laurdag 26. juni 2010

Kattepassar

Frøkna er reist til England på korpstur, og dyra har ho overlete til oss å passe.  Eg fell sjølvsagt for freistinga til å oppdra litt.  I natt vart dette for utrivleg, så katten sov på golvet ved sida av kassa.  Men eg har knipe ho i å sove i kassa på dagtid.

No ser ikkje du meg ... som småungane bruker å seie.  Lucy "sensar" når eg har tenkt å sende ho ut att på rommet sitt.  Det er mykje kjekkare å vere i stova og gjere ugagn.
Ein av dei tinga eg vil trene ho i, er å vere ute.  Det må no vere kjekt å helse på andre med pels.  Dei to hannkaninane likar ikkje kvarandre i utgangspunktet. Men her er dei like nysgjerrige.
Sjå kva Nusse har!  Ein ball med bjelle! Eg får ta meg ein tur inn og sjå.  Eg klatrar over gjerdet!
Nusse vil ikkje leike med Lucy, men eg trur ikkje dei vil skade kvarandre heller?  Kaninane går ute heile dagar i fred for kattane i nabolaget.

Ein ting har Lucy respekt for: Plenklipparen.  Vi let opp døra då Øystein slo der uteburet til eine kaninen skulle stå.  Ho vart livredd.  Seinare på dag starta Håkon plenklipparen på andre sida av huset.  Då høyrde vi katten remje sårt.

4 kommentarer:

Milena sa...

Det ser ut som du he det ganske kjekt med katten!Må sjå den snart!:-)

solveig sa...

Vi hadde alltid katt heime - og kattungar då eg var ganske lita. Men no er det 25 år sidan sist. Eg trur eg går litt i barndommen...
I dag har det vorte litt kattejakt ute og, ho forstår så godt når ho skal inn att. God trim for katten.

arieldog sa...

Vi mista ein kanin ein gong - katten drap den...

solveig sa...

Huff. Heldigvis er katten minst. I går var det forresten lyd i Nusse. Eg har aldri høyrt ei kanin brumme før, eg trur han skjende på Marlon.