søndag 26. september 2010

Vegen og funnen for lett

I dag plukka frøkna inn ein av dei søte piggsvinungane for å vege han.  Det skal nok godt gjerast at han vert 750 g og greier vinteren.  No matar ho han med ulike typar kattemat.  Skal tru om ein varm oktober gjer at han legg seg i dvale seinare?

2 kommentarer:

Besta sa...

Synest det er trist viss ikkje pinnsvinungane overlever vinteren. Men det kan no berge dei at dei får godt med mat. Fisk kan dei vel også ete?

solveig sa...

Ho hevdar at dei ikkje skal ha det og gir dei ulike typar kattemat. I dag kokte eg alt avskjer, fiskehovud m.m. til katten. Så et vel dei som vil ha. Dei får ikkje i seg salt då i alle fall.