På Mammutsal i byen kom eg over denne kokeboka. Eg kjøpte den m.a. p.g.a alt kulturstoffet. Det kan hende det kjem til å drype litt på blogglesarane framover. I dag vert det litt om kaffi:
På slutten av 1700-talet gjorde kaffiimporten sitt inntog. Kaffien kom frå Tyrkia til Frankrike, og bruken spreidde seg nordover i Europa. I somme krinsar tok dei imot han med glede og såg han som ei motvekt til alkoholhaldige drikker, men i område der dei produserte vin, vart det stor motstand mot denne nye drikken. I Tyskland førte det til forbod mot å bruke kaffi. At styresmaktene oppmoda folk om å melde i frå om det lukta kaffi hos grannen, syner alvoret. I Norden var det lite produksjon av alkoholhaldige drikker. Kyrkja tok ikkje avstand frå kaffien, men det dansk-norske bondelaget sende ut eit protestskriv som skildra alt det uheldige som kunne hende den som drakk kaffi.
1 kommentar:
Ikkje noko nytt under sola altså.Ein brukte også den tida alle slags knep for å fremje sine eigne interesser.Lat det berre dryppe litt "matkultur", det er interessant.
Legg inn en kommentar