Om eg startar opp att, vil tida vise! Slik det er no, får eg ikkje laste opp bilde utan å betale for meir lagringsplass. Prisen er grei, men eg er skeptisk på å gje informasjon om bankkortet mitt. Viss andre har gjort dette og det har fungert greit, så vil eg gjerne høyre om det!
Men kanskje det er tid for fornying? Eg har laga meg ein ny blogg på mi eiga hotmailadresse. Denne bloggen finn de her. Når eg får tid, skal eg kose meg med "utforming".
No håper eg at blogglesarane vil følgje meg på den nye bloggen og etter kvart legge den på blogglistene sine!
laurdag 13. november 2010
Farsdag på forskot
I år klaffa det, som det ofte gjer, at pappa har geburtsdag på farsdag. Vi valde å feire dagen i dag. Her gjeld det same prosedyre med julemiddag og kaker.
Eg har fleire bilde eg kunne tenke meg å dele medblogglesarane, men får ikkje lov av Google! Eg må betale for større kapasitet! Prisane er det ikkje noko å seie på, men eg forstår ikkje korleis eg skal gjere det! Er det nokon der ute som kan forklare meg?

fredag 12. november 2010
Brødhistorie
Denne veka har eg kome heim att sist kvar dag. Andre har laga middag, og eg har berre baka eitt brød i maskina for å halde liv i surdeigen. Når vi driv med lefsebaking, er det interessant å lese litt bakehistorie. I denne boka kan ein t.d. lese kva ei bestyrerinne på ein "husholdingsskole" skriv:
Gammel vane er vond å vende
Det er nok dessværre saa, at man endnu ikke forstaar den Kunst at bage et godt Ovnsbrød, det bliver gjerne for tungt og ufordøyeligt, og det er ikkje for ingenting at Turisterne klager jammerlig over det Brød, som de oftest faar på Landsbygden. Befolkningen selv lider ogsaa derunder; de paadrager sig ofte Kardialgi og andre Maveonder, og saa foretrækker man heller at kjøbe sit Brød færdigbagt end at have det Bryderi at bage det selv og løbe Risikoen ved at faa et daarligt Brød.
Slik kan det ikkje halde fram meiner ho. Til det er brødbaking alt for viktig.
Brødbagning i Hjemmene maa blive mer almindelig ; man faar lære sig til at bage et sundt og godt Brød.
Husmødrene var flinke med kakebakst, så ho meinte dei måtte lære seg å bake brød heime. Året er 1898. Dårleg korn, eller rettare sagt korn med dårleg bakeevne, fekk skulda. Folk heldt fram med å lage flatbrød og hellebrød.
torsdag 11. november 2010
Lefsebaking
Nokre årvisse hendingar vert nok gjengangarar på bloggen.
I dag starta vi med lefsebaking på skulekjøkenet. Kvar haust dei siste 11 åra har vi fått hjelp av besteforeldre til å bake. Ei og anna gamletante og oldemor dukkar opp, og ein og annan bestefar, men bestemødrene er i fleirtal.Eg kan ikkje legge ut bilde anna enn av meg sjølv. Her finn de fleire frå 2007.
I fjor hadde vi besøk av avisa.
Oppskrifta vi bruker finn de her.
onsdag 10. november 2010
Skulerestaurant
På denne skulen får elevane servert varm lunsj kvar dag. Dei fekk servert fisk to gongar i veka. Sjekk denne retten. Det kostar mindre enn kva ein får i barnetrygd for eit barn kvar månad. Ein kan diskutere fram og tilbake fordelar og ulemper med "gratis" skulemåltid. Eg beit meg merke i ei erfaring, den same som vi gjorde oss den tida vi betalte for skulefrukt, nemleg at ungane ville ha meir av denne maten heime.
tysdag 9. november 2010
Bok 52: Finsk krim på nynorsk
Høyrest ikkje det spennande ut? Det syntest i alle fall eg! Nynorsk krim har eg ikkje lese før. Dessverre spørs det om det vert både første og siste gong. Verken miljøet eller mordgåta fengja meg.
Forfattaren fekk Glassnøkkelen i 2007 for beste nordiske krim i 2007. Blogglesarane må gjerne lese og legge ned protest!
P.S. Eg hadde med boka då eg var vikar lesetime, slik at eg kan lese saman med elevane. De kan no gjete kva fjortisane fekk ut av namnet til forfattaren.
måndag 8. november 2010
Det beste i livet er gratis?
På jobb går vi inn i ein av dei travlegaste periodane. Eg kom fram til at i dag var einaste sjansen eg hadde til å nå biblioteket i byen i opningstida. Og sjå kor heldig er var! Bibliotekaren stadfesta at dei som begynner å lese Indridason, vert hekta. Siste Lindell gler eg meg også til!
Det andre ærendet var å kjøpe lang dundyne til yngstemann. Eg veit ikkje kva slikt skal koste, men reknar med at halv pris på Kid er det ein må gi. No har det nye sengesettet kome i vaskemaskina.
Haustserviettar hadde dei ikkje selt mykje av i år, ikkje så rart kanskje? Vinteren kom brått på oss. Serviettsamlinga mi vart to pakkar rikare, så har eg meir å velje i neste gong eg dekkar haustbord.
søndag 7. november 2010
Bok 51: Mykje nordisk krim for tida
No må eg berre bryte saman og tilstå: Eg hadde begynt på ein annan roman, men klarte ikkje å halde meg unna Indridason sine krimbøker. Dette er den nest siste, trur eg. Då har eg hoppa over eit par, men det får våge seg. Eg les dei når eg finn dei.
Kvifor likar eg desse bøkene?
- Menneska og miljøa er godt skildra. Dei er truverdige.
- Krimhelten sitt privatliv er interessant og relevant.
I Fjellet er forsvinningar og sjølvmord det dreiar seg om. Kan ein drive eit menneske til sjølvmord? Boka kan også lesast som eit apropos til Åndenes makt. Det meste har ei naturleg forklaring...
I går var eg innom biblioteket. Eg held på å lese noko så sjeldan som ei nynorsk krimbok omsett frå finsk. Noko meir enn ei papirbok rekk eg vanlegvis ikkje å lese i månaden.Men då eg såg andre boka i den danske serien, måtte eg berre ta den med heim. Så no må eg vere flink å sette av tid til å sitte å lese!

