måndag 22. februar 2010

Vi du vere venen min?

No har eg altså, med god hjelp, kome meg på facebook.  Eg har lenge brukt som argument at eg ikkje trur eg vil få vener der.  Det blæs dei av.  Men ikkje alle her vil vere ven med meg.  Det ser eg på som eit sunt trekk.  Det finst folk som er vener med foreldra sine og skriv om ting dei ikkje har lov til.  Ikkje særleg lurt må eg medgje.

Kva eg skal på facebook er ei anna sak.  Men når Besta veit meir enn meg om andre familiemedlemer, føler eg eit visst press.  Viss dei vil vere ven med meg, altså.

Eg liker eigentleg godt bloggmediet.  Her kan ein legge ut det alle kan vite.  Dei som ikkje er interesserte i matoppskrifter og veret på Sunnmøre, gidd vel ikkje å lese bloggen.

Frøkna har sendt ut nokre slike "vil du vere venen min"-spørsmål.  Og så har eg fått beskjed om å skrive dialekt.  Det sit langt inne.  Facebook har forresten mange flotte nynorskuttrykk!

3 kommentarer:

Besta sa...

Ein herverande bladfyk, opprinnelig frå Hareid, hadde ein artikkel i lokalavisa om "Trynebok"-kanskje den stod i den avisa som låg att?
Elles meiner eg at ein skal vere litt varsam med kva ein legg ut på FB også."Intime betroelser" kan ein spare til mail.Heller ikkje høver det å ta opp altfor seriøse tema-då kan ein surre seg inn i ørkeslause diskusjonar som til og med går ut over ektefellen.Du veit kanskje kva eg siktar til?

Milena sa...

Ja,slit med helsa...he he ...eg he nettopp komt meg ut av"tryneboka",sletta alt og alle og er like glad!To år på Facebook er meir enn nok....
:-)

Besta sa...

For å seie det slik, så trur eg aktiviteten min på FB vil avta etter OL