onsdag 23. juni 2010

Bok 26: Hvermann



Då eg begynte på denne boka, tenkte eg at dette var nok ei bok om "gammal mann som ser attende på livet".  Det er det.  Men sidan ein har omsett boka, må den vere bra?  Det er trass alt eit nålauge å bli omsett til norsk.

No kjem det inn frå sidelina her at Philip Roth er jødisk forfattar og ein av dei såkalla fire store saman med mellom anna Cormac McCarthy.

Hadde dette vore ein "skulestil" hadde eg gjeve pluss for språk og idé.  Boka er godt oppbygd.  Forfattaren skriv med humor og snert om eit heller deprimerande tema; forfall eller "forgjengelighet" som denne anmeldaren seier.



2 kommentarer:

Besta sa...

Sikkert ei bok som høver for oss som har levd ei stund.Det er mange år sidan eg sa til ei veninne at problemet ikkje er alderdommen i seg sjølv, men forfallet som kjem gradvis.Og "forgjengeligheten" som ingen kan rømme frå.Nei, kanskje litt for deprimerande for gamle folk?

solveig sa...

Det var mykje sjukehusprat ... Men måten det er skrive på gjer det ikkje så deprimerande.