laurdag 16. oktober 2010

Bok 45: Så 80-tals!

Det er ikkje berre interiør som går ut på dato...

Denne boka har eg rett og slett lese i feil lys. Eg har ikkje forstått kvifor ein så kjend og kjær forfattar har fordjupa seg i kvinnelagnader frå 40-80-talet. Det vil seie, ikkje før i dag då eg skulle finne bilde av boka. Då først oppdaga eg at boka er skriven i 1982.

Bokmeldinga har eg hatt klar i hovudet siste døgn. Eg synest valet av hovudpersonar var merkeleg. Elendigheit vert det heller ikkje slutt på. Så snart Eivor kjem seg ovanpå, så får ho eit slag i trynet. Der er heile tida eit men. Det heile er "trøsteslaust"! Kan ein person verkeleg ha gått gjennom livet utan ein eller annan gong ha vore oppe i skyene?

Les ein boka i lys av 80-talet i staden for 2010, så kan det hende ein ville følt det annleis. For all del, eg har kosa meg med dei 18 CD-ane. Ein vert gripen av lagnadane. Språket er godt, men ...

fredag 15. oktober 2010

Surdeigsbrød ...

I dag har det vore mykje error error på bloggen når ein prøver å laste opp bilde. Løysinga vart å stille bloggen tilbake på det gamle redigeringsverktøyet. Bilda kom dermed i omvendt rekkjefølgje.
No har eg late surdeigen leve sitt eige liv. Eg har lese meg opp på teorien i boka til Schakenda, men bakar utan oppskrift, men litt fritt etter hans metodar.

Eg laga deigen rett etter at eg kom heim. Så fekk han heve i 4 timar før eg forma brødet. Etterhevinga var i 2 timar i dag.

Surdeigen var den siste etter oppskrift. No har eg hatt i 1 dl kaldt vatn og 2 1/2 dl kveitemjøl i resten og sett den i kjøleskåpet for å bremse den litt.
I går kveld la eg resten av den tørka frukta i litt appelsinjus. Netene hadde eg rett i deigen samtidig.
No ligg der eit fjerdedels brød att på benken, så eg håper eg får meg litt til frukost i morgon.

Kva er dette?

Dette datt opp i handlekorga då det låg på ryddesal.  Det heiter miljøvask.  Eg er usikker på om kulene vert oppbrukte eller tappa for effekt.  Bruksanvisninga og pakken er vekke. Ja, ja, kleda vert i alle fall reine, om dei då har vore skitne.

torsdag 14. oktober 2010

Endeleg har det lykkast!

Brødet er lett og luftig og heva berre med surdeig!

Sidan eg ikkje lykkast sist eg prøvde å lage ekte surdeigsbrød, laga eg 1/3 oppskrift, altså berre eitt brød.  Eg let brødbakemaskina kna deigen.  Væska var midt mellom kald og lunken.  Elles gjorde eg akkurat som oppskrifta sa.  Første hevetida var 4 timar. Andrehevinga gjekk raskare enn eg forventa, berre vel ein time.

Nei, no lyg eg litt her.  I oppskrifta stod det 125 g lys og 125 g mørk surdeig.  Eg har berre laga mørk.  Det var like før eg sette boka ned ein heil karakter. Det får vere grenser for å gjere det tungvint!  Brødet s 77 heiter dessutan grovt surdeigsbrød, men inneheld berre sikta kveite- og rugmjøl i tillegg til surdeigen.

Det spørs kor lenge eg gidd å fore på denne surdeigen.  Det vert nok høgst eit par dagar til. Men no trur eg at eg har teknikken inne, slik at eg kan frigjere meg frå oppskriftene i boka.

Smaken kan eg ikkje uttalle meg om før i morgon.  Men nøttebrødet var mykje betre i dag enn i går! Surdeigsbrød skal vere spesielt haldbare.

onsdag 13. oktober 2010

Sleit med å lyde

 Då eg kom heim i dag hadde yngstemann laga pizza.  Det passa godt, så fekk eg bruke tid på å lage frukt- og nøttebrøda s. 73 i Schakenda si bakebok.  Eg trudde eg hadde alle ingrediensane i hus, utanom graskarkjernar som eg ikkje fekk tak i.  Men valnetene som eg trudde eg hadde, var det heller ikkje råd å finne.  Det vart til at eg tok meir av vanlege neter.  Frukta var eg og raus med.
 Ein annan ting eg lurte meg til, var å ha vatnet litt varmare enn rett frå springen, kanskje 20-25 grader.  Med 200 g surdeig og 1/2 pk gjær heva faktisk deigen seg opp til kanten på ein time.
 Eg forma brøda.  Dei fekk stå og heve ein time medan eg  var på butikken og kjøpte mellom anna ost, druer, mandarinar og pærer.
No står det berre att å smake på dei!

tysdag 12. oktober 2010

Futt og fart!

 Då ser de tydeleg at det er futt i surdeigen.  I dag kom eg seint heim, og eg skal ut på tur, så bakinga får vente til i morgon.  Det er ikkje så mykje arbeid med bakinga.  Ein lagar raskt ein deig medan ein kokar middag, men ein må vere der å passe på.  Dersom eg held fram med å bake på denne måten, så vil eg nok lære kor lang tid det tek.
I morgon håper eg å kome sterkt tilbake!

P.S.
No har eg altså ferdig surdeig, så om nokon på Hareid har lyst på ein bit, er det berre å gje meg eit vink.  De veit kvar eg er på dagtid, og om ettermiddagen skal eg ha meg ein snartur på butikken ...

måndag 11. oktober 2010

Der det er liv, er det håp!

Det er spennande med surdeigen!  Eg har tru på at eg skal få det til denne gongen.  Målet er å lage frukt- og nøttebrødet side 73.
Dette bildet har de sett før.
Dagen etterpå hadde deigen heva seg i den minste Espelidbollen.
Deigen fekk heve i eit glas denne gongen.  Eg vog opp ingrediensane, dei ca 100 g sikta rug  som eg let vere akkurat 100 g, var nok litt i meste laget.
Men den litt for faste deigen såg og lukta akkurat som han skulle.  Legg merke til mi nye oppfinning: Ein strikk for å halde plastfolien på plass.

I morgon skal surdeigen vere klar til bruk.  Schakenda skriv to stader 1-2 dagar.  Eg trur ein dag er nok på mitt kjøken der det sikkert er godt og varmt på dagtid.  Men ein treng ikkje bruke surdeigen den dagen den er ferdig, slik eg forstår det kan det vere ein fordel å "friske han opp" ein ekstra gong.  I morgon er eg truleg heime berre eit par timar om ettermiddagen, så bakinga får vente. 

Kvardagen kallar

Ferie er for meg å sleppe å gå etter ein timeplan.  Men når kvardagen kjem, er det lett å falle inn i gamle mønster.  Måndagar er biblioteket langope til 19.00, så då høver det godt å stikke innom på veg til butikken.

I dag leverte eg inn tre bøker og lånte ei ny.  Eg har ikkje lese noko av denne forfattaren før.

søndag 10. oktober 2010

Schakenda - verdig vinnar?

Eg har mange kokebøker, fleire av dei heiter noko med "Brød".  Kvifor kjøper ein då endå ei?  For det første har eg høyrt at folk liker den, fleire bloggarar har den. For det andre har eg fått høyre at eg må lese om bakeriet.

Det har eg gjort!  Eg har lese historia om korleis gründeren byggjer opp ei bedrift som går godt. Eg har lese boka frå perm til perm.  Her er mykje interessant.  Han har fått andre til å skildre seg sjøv, så både Leif Ove Andenes, Ingrid Espelid og Arne Brimi har si eiga side. Bakaromnen har fått sitt eige kapittel.

Det er synest er mest interessant, er teoriane kring gjærbakst.  Oppskriftene skal prøvast!

Dette gjer han rett i følgje ein norsklærar:
- Han har ei god historie.
- Han skriv om noko han har greie på.
- Han skriv engasjert.
  (Å skrive om seg sjølv ...)
- Han har ein bodskap.
- God orden. Døme: Oppskrift+bilde over to sider.

Terningkast 6 frå meg, som er meir enn middels interessert i gjærbakst.

laurdag 9. oktober 2010

Dyrking av hobbyar

 I dag har eg dyrka to nyttige hobbyar, bokstavleg talt.  I hagen har eg brukt saksa ein del og fått klipt vekk visne vekstar.  Litt mold har dei fått og.  Purpursolhatten, som eg flytta på seinsommaren, er på sitt finaste.
 Aloha.



 Dei av plantane i krukkene som eg trur har ein sjanse til å overvintre, har no kome i jorda.  Nellikar kjem att år etter år.
Potteroser kan ein vere heldig med. 
 På kjøkenet dyrkar eg surdeig.  Det har kome bobler.
Eg følgjer oppskrifta så nøye at eg også veg vatnet.  Den nye deigen skulle vere i rein bolle med plastfolie.

fredag 8. oktober 2010

Om å kastrere ein katt

Etter å ha høyrt melodien "Eg vil ha ein liten katt" ei tid, gav faren etter, og frøkna skulle få lov til å få ein liten hannkatt.  Ho var snar å bestille ein.  Men kattemora tok ikkje mykje omsyn til ønske om kjønn og fødde tre nydelege hokattar.  det var då eg greip inn.  Frøkna må få katt og eg skulle følgje opp familieplanlegginga.  I haustferien var det tid for sterilisering, eller kastrering som er det rette uttrykket i følgje veterinæren, og det er vel han som har greie på det.

Som den pysa eg er, må eg innrømme at eg grudde meg til heile greia.  Eg hadde lova å køyre og betale.  Frøkna førebudde katten med eit halvt døgn faste.  Ho hadde med både reisebur og ei kasse med dyne i.  Alt var reint og fint.

Katten skreik heile bilturen.  Men då var det verste gjort. Veterinæren tok imot katten og vi fekk beskjed om å kome attende ein time etterpå.  Då var det gjort.  Katten var i framleis i narkose, så turen heim vart noko rolegare. 

No skulle katten vere inne eit døgn i eit rom med vanleg romtemperatur.  Vi plasserte henne på badet nede.  Det tok ikkje lang tid før ho hadde kome seg ut av kassa.  Svolten var ho og, men ganglaget var noko ustøtt.  Snart ville ho opp trappa.

Kort fortalt var ho så fin etter 12 timar at ho hoppa opp på fanget mitt og mol.  Vi meiner ho har tilgitt oss.

Det vert fødd alt for mange katttar.  Veterinæren her avlivar omlag 100 i året.  I tillegg så er det nok mange som gjer det sjølv.  For Lucy gjekk operasjonen heilt fint.  Ho skal ta stinga etter to veker og få ei vaksine mot kattepest "på kjøpet".  Det heile kosta 1260 kr. 

Eg er i gang ...

No har eg begynt å studere Schakenda sine teoriar om baking.  Dei er ikkje så ulike Åpent bakeri sine.  Men ein ting er annleis; framgangsmåten for surdeig.  Eg har hatt eit par mislykka forsøk på å lage surdeig.  Det eine la eg ut på bloggen.  Det andre heldt eg for meg sjølv.  Det som gjer at eg har mot til å prøve om att, er at denne framgangsmåten er annleis, og så skriv han litt om alternativ.  Eg har t.d. ein mistanke om at eg hadde det litt varmt her, og at eg kunne gått raskare fram.  Her skal surdeigen stå vekselvis på benken og i kjøleskåpet.

I boka er det oppskrifter der ein både brukar surdeig og litt vanleg gjær.  Då kan det ikkje skjere seg 100%.

Ein blogglesar spurde meg om eg hadde eit tips for å unngå at grovbrød smuldrar.  Då kan det vere lurt å bruke poolish.  Dagen før, eller om morgonen viss du bakar etter arbeidstid, blandar du saman 1 dl vatn+1 dl kveitemjøl+ein ertestor bit fersk gjær.  Dette får stå og boble.  På bildet kan de sjå at det dannar seg ein deig med limaktig struktur.  Framgangsmåten vidare:  Lag dine vanlege brød med 1/2 pakke gjær.

P.S.
Du gjer sjølvsagt som du vil, 1/4 pakke er nok om du har god tid. 

torsdag 7. oktober 2010

Av alle stader ...

... fann eg denne boka, som eg har ønska meg lenge, på OBS! på Moa i dag til ein fin pris; 199 kroner.  Viss nokon av blogglesarane har baka frå boka og gjort seg sine erfaringar, så er eg takksam for tips!

onsdag 6. oktober 2010

Dei kallar det DEAL

 Eg kallar det "å få attpå".  Reint formelt heiter det "tilgift".  Det har eg lært på bloggen til Alt godt. I dag kjøpte eg eit av oktobertilboda, mest for å ha ein illustrasjon til bloggen.  For denne månaden kan eg puste ut.  Ingen av dei tre tilboda er særleg freistande for meg.

I september derimot fylte eg matboda med ein haug tortillalefser og nokre pakkar Baligryte.  Nokre kjøtdeigar fann vegen ned i frysaren, sjølv om eg har lova meg sjølv å ikkje fryse kjøtdeig.

I august var det "to for ein".  Det finn ein framleis spor etter i frysaren min i form av kokt skinke og oppskoren ost.  Leverposteinen, ja nokre var innom frysaren, forsvann fort.

For de må ikkje tru at eg kastar mat!  Eg berre hamstrar!  Er det studenttida, eller den tida eg metta ein familie på seks med ei inntekt, som sit i meg?  Eller er det endå meir primitive instinkt.  Ville ungane mine hatt større sjanse til å overleve i tidlegare tider.  Forretningane utnytter i alle fall dette, for dei gjer ikkje noko som ikkje løner seg, for dei.
No håper eg at dei heller slår seg på slike tilbod som "Kjøp to esker druer og betal for ei".  Vi kan kjøpe akkurat så mykje vil treng og kose oss dei to vekene tilbodet varer.  Eller vent no litt, er ikkje druene det beste i frosen tropisk blanding?

tysdag 5. oktober 2010

Program 8:Jam

Då eg var i Oslo, var der ein kar som ville eg skulle kjøpe den største brødbakemaskina til studenten.  Du kan lage syltetøy i den, var eitt av argumenta.  Eg svarte vel at eg hadde hatt tre maskiner utan å ha laga syltetøy.  Det må du prøve, meinte han.

Sidan eg har ny maskin, så får eg gjere det då.  Porsjonen i oppskriