laurdag 26. juni 2010

Bok 27: Gudsfrykt


I denne boka tek forfattaren om ikkje eit oppgjer, så i alle fall ein gjennomgang av livet til mors si og sin eigen oppvekst.  Ho finn stoff i ei bok mora har skrive om ei kvinne som liknar henne sjølv, og ho brukar eigne minne.

Foreldra til Margaret treff kvarandre på bedehuset i ei såkalla vekking.  Dei vert haugianarar, noko resten av slekta ikkje er.  Det gjer at familien vert isolert, men det gir nok og sterkare samhald.

Margaret finn det ikkje lett å skilje seg ut.  For her er det langt hår og skjørt som gjeld.  Til og med radio kan vere synd.  Mora går heim frå julfest i protest når dei kjem til "Så går vi rundt om en enebærbusk".  Det vert for verdsleg.  Det same seier dei om presten.

I starten på boka var eg skeptisk.  Er dette interessant for andre enn forfattaren?  Skal ein ulevere sin eigen familie på denne måten? Eg meiner at ho greier å balansere dette fint. 

Innimellom det triste og vanskelege, får vi glimt av artige episodar.  Som då ho klipper håret, noko ho har bestemt seg for å gjere så snart ho er konfirmert.  Kva skjer? Jau, ho har kortare hår, men kva anna har forandra seg?

Det er ein streng og bokstavtru religion som vert skildra.  Margaret vert skremt av forteljingane frå Det gamle testamentet med ofringar og krigar.   Ho fryktar straff frå Gud.

Og så kjem det store spørsmålet for meg: Er boka aktuell i dag?  Her i bygda er det muslimar som skil seg ut i klesvegen, men ein skal vel ikkje så langt for å finne kristne sekter.  Korleis har borna det?  Kleda er ein ting, verre er det med svartsynet som følgjer med.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg har sjølvsagt lese denne boka, og kva eg meinte om den rett etterpå, finn du sikkert på bloggen min. Denne forfattaren er ikkje min favoritt, men mange av problemstillingane kjenner eg frå mi eiga barne-og ungdomstid.Då var det mange ting som vart halde for "synd",men eg kan ikkje hugse at nokon skilde seg ut i klesvegen eller med frisyrar. Sminke derimot...........