tysdag 15. juni 2010

Ein epoke er over

I dag har vi vore på avslutningsfest i klasse 7A.  Frøkna er klar til å begynne på ungdomsskulen. "Eg" er også ferdig med barneskulen.  Det har vore nokre tørner med klassekontaktarbeid. Vi har også ein del møte og festar å sjå tilbake på.

Klassa hadde øvd inn mykje godt og variert program.  Både elevar og foreldre kosa seg. Som tidlegare barneskulelærar veit eg at det låg det mykje arbeid i! 

Fredag er siste dagen for elevane.  Vi har avtalt med katteigaren at vi kan hente kattungen om ettermiddagen.  Det er kjekt for henne å få stelle eit dyr til.  Så får framtida vise om det vil bli ein veterinær i familien!

2 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

Den følelsen med en epoke som er over kjenner jeg så godt igjen. Barna vokser veldig fort opp.

solveig sa...

Det er vemodig, men også godt!