laurdag 6. november 2010
Lammefrikassé
I dag slo eg til med søndagsmiddag på ein laurdag. Journalisten, som gjerne vil ha gammaldags mat, skal til Molde i morgon. Eg tok opp eit par kilo lammekjøt frå frysaren torsdag kveld. Dette kjøtet kokte eg saman med 1 4/4 l vatn, 1ms salt og heil pepar. Ta vekk skummet før du har i peparen. Nokre gulrøter, løk og purrerestar fekk og koke med i krafta.
Medan dette fekk koke på svak varme, gjekk eg meg ein tur på biblioteket. Det er godt å få vere ute i dagslys!
Eg bruker å lage saus av noko av krafta. Her kan ein velje ein mager variant med ristejamning, eller som meg, starte med meierismør og mjøl og spe med krafta. Smak til med meir pepar og eventuelt salt. Blogglesarane har kanskje sine eigne tips for denne sausen?Her i huset er grønsakpanna som regel like stor som potetpanna. Eg la gulrøter, rabbebitar og kålskiver i botnen av panna. Desse dekte eg med kraft. Brokkolien fekk dampkoke på toppen. All kraft vert spart til suppe seinare.
Server med poteter!
Viss ein skal servere denne retten til mange og der er mange born blant gjestene, kan ein gjerne lage store kjøtbollar til.
Linsepus
Eg var på veg ut på altanen for å ta eit bilde av veret på Sunnmøre, slik at dei som er på Kongsberg kan få sjå korleis veret er heime. Men der var ei som ville vere med på bildet! Kanskje bildet er like kjekt for gutane som var her i sommar og kosa med dyra?
fredag 5. november 2010
Noko fint og noko godt
Ein må unne seg både noko fint og noko godt til helga. I morgon disponerer eg ikkje bil. Frøkna skal på fotballcup, og faren skal køyre. Så eg handla til helga i dag. Fredagane stikk eg gjerne innom Floriss. Ærendet i dag var gravlys til søndag. Det er lenge til eg skal begynne å tenke på jula, har eg bestemt meg for. Men amaryllis må kjøpast i god tid.
Ein kollega fekk smake frukt- og nøttebrødet mitt i dag, og ho meinte det smakte Schakendabrød. I dag laga eg ein liten deig som vart knadd i brødbakemaskina, men heva i ein bakebolle. Brødet var med valneter, aprikosar og svisker. No står to små brød til heving.
Ha ei fin helg!

