søndag 14. februar 2010

Morsdag - litt historikk

Som mange andre merkedagar, så kjem også morsdag frå USA.  Det har vore ein høgtidsdag der sidan 1814.  I Sverige vart morsdagen lagt til siste søndagen i mai.  I Norge vart morsdagen innført under første verdskrige som "mødrene sin heidersdag", først i ei metodistkyrkje i Bergen.  På grunn av 1. mai og 17. mai, høvde det ikkje så godt med morsdag i mai her i landet.

Les gjerne meir her.

I Fjordamat kan vi lese at ein prøvde å utarbeide eit program for dagen.  Her kjem eitt framlegg for feiring:

Mor skulle stå opp i varmt rom, etter at ho først hadde fått kaffi på senga.  Skorne hennar skulle pussast, golvet vaskast.  Frukostbordet skulle vere festpynta, om mogeleg prydd med kvite blomar.  Ved mors plass skulle det ligge ei gåve, helst noko dei visste ho hadde ønskt seg.  Ved ettermiddagskaffien eller ved kveldsbordet skulle det sameleis vere noko ekstra, med lesing og godord til mor. 

Først på 50-talet vart det vanleg å lage morsdagskort på skulane.  Hugsar Besta noko om dette?

2 kommentarer:

Besta sa...

EIN ting er eg heilt sikker på:Eg har aldri laga morsdagskort på skulen! Ikkje kan eg hugse morsdagsfeiring i heimen heller, i alle fall ikkje i tidleg barndom.Ikkje alle skikkar kon ut på landsbygda i første omgang.

Anonym sa...

Ja, sannsynligvis sa det er