måndag 8. november 2010

Det beste i livet er gratis?

På jobb går vi inn i ein av dei travlegaste periodane.  Eg kom fram til at i dag var einaste sjansen eg hadde til å nå biblioteket i byen i opningstida. Og sjå kor heldig er var!  Bibliotekaren stadfesta at dei som begynner å lese Indridason, vert hekta.  Siste Lindell gler eg meg også til! 

Det andre ærendet var å kjøpe lang dundyne til yngstemann.  Eg veit ikkje kva slikt skal koste, men reknar med at halv pris på Kid er det ein må gi.  No har det nye sengesettet kome i vaskemaskina. 
Haustserviettar hadde dei ikkje selt mykje av i år, ikkje så rart kanskje?  Vinteren kom brått på oss.  Serviettsamlinga mi vart to pakkar rikare, så har eg meir å velje i neste gong eg dekkar haustbord.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg har rett og slett "streva" for å få folk til å lese islandsk krim. Godt eg har lykkast med nokre. Unni Lindell er ikkje min favoritt, (ikkje Anne Holth heller).
Wenche hadde kjøpt aldeles nydelig, deilige kunstfiberdyner til vi skulle komme.Mykje betre enn dun, spør du meg.Trur det er vanskelig å få selt dundyner, for det er stadig vekk tilbod på dei.
Men kvar sin smak. Vi brukar for øvrig dundyne her heime.

solveig sa...

Når ein kjøper gåsedun, så veit ein kva ein får ... trur eg ...

Besta sa...

Ja, men så er den heller ikkje billig?
Har høyrt mange skrekkhistorier om dun og fjør, men grunnen til at eg avstår frå å kjøpe herlige dunputer er at eg synest dei luktar.Fjør!

Besta sa...

Veit du forresten at DUNjakker er på moten igjen. I Kongsberg var der stort utval, men eg kjøpte ikkje dun-synest det ruvar vel mykje, og her er det vel framleis litt mindre kaldt enn der? Dei hadde for øvrig minus 10 i september og alt lauv var vekke for lengst.