
Dei plantane ein "lagar" sjølv, står no på det finaste. Eg ribba nokre pelargoniar for å få mange stiklingar. Morplantane stod noko ribba att. Eg vurderte å kaste dei, men sette i staden tre plantar i ei stor svart potte og gav dei ny mold.
I sin andre vår står no mødrene og overgår døtrene.

Den engelske pelargonien står no med mange knuppar. Vert veret fint framover, kan han bli som ei lita buske!
1 kommentar:
At mødrene kan overgå døtrene har eg sett mange tilfelle av, men ikkje i vår familie.
Legg inn en kommentar