P.S.
I Trines mektige matblogg, som eg har lagt til i blogglista mi, vil de finne oppskrifter på brød frå Åpent bakeri og Schakenda. I tillegg er der mykje anna godt.
torsdag 4. november 2010
Hareid i fokus - igjen
Søndag kjem eit program vi lenge har høyrt rykte om. Kanskje eg skal gjere eit unntak å sjå denne type program - sidan det kjem frå Hareid?
onsdag 3. november 2010
Resterettar og 5 om dagen.
I går var laga frøkna taco sidan ho kjem heim 1 1/2 time før oss andre. I dag var der diverse restar frå denne middagen. Eg laga sei i karrisaus til middag med restar av salat og paprika til dagens salat. Jusen frå ananasboksen blanda eg i jus laga i jusmaskina. Men å var her kjøtdeig att i ei skål. Til kvedsmat laga eg derfor ein enkel pizza. Dagens "kastedeig" gjekk i pizzadeigen, så slepp eg å bake brød. Frysaren er nemleg litt full - igjen ...
Salat monnar ikkje så mykje når det gjeld 5 om dagen. Anne monnar dreg, og med poteter til middag og gulrøter i jusen er ein litt nærare. Frukt får ein som regel i seg nok av. Her i huset går det mykje bananar og anna frukt. Både gulrøter og rabbe er godt å knaske om hausten!
Tjuvjakt i Hareid
- eller jakta på tjuven - eller tjuveri av jakka
Blogglesarar i heile landet klikk dykk inn på Vikebladet og les!
Blogglesarar i heile landet klikk dykk inn på Vikebladet og les!
tysdag 2. november 2010
Byggbrød
I går baka eg brød etter oppskrifta på baksida av byggmjølpakken. Eg følgde oppskrifta nesten slavisk. Det vil seie eg brukte mindre vatn enn 1,8 dl til 2 kg mjøl. Sjølv om eg etterheva i over ein time, sprakk brøda mine litt likevel. Det gjer kanskje ikkje så mykje.
Elles heva brøda omtrent som vanlege grovbrød. Smaken var heilt grei. I framtida vil eg nok blande litt fleire kornsortar i grovbrøda mine. 50% grovt er litt lite til kvardags, meiner no eg.
Elles heva brøda omtrent som vanlege grovbrød. Smaken var heilt grei. I framtida vil eg nok blande litt fleire kornsortar i grovbrøda mine. 50% grovt er litt lite til kvardags, meiner no eg.
måndag 1. november 2010
Bok 50: Meir islandsk krim
For meg er vel dette det næreste ein kjem "slukebok". Om innhaldet kan de lese her.
Det kan vere vanskeleg å seie eksakt kva ein likar med ei bok eller ein forfattar. Felles for dei to bøkene eg har lese av denne forfattaren, er at dei rullar opp heller tragiske barndomshistorier. Vi får også stadig meir innblikk i krimhelten sitt privatliv.
No har eg liggande dei to siste bøkene i serien. Dei to biblioteka eg har vore innom, har ikkje hatt inne dei to i midten. Eg har begynt å lese ei ny bok, men slit litt med å kome inn i ho, og så har eg desse to bøkene som freistar meir. Men som eg har sagt før, så prøver eg å lese vanlege bøker innimellom krimbøkene...

