Når ein arbeider heime med stillesittande arbeid, kan det vere godt å lette på seg av og til. Då passar det bra med brødbaking. Dette flate brødet laga eg på same måte som focaccia. Eg hadde olje på deigen og trykte det ut med hendene. Etterpå ruta eg det opp med deigskrapa. Dette er ein lettvint måte å lage småbrød på. I dag hadde eg solsikkefrø og havregryn i deigen.
Så fall eg for freistinga å lage ein focaccia. Den står i omnen no. Studenten kjem fram i halv tolv tida i kveld. Han har vore i hovudstaden i helga på ACDC-konsert. Han kjem nok til å gjere eit innhogg i yndlingsbrødet sitt.