søndag 6. juni 2010

Gelé på 1-2-3

Frøkna hadde bestemt at ho ville ha gelé i selskapet sitt.  Vi snakka først om stripete gelé i glas.  Det har vi laga før, me stetteglasa frå den gongen eksisterer ikkje meir.  Då fann vi ut at vi kunne bruke dessertskålene vi arva av farmora hennar.
På gelepakkane står no at ein skal drysse gelépulveret oppi panna.  Det har eg aldri gjort! Kvifor skitne ut den? Eg har vanlegvis pulveret i skåla, men i går brukte eg eit litermål slik at det skulle bli lett å fordele geléen i skåler etterpå.  Som vanleg brukar vi halvparten kokande vatn, og etter nokre minutt heller vi kaldt vatn i skåla eller litermålet.  Når ein i tillegg brukar frosne bær, stivnar gelén på kort tid.

1 kommentar:

Besta sa...

Den framgangsmåten må du ha lært av mora di!