søndag 31. oktober 2010
Sviskekompott
Inspirert av meg sjølv, som eg plar seie , i dette tilfellet lista over populære innlegg til høgre, laga eg i dag sviskekompott til dessert. Det er nokre her i huset som helst vil ha gammaldags mat, og kva høver då betre enn kjøtkaker og sviskekompott?
5 dl vatn
2 1/2 ms sukker
1 pk svisker ev. aprikosar/fruktblanding
1 1/2 ms potetmjøl
1 dl vatn
1. Kok opp vatn og sukker.
2. Ha i sviskene og kok dei møre.
3. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn. Ta panna til side og ha jamninga i.
4. Gje kompotten eit raskt oppkok.
5. Ha kompotten i ei skål og dryss litt sukker på toppen for å unngå snerk.
Server med mjølk/fløyte og/eller vaniljesaus. Ein kan og piske krem og legge lagvis med krem, vaniljekrem og kompott som til grunnlovsdessert.
Skjåkmjøl
Dette mjølet, som Schakenda snakkar varmt om i boka si, fann eg på Mega i Ulsteinvik. Eg skulle til å putte litt av det i surdeigen min i dag, men då oppdaga eg oppskrifta på baksida. Den er med hevedeig/poolish, så eg får spare mjølet og bake desse brøda ein annan dag. Pris? 21,30 ser eg på handlelappen.
laurdag 30. oktober 2010
Dagens sitat
Eg har lagt til eit par sitat som sideelement. Synest dette bør bli ståande som eit lite apropos.
Politikere er mennesker som, når de ser lys i enden av tunnelen, beordrer mer tunnel.
Politikere er mennesker som, når de ser lys i enden av tunnelen, beordrer mer tunnel.
Laurdagsloff?
For tida bakar vi fletteloff i mat og helse. Elevane vel sjølve kva slags flette dei vil lage. Dei fleste prøver seg på seksfletta til høgre.
Viss de vil sjå ein som er flink å flette, kan de sjekke her.
Oppskrifta under er til ein loff, skriven for ungdomsskuleelevar.
Doble gjerne oppskrifta ...
Fletteloff
½ pk gjær
1 ms margarin
2 dl mjølk
½ ts salt
1 ts sukker
ca 5 dl kveitemjøl
1. Del gjæren opp i ein bakebolle.
2. Smelt margarinen i ei panne. Ta panna til side og tilset mjølk,blandinga skal vere fingervarm/37 grader.
3. Slå blandinga i bakebollen og rør ut gjæren.
4. Rør inn salt (og sukker).
5. Tilset kveitemjøl og elt deigen glatt og jamn.
6. Dekk bakebollen med lok/arbeidstallerk/plast og lat deigen heve til dobbel storleik.
Utbaking:
7. Set steikeomnen på 220 grader.
8. Du kan no velje om du vil flette 6-flette eller ei tjukk 3-flette med ei tynn 3-flette på toppen.
9. Hev fletteloffen til dobbel storleik,ca 25 minutt.
10. Steik fletteloffen i 20-25 minutt.
11. Avkjøl brødet på rist.

fredag 29. oktober 2010
Bok 49: Slukebok?
Eg har no lært meg det norske ordet for pageturner, nemleg slukebok. Desse bøkene ligg ofte i store haugar i bokhandelen, slik at når ein finn ei av dei på biblioteket, trur ein at ein verkeleg har vore heldig. Denne forfattaren har eg og sett reklamere for sine to siste bøker på frukost-TV.
Boka opnar greit. Bakteppet er borgarkrigen i El Salvador. Hovudpersonen er ei av dei få som overlever utreinskingar i landsbyen der ho bur. Ho får hjelp til å flykte til USA. Dette kunne ha blitt bra!
Det som øydelegg mest er språket. Skildringane er så sentimentale og klissete at ein kan vri seg i stolen. Om nokon er ueinig med meg får dei lese til dømes om då guten heldt på å drukne i bassenget.
Sjølve historia vert langdryg, og frampeika er så mange at ein forstår omtrent kva som vil skje. Dette grensar til kiosklitteratur!
Les gjerne meir her.
Om å selje sylte
Eg trur ikkje noko er tilfeldig når det gjeld reklame. At det må løne seg for Lerum å bruke nynorsk, stadfestar Nora med sitt slagord på ei austnorsk dialekt "Nærmere natur'n kjæm du itte".
Produkt som vert knytt til julekalenerprogramma på NRK, vil alltid selje godt. Heldigvis knyttar dei til seg gode produkt. Her i huset har vi ikkje sett barne-TV sidan midten på 90-talet. Men eg tippar blånissane et pannekaker av og til? I alle fall trur eg det kan bli ekstra mykje pannekaker rundt om i heimane i adventstida!

torsdag 28. oktober 2010
Bok 48: Too much nynorsk humor
Dette er ei bok for folk som har sansen for leiking med språk. Sjølv er eg sjølvsagt i denne gruppa. Men eg hadde ikkje lese så sider før det vart too much, for å seie det på godt norsk. Boka vart lagt til side.
Så vart eg vikar i ei åttandeklasse som hadde leseprosjekt. Etter at eg hadde fått alle elevane i gang med lesing, sette eg meg til å lese i mi eiga bok. Akkurat då eg heldt på å gå lei att, kom eg til kapittelet om fru Johnsen s. 94. Dette kapittelet kan stå som eit sjølvstendig stykke. Om de kjem over boka på eit bibliotek, så les kapittelet om den dama som har øydelagt mest for nynorsken, Inger Lise Andersen.
Eg synest forfattaren skriv godt og morosamt, men eg meiner han har valt feil sjanger. Når denne romanen til og med skal vere den første i ein trilogi, vert det, ja, rett og slett too much.
Les kva Samlaget sjøl skriv her.

