCarthy er også ein av dei som vert rekna som dei fire store samtidsforfattarane i USA.  Dei andre tre er Philip Roth, Thomas Pynchon og Don DeLillo.

Veien handlar om ein far og ein son som er på vandring etter den store katastrofen.  Dei kjempar for å overleve på veg sørover.  Skildringane kan til tider vere grufulle. 

I utgangspunktet synest eg temaet var lite interessant.  Korleis kan ein fylle ei bok berre med samtalar mellom far og son langs ein veg?  No må det seiast at dei både seg og opplever ting langs vegen.   Men kjedeleg vert det ikkje, kanskje noko trøsteslaust til tider.  Heldigvis var ikkje slutten heilsvart.

Les gjerne meir om boka her, og les denne prisløna boka! 
Det skal bli interessant å sjå filmen, for ein dannar seg mange bilde medan ein les.  Viss det går an å seie at ei bok er visuell, så er denne absolutt det.

God reiskap er halve jobben?

Hagesaksene mine var i alle fall så dårlege at eg brukte dobbel tid på arbeidet.  Eg måtte vente på at dei sleppte ut att om de forstår kva eg meiner.  Så i dag tok eg meg ein tur på Bygger'n på Hareid.  Eg kjøpte like godt to ulike.  I tillegg vart det med ein reiskap til 10 kr.  Skal tru kva eg skal bruke den til?  Ei lita samanleggbar sag til 200 kr, fann eg ut var for dyr til dei villskota på rosa rugosaen som skal sagast vekk.  Men kva finn eg på Nille?  Ein billeg variant til ein tidel av prisen!  Eit par hagehanskar var ærendet dit. 

No har eg laga taco til gjengen.  To av dei for på Godøya.  Med så mykje nytt utstyr, gler eg meg til neste hageykt!

P.S.
Om nokon lurer på prisar, så betalte eg akkurat 200 kr på Bygger'n.  Hagehanskane kosta 10 kr paret, så på Nille vart det 40 kr.

Dagens blomst 29. juni: Molte

Molte Rubus chamaemorus
På Hareidlandet er det myrlandskap, og ein finn molter mange stader.  Molteblomsten er særbu.  Det er eigne hann- og hoblomster.  Eg meiner eg lærte på gymnaset at dei raude var hannblomster.  I floraen min går det ikkje klart fram.

Molter er populære bær.  Dei inneheld både rikeleg med C-vitamin og benzosyre (naturleg konserveringsmiddel som ein og finn i tyttebær).  Det var derfor ideelt å ha med seg på sjøreiser mor skjørbuk.

måndag 28. juni 2010

Hagedag

Eg er litt usikker på om eg har rota eller rydda i hagen i dag.  Eg har i alle fall styrt på.  Av alle blomster, trur eg peonar og roser er mine favorittar.  Dei kjem med sommar og ferie.  I dag hadde den første peonen sprotte ut.  Berre ein rosesort har kome med blomster til no.

Vi kallar denne Anne Kirstinerosa fordi vi har fått henne av Anne Kirstine.  Kanskje nokon veit der rette namnet?
Katten får kome ut, og Lucy vil vere der det skjer!
I dag fann Luvy på at ho ville klatre i tre.  Vi var mest spente på om ho ville kome seg ned att.  "Han kom i alle fall fort ned att", var kommentaren til han som hadde sleppt ut katten.  Eg trur granhekken såg ut som eit golv.  Men kattar kjem alltid ned på beina.
I dag har det vore ypperleg skvåsjver, litt regn og litt sol.

Dagens blomst 28.juni: Storkenebb

Når eg leitar etter det latinske namnet, ser eg at der finst fleire medlemer i denne familien.  Eg trur dette er
Skogstorkenebb Geranium silvaticum

søndag 27. juni 2010

Dagens blomst 27.juni: Skogstjerne

Då vi skulle pynte til 10-andeklassefesten, fekk eg med meg nokre jenter ut for å hente blomster. Vi fann lupinar som vi leita etter, men og nokre andre sortar.  Eg måtte sjølvsagt sjekke om dei kunne namna på mellom anna marikåpe. Nei, fekk eg beskjed om, det er ho besta som kan sånt.  Sjølv lærte eg dei vanlegaste blomsternamna av Besta.  På gymnaset var biologi eit av dei kjekkaste faga.  Vi hadde eige herbarium i 3. klassa. 

