torsdag 9. september 2010

Seikarbonadar

Når mannen i huset skal lage middag tyr han gjerne til steikt fisk og kokte poteter. Tilbehøret er raspa gulrot. Når eg skal lage fiskemiddag, så må eg stå for variasjonen. I dag tok eg utgangspunkt i nokre søtpoteter som eg kjøpte på Mega i byen i går. Der låg forresten nokre bittesmå jordskokkar ved sida av. Det har eg rikeleg av i hagen, men eg har ikkje begynt å hauste av dei enno.
I dag bestemte eg meg for at grønsakene skulle vere runde.  Eg hadde skvåsj, løk, poteter og søtpoteter.  Eg risla over olivenolje og krydra med salt, pepar og Cemo potetkrydder.  Eg synest det vert best resultat når grønsakene har god plass.  Så får ein ha det opp i noko penare når ein serverer dei.

Besta har reklamert for denne oppskrifta som i den gule kokeboka heiter "Grove seiburgarar".  Mine var litt halvgrove med tanke på dei som skal ete dei.

1 ms hakka løk
ca 300 g seifilet
1/2 ts salt
1 krm pepar
2 ts potetmjøl

(1 båt kvitløk)
(1 ms grasløk, timian, finklipt)
3/4 dl iskald lettmjølk/vatn

Eg hakka løken i foodprosessoren først.  Deretter hadde eg i fisk og pepar, køyrde det forsiktig nokre sekund før eg spedde med mjølka.  Ei slik oppskrift gir 4 karbonadar.

2 kommentarer:

Besta sa...

Trur eg må prøve den grønnsakoppskrifta no når eg har squash i huset. Søtpoteter etc. har dei på COOP-så det skaffar eg lett.
Eg lagar desse karbonadane når eg har småsei som eg skal bruke opp. Fiskekaker i store mengder lagar eg sjelden til oss så lenge eg har tilgang til fisk nesten kvar dag. All mat er best nylaga.

solveig sa...

Når ein brukar foodprosessor går det raskt å lage fiskekaker. Eg steikte i to steikepanner til oss 4.