fredag 24. september 2010

Sjokoladekake med appelsin og valneter

I dag hadde eg nokre tiandeklassingar med meg på kjøkenet.  Dei hadde fåttt velje fritt kva dei ville lage.  Ei av dei hadde funne denne oppskrifta på tine.no.  Eg ser at i ein del moderne oppskrifter er smør erstatta med mager kesam.  Kaka blir då magrare, men med rikeleg sukker, så noko slankekost er det ikkje.
Rund form 24 cm eller lita langpanne.

3 egg

2 dl sukker

1 dl hvetemel siktet
½ ts bakepulver
½ dl kakaopulver
2 ts vaniljesukker
¼ ts salt

3 dl TINE Kesam Mager eller Kesam Naturell
1 appelsin , rive skal av
50 g hakka valneter

Set omnen på 200 grader.

Visp egg og sukker til eggedosis.


Bland sammen dei tørre ingrediensane og vend dei i eggedosisen saman med Kesam, rive appelsinskal og hakka neter. Rør lett til alt er blanda.

Hell røra i en godt smurt form og stek ho ca 30 minutt.

Server kaka kald, gjerne med krem og bær til.
 
Vi piska krem til kaka.  Pyntinga la eg meg ikkje bort i.  Eg synest det var godt påkome å bruke resten av appelsinen og pynte med heile valneter.

2 kommentarer:

Besta sa...

Er det ein slags brwnies?(Som eg for øvrig aldri har smakt, sidan sjokoladekake IKKJE er av dei største freistingane-for meg.)

solveig sa...

Ja, like søtt. Elevane elskar slike kaker. Med krem og frukt til, så vert det godt!