Då eg var lærar i 4. klasse, lærte eg elevane ein blomst kvar dag frå skulestart.  Vi hadde dei ståande på kateteret, og så teikna dei og skreiv litt kvar dag.  Kva dei kan i dag, veit eg ikkje.  Men dei kosa seg med det den gongen.

Eg har også blitt inspirert av Alt godt sine bilde frå Nord-Norge.  Sjekk bloggen hennar.

Sidan eg veit at mange av elevne mine er innom bloggen, så har eg tenkt at dei skal få lære noko i ferien og.  Vert ikkje det stas?

Skogstjerne Trientalis europaea
Dette er ein vanleg blomst som mange stader.  Eg tok dette bildet på Løset i dag.

Fjell før fotball

Det er ikkje akkurat badetemperaturar på Sunnmøre for tida.  Med overskya ver og temperatur rundt 15 grader, er det fint å ta seg ein fjelltur.  Vi la turen til Løkeberget.  der har eg faktisk ikkje vore før.

Her ser de mot Hareid.  Melshornet er til høgre, og Snipsøyrvatnet er i midten av bildet.
Ringstaddalen mot Leikong.  Garnestua til høgre.



Her ser vi Storfjorden og Sjøholt heilt inst.  Melshornet er til venstre.

laurdag 26. juni 2010

Kattepassar

Frøkna er reist til England på korpstur, og dyra har ho overlete til oss å passe.  Eg fell sjølvsagt for freistinga til å oppdra litt.  I natt vart dette for utrivleg, så katten sov på golvet ved sida av kassa.  Men eg har knipe ho i å sove i kassa på dagtid.

No ser ikkje du meg ... som småungane bruker å seie.  Lucy "sensar" når eg har tenkt å sende ho ut att på rommet sitt.  Det er mykje kjekkare å vere i stova og gjere ugagn.
Ein av dei tinga eg vil trene ho i, er å vere ute.  Det må no vere kjekt å helse på andre med pels.  Dei to hannkaninane likar ikkje kvarandre i utgangspunktet. Men her er dei like nysgjerrige.
Sjå kva Nusse har!  Ein ball med bjelle! Eg får ta meg ein tur inn og sjå.  Eg klatrar over gjerdet!
Nusse vil ikkje leike med Lucy, men eg trur ikkje dei vil skade kvarandre heller?  Kaninane går ute heile dagar i fred for kattane i nabolaget.

Ein ting har Lucy respekt for: Plenklipparen.  Vi let opp døra då Øystein slo der uteburet til eine kaninen skulle stå.  Ho vart livredd.  Seinare på dag starta Håkon plenklipparen på andre sida av huset.  Då høyrde vi katten remje sårt.

Bok 27: Gudsfrykt


I denne boka tek forfattaren om ikkje eit oppgjer, så i alle fall ein gjennomgang av livet til mors si og sin eigen oppvekst.  Ho finn stoff i ei bok mora har skrive om ei kvinne som liknar henne sjølv, og ho brukar eigne minne.

Foreldra til Margaret treff kvarandre på bedehuset i ei såkalla vekking.  Dei vert haugianarar, noko resten av slekta ikkje er.  Det gjer at familien vert isolert, men det gir nok og sterkare samhald.

Margaret finn det ikkje lett å skilje seg ut.  For her er det langt hår og skjørt som gjeld.  Til og med radio kan vere synd.  Mora går heim frå julfest i protest når dei kjem til "Så går vi rundt om en enebærbusk".  Det vert for verdsleg.  Det same seier dei om presten.

I starten på boka var eg skeptisk.  Er dette interessant for andre enn forfattaren?  Skal ein ulevere sin eigen familie på denne måten? Eg meiner at ho greier å balansere dette fint. 

Innimellom det triste og vanskelege, får vi glimt av artige episodar.  Som då ho klipper håret, noko ho har bestemt seg for å gjere så snart ho er konfirmert.  Kva skjer? Jau, ho har kortare hår, men kva anna har forandra seg?