Bytur
I dag hadde frøkna og eg nokre ærend i byen. Vi tråla dei to kjøpesentera og tok oss også tid til å stikke innom biblioteket. Der var eg så heldig å finne boka i midten, som eg forstår vert ein såkalla snakkis i slekta. Eg har begynt å rippe den over på MP3-en slik at eg kan levere den attende snarast muleg.
Lever enno II
Eg visste ikkje kor aktuelt førre innlegg skulle bli. Rundt nyttår bestemte eg meg for at eg skulle prøve å ha eit lite blogginnlegg kvar dag, som eit lite livsteikn. Men no har eg vore utan nett i to døgn! For å seie det slik, viss det hadde vore eg som hadde hatt kontakt med nettleverandøren, så hadde det vorte eit langt blogginnlegg.
No skal vi ete middag her, og så kjem eg nok sterkare attende med bokmeldingar og kanskje anna stoff seinare i dag.
P.S.
Katten synest ikkje at dei som får vere inne i ei varm stove skal klage på veret.

måndag 25. oktober 2010
Lever enno!
Blogglesarane trur kanskje eg har drepe surdeigen min. Det har eg ikkje! Eg har tvert imot delt han, slikat eg no har ein lys og ein mørk. I staden for å lage to, fora eg den eine med kveitemjøl og den andre med sammalen rug. Innimellom set eg deigane i kjøleskåpet for så å ta dei fram nokre timar før eg vil bake.
Brødet på bildet bakte eg fredagskvelden og serverte det til ostefatet laurdag. Det var ein loffdeig med ca 1/4 sikta rug i. Til 7 dl væske brukte eg ein stor pakke tørka jordbær og ein pakke valneter. I tillegg putta eg i nokre rosiner og eit par matskeier maltekstrakt. Tørka jordbær har eg ikkje smakt før. Det smakte godt, men eg liker betre aprikosar.
søndag 24. oktober 2010
Bok 47: Islandsk krim
Dette er den første boka eg har lese av denne islanske forfattaren. Den første i serien har eg nettopp sett filma, så den hoppa eg over. No satsar eg på å lese dei eg kan få tak i. Dette er god underhaldning!
Les gjerne om boka her.
Her er dei krimbøkene av same forfattar, som i følgje Wikipedia, har kome ut på norsk.
Myren 2004 Mýrin 2000
Gravstille 2005 Grafarþögn 2001
Røsten 2006 Röddin 2002
Vannet 2007 Kleifarvatn 2004
Vinterbyen 2008 Vetrarborgin 2005
Fjellet 2009 Harðskafi 2007
Irrganger 2010 Myrká 2008

laurdag 23. oktober 2010
Yndlingsretten min
Lammesteik er noko av det aller beste eg veit! I dag steikte eg to relativt store lår, kvart på 3 1/2 kg. Eg sette omnen på 175 grader. Det går som regel greit. Dei vart ikkje svidde som det ser ut på bildet.
Til dette serverte eg poteter, grønsaker og brun saus (med ein kopp kaffi m/ fløyte i) og litt forskjellig tilbehør (sølvløk, sylteagurkar og tyttebærsylte).
Besta kom med dessert. Karamellpuddingen fekk konkurranse, for å seie det slik.
Elles kom systra mi med oreokake som vi serverte til kaffien.
No sit eg her og lurer på om eg nokon gong vert svolten att.
P.S.
Det vart lite fotografering av vertinna i dag. Her får vi satse på systra mi.

