fredag 3. september 2010

Kantinerundstykke


I år har vi kome i gang med eit tverrfagleg opplegg på onsdagane.  Eg har kantinegruppa for tida.  Som de veit er eg alltid på jakt etter lettvinte løysingar.  I år er har eg laga ny oppskrift på kantinerundstykke.  Eg har desse ingrediensane i bollen på Kenwoodmaskina:

2 pk gjær
1 l mjølk
1 kg grovbakst
1 kg kornbrød (Møllerens bakemix)
3 dl kokvarmt vatn (på toppen!)

Maskina får kna deigen i 5 minutt.
Etter ein halv time kan elevane trille ut emne på 80 gram til runde og fine rundstykke.

Onsdagane har eg laga eit par bolledeigar klokka 8.  Dei vert ferdig heva til klokka 9 når vi startar.  Ein elev får då i oppdrag å lage 2 deigar til rundstykke som dei kan trille ut etterpå.  Då set eg berre alle ingrediensane på benken.  Det einaste dei må hugse er det varme vatnet som vi kokar i vasskokaren.  Enklare kan det vel ikkje gjerast?

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg er ikkje flink å lage gode rundstykke, kanskje er skal prøve desse?Kanskje eg har brukt for lite gjer, men ein treng vel ikkje meir enn ein pk.viss dei får heve lenger? Kva temperatur skal melka ha?
Såg du sveletipset på FB?
Kefir + natron, stå og heve 1/2 time før ein har det andre oppi, skal gjere svelene lette og luftige.

solveig sa...

Det har eg ikkje sett. Trudde natronen helst ikkje skulle vere oppi så lenge ...
Mjølka kjem rett frå kjøleskåpet. Derfor kokande vatn som kjem oppå mjølet.

solveig sa...

P.S. Heime ville eg hatt eit par egg oppi.