Det er ein streng og bokstavtru religion som vert skildra.  Margaret vert skremt av forteljingane frå Det gamle testamentet med ofringar og krigar.   Ho fryktar straff frå Gud.

Og så kjem det store spørsmålet for meg: Er boka aktuell i dag?  Her i bygda er det muslimar som skil seg ut i klesvegen, men ein skal vel ikkje så langt for å finne kristne sekter.  Korleis har borna det?  Kleda er ein ting, verre er det med svartsynet som følgjer med.

fredag 25. juni 2010

Bloggarar på shopping

I dag gjorde eit Lappetausa og Strikkemor(o) alvor av å ta seg ein tur gjennom tunnelen.  I fjor vart det berre med pratet.  Besta og Besten, som dei heiter i bloggverda, stilte med lunsj i Ørsta og tok bloggarane med i baksetet til Ulsteinvik.  Der møttest vi på Amfi.  Det viste seg raskt at kusina mi og eg har ganske lik smak både når det gjeld koppar og sko!

Butikkane vi konsentrerte oss om låg i og rundt Krukkehuset.

På Hareid venta sveler og kaffi.  Besta hadde og med rabarbrakake. 

P.S.
Oppskrifta på svelene finn de her.

Avslørt! del 2

Alle menneske og dyr har vel sine særheiter. Lucy viser seg å ville sove på øverste hylle, bokstavleg talt. No er det strengt tatt ikkje ei hylle, men ein rull med plastsekker.  Om kvelden legg vi henne i kattekassa saman med bamsane.
Og så er det morgon og på tide å stå opp!  Du skal vekke Olaug!
På vegen bortover knaggrekka strekkjer ho seg gleire gongar.

Og så skal vi få sjå teknikken ho har lært seg.

De forstår sikkert kva ho har gjort med tøyet som var på strykebrettet.
Nedover går det.
Om det er same metoden ho brukar oppover, veit vi ikkje.  Lucy har nok forstått at vi vil ho skal ligge i kassa.  Ho vert putta i seng vennleg og bestemt kvar kveld.
No skal eg legge Lucy i kassa att.  I natt skal eg prøve med plastsekker i kassa i staden for bamsar.

torsdag 24. juni 2010

Sommarlitteratur

I dag har eg vore på biblioteket og skaffa meg litteratur til sommaren.  Dei to papirbøkene er nynorske.  I fjor bestemte eg meg for at det som skal lesast i papirutgåve, skal vere på nynorsk.  I år må eg vel føye til engelsk også. Boka i midten av bildet er filma.  Eg kjøpte DVD-en til Øystein.  Han vil lese også lese boka før vi ser filmen. 

Han sikra seg dessutan verdslitteratur på sal på biblioeket.  Der ligg store mengder bøker til 10 kr stk. Siste frist laurdag.

No ønskjer eg meg varme og solrike dagar der ein kan sitte i sola og kose seg med ei god bok!

Gratulerer Einar!

I dag fyller Einar 23 år!  Mimrebilda er frå eit anna VM-år, nemleg 1994.  På andre bilde har han og broren T-skjorter med USA - here we come.
Som storebror er du også forbilde.


Her har han teikna favorittlaget sitt, Tottenham.
Meir fotball!  Kan ein ikkje spele ute, så er dette spelet eit alternativ.  Kan det ha vore i barnedapen til broren?  Mora har i alle fall gjort eit forsøk på å pynte karane med kviteskjorter.  Vanlegvis gjekk det ikkje mange minutt før dei hamna utanpå buksene.

Kva er arv og kva er miljø? Dette har vore det store spørsmålet i vinter.  Einar var ikkje gamle karen før vi såg at han var ein arbeidsmaur.  Det var ikkje store fakter på han, men han styrte med sitt, jamnt og trutt.  Bad vi han om ei teneste, vart ho gjort med ein gong, ikkje utsett slik andre har ein tendens til.   At det er fotballen som får glede av den frivillege innsatsen hans, ja der kan nok miljøet spele inn ...

onsdag 23. juni 2010

Bok 26: Hvermann



Då eg begynte på denne boka, tenkte eg at dette var nok ei bok om "gammal mann som ser attende på livet".  Det er det.  Men sidan ein har omsett boka, må den vere bra?  Det er trass alt eit nålauge å bli omsett til norsk.