Billeg bord
Eg ser ein viss fare for at blogglesarane, etter dette innlegget om ikkje før, vil tru at eg er skikkeleg gniten. Sjølv meiner eg at studentliv og nokre år med fire ungar på ei inntekt, har gjort meg økonomisk. No er det sli, at når eg går forbi ulike tilbod, så bit eg lett på. Derfor har eg ei samling av lys og serviettar.
Duken er ein halv stuv med nervøs fløyel kjøpt på Jysk for 50 kr. Den er strykefri, noko som passar meg godt. Lysa kjøpte eg for 20 kroner tilsaman på Nille.
Serviettane og blomstervasane var -70% på Floriss. Og for å toppe det heile henta eg blomster frå ute- og innekrukker. No ventar eg berre på gjestene! Ha ein fin laurdag!
fredag 22. oktober 2010
22. oktober
I dag var eg verkeleg glad for dei fora støvlane. Her er skikkeleg sørpeføre, og plogen har slett ikkje vore alle stader. På Floriss kjøpte eg denne nye typen ildtopp.
No er alle heime her, og i morgon ventar vi slektsbesøk. Vi skal ha yndlingsretten min til middag. Og desserten er tradisjonell. Om nokon som er innom bloggen ikkje har laga karamellpudding, så fin de ei steg-for-steg-oppskrift her
torsdag 21. oktober 2010
Skuleveg - stemningsrapport
Eg går til og frå jobb når eg ikkje kan sykle. I dag knipsa eg nokre bilde med mobilen på heimveg.
Det er ikkje akkurat monstermaster over myrane.
Eldstemann hadde moka tunet 21. oktober.
onsdag 20. oktober 2010
20. oktober
Engelskstudenten kom frå Volda på sommardekk i dag. No er det berre å skifte! Han meinte det var meir vinter der, og det ser ein på Besta sin blogg.
Aloharosa står med nye lange skot og fleire knoppar ...
Sjølv har eg vore til tannlegen i dag og fått fjerna tannstein og belegg. Tannlegen støttar teorien til venninna mi, at dei som har tannstein, har mindre hol. Det er ein av faktorane.Neste punkt på programmet er å få tatt stinga til katten. Ein ting som slår meg, er om det greit å seie dyrlege eigentleg. Tannlege har ikkje fått innført latinsk tittel.
Sidan eg også skal i selskap i ettermiddag, var det greit å berre lage bondeomelett etter inspirasjon frå frukost-TV i går. Wenche hadde den i omnen. Eg la lok på steikepanne. Eg surra/steikte løk, purreløk og litt skvåsj. I tillegg hadde eg litt pålegg, nærare bestemt skinke. Her kan ein godt bruke spekemat av ulikt slag. Oppå dette helte eg egg, mjølk, riven ost, salt og pepar.
tysdag 19. oktober 2010
Det fins folk som ikke vet hva de har i kjøleskapet
"Åpne kjøleskapsdøra og se hva du har!"
Wenche Andersen laga resterettar i dag. Temaet i programminnslaget eg såg i opptak, var sløsing med mat. På Alt godt sin blogg var der oppskrift på amerikanske pannekaker. Her kom det inspirasjon frå to kantar. Jusstudenten kjem heim torsdag. Han elskar pannekaker i alle fasongar. Så i dag fekk det halde med resterett nummer ein, vaflar. I tillegg til eit par halvfulle rømmebeger, hadde eg i rikeleg med egg, 1/3 sammalen kveite og 1/3 havregryn.
Ha ein fin tysdagskveld! Eg skal kose meg med Grey's anatomy.

måndag 18. oktober 2010
Bok 46: Noveller
Etter å ha lese ein murstein av ein roman, var det godt å slappe av med ei lita novellesamling. Forteljingane har visst først vorte lesne som kåseri i reiseradioen. Det er sikkert derfor alle er lagt til sommaren.
Dette er typiske ungdomsnoveller vil eg seie, og som vanleg i novellsamlingar, så er det eit par som stikk seg ut.
Dette er typiske ungdomsnoveller vil eg seie, og som vanleg i novellsamlingar, så er det eit par som stikk seg ut.
søndag 17. oktober 2010
laurdag 16. oktober 2010
Ny funksjon!
Eg har sett at det på nokre bloggar er ei oversikt over kva innlegg som er mest lesne. Det var lett å få til. Artig å sjå kva innlegg som har vore mest populære hos meg. Mykje mat ja. Funksjonen røper vel mest kva folk som søkjer på ulike stikkord tilfeldig finn på min blogg.
Krabber og dagens vonbrot
I dag kom yngstemann heim med fire krabber og eit nett med halvstore seiar. Krabbene skal vi ete til kveldsmat.
Det var to som var skuffa over brødet mitt i dag. Den eine trudde det var kake sidan eg steikte det i rund form. Den andre fordi den ville ha loff til krabber.
Her kan de sjå kor fint brødet hevar med berre surdeig som hevemiddel. Når det er nysteikt er det litt klissete, men til gjengjeld held det seg i fleire dagar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)