torsdag 17. juni 2010

Avslutningfest

I dag er det avslutningsfest i tiande.  Eg er både lærar på trinnet og mor til ein elev.  Det er både vemodig og godt når ein epoke er over.  Eg brukar å seie at lærarar er som kattemødrer, vi gjer oss ferdig med  kull og tek imot nye.  Mor er ein for resten av livet, med flest gleder og nokre bekymringar.

Til festar høyrer det med "mat på fat".  Når ein berre har eit par timar til å lage middag og kvile seg litt, er det greit å ha ei enkel oppskrift å ty til.  Eg har laga AltGodt si sjokoladekake to gongar denne veka.  Det går raskt medan potetene kokar. Tysdag såg eg ein kar stå fremst i køen og sikre seg to stykke... Det enklaste er ofte det beste.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Takk for oppskrift, alltid kjekt å sjå innom bloggen din.