No kjem det inn frå sidelina her at Philip Roth er jødisk forfattar og ein av dei såkalla fire store saman med mellom anna Cormac McCarthy.

Hadde dette vore ein "skulestil" hadde eg gjeve pluss for språk og idé.  Boka er godt oppbygd.  Forfattaren skriv med humor og snert om eit heller deprimerande tema; forfall eller "forgjengelighet" som denne anmeldaren seier.



No news is good news?


Dette gjeld ikkje skvåsjnytt!  Halvparten av dei fire plantane er vekke!  Dei nok ikkje tolt det kalde veret.  Eg var vel fpr sløv nokre kveldar med høljregn.  Då skulle eg vel ha sjekka for sleipe skadedyr.  De ser at dei har tatt seg ein jafs av den største planten min og.
Om det er dei same små grå som har gått laus på ruccolasalaten, vitest ikkje, men 16 stykker måtte bøte med livet i går kveld.  Så får vi håpe at venene deira er kjøtsvoltne, slik at plantane får stå til dei også vert ferska!

tysdag 22. juni 2010

Gratulerer Øystein!

I dag kan vi gratulere forfattaren i huset med dagen!  Vi kan og gratulere han med dikt i det shetlandske magasinet The New Shetlander.  Observante lesarar hugsar kanskje denne dama. Ho har omsett dikta til "shetlandsk".  Øystein har fått hjelp til å omsette dikta sine til engelsk. Viss de trykker på bildet under, kan de lese dikta og sjå kven dei gode hjelparane har vore.

Avslutning

I dag var vi på avslutningstur til Rekkedal Gjestehus.  Det er eit flott gardstun der ein også fekk gå inn og kike i nokre av husa.  Vi fekk servert nydeleg trerettars middag.

Plassen har sjølvsagt si eiga heimeside.


søndag 20. juni 2010

Avslørt!

No sit ho der igjen.  Men ho er avslørt!  Tidlegare i dag la Lucy seg oppå plastsekkene.  Vi let ho ligge.  Ei stund etterpå låg ho i kassa si.  Så no er vi trygge for at ho kjem seg ned på eiga hand.  Men det siste eg gjer før eg legg meg, vert nok å legge katten saman med bamsane.

Bok 25: Ritualer



Dette er ei ny bok med politietterforskaren Jack Caffery.  Men vi blir og kjend med dykkaren Flea Marley. Eit lurt trekk av forfattaren, for Jack Caffery sitt privatliv er litt oppbrukt, medan Flea Marley er ein interessant person å bli kjend med. Foreldra og bror hennar omkom då dei dykka i Sør Afrika i Bushman's hole.  Les meir om desse grottene her og sjå bilde her

Romanen startar med at Flea Marley finn ei hand som er kutta av eit menneske som er i live.  Ein får lære meir om afrikanske heksekunstar.  Som vanleg i Mo Hayder sine romanar oppsøker ein dei verste strøka i byen, som no er Bristol.  Boka er grotesk og uappettleg innimellom.  Løysinga er logisk.  Vi får også forklaringa på klarsynet Flea Marley opplever når ho prøver eit av dei narkotiske stoffa som vennen til faren forskar på.

Les gjerne meir på Bokkilden

Elles ser eg på nettet at der i alle fall er to romanar til med Jack Caffery, på engelsk vel å merke.  Det spørs om eg ikkje no først må gje meg i kast med "The return".  Aller helst vil eg ha bøkene omsette og innlesne!

Gratulerer Margrete!

I dag har systra mi fødselsdag.  Berre vent, sa eg i dag tidleg!  No har eg funne fram nokre bilde frå 1978.  Eg hadde tatt over som familiefotograf.  Desse første bilda er frå 10-årsdagen hennar.  Kista er gåvebord.

Gjestene.
Dette er gjengen i gata ein annan dag.
Ferien gjekk til Danmark det året.  Her er vi på Kronborg slott.
Margrete var minst og dyreinteressert.  Ho var nok i rette alderen for Legoland det året.  Frøkna her i huset har ein del til felles med tanta!

Vi gratulerer!