måndag 8. februar 2010

TV-kvelden 8. februar

Sidan eg har begynt å kommentere, og prøvd å skape debatt om, TV-serien 10B, så får eg prøve å kome med nokre tankar i dag og.

10B
Det mest interessante i dag var innvandrarjenta som hadde foreldre som hadde sett urealistiske mål for henne.  Det er ei jente som slit med det norske språket slik mange born av innvandrarar gjer.  Dei kan vere fødde i Norge, men likevel slite med språket fordi foreldra meistrar det dårleg.  I stilen sin hadde ho sett ord på tankane sine.  Dei andre elevane fekk noko å tenke på.

Munnlege prøver for dyslektikarar burde vere ei sjølfølgje i munnlege fag.  Det kan ofte vere nok at ein "assistent" les opp spørsmåla og skriv ned det eleven svarer.  Elles er det vel vanleg i slutten av 10-ande at alle elevane vert "spurt".  Både engelsk og norsk har eigen munnlegkarakter.

Krim
Når ein nettopp har lese boka, ser ein filmatiseringa på ein litt annan måte.  Ting skjer ikkje akkurat i same rekkjefølgje som i boka.  Jentene i kjellaren sat på golvet i boka.  Dei slapp med skrekken.  Eg ville ha gjeve Anne Marit Jacobsen som Vera Mattson, prisen for beste skodespelar. 

1 kommentar:

Besta sa...

Synest det vart litt uavklart på slutten av filmen.Kva skjedde med jentene frå Litauen? For eksempel.
Eg har ikkje lese boka og kjem ikkje til å gjere det. AM Jakobsen er berre heilt topp som skodespelar.Ho gjer noko stort ut av kvar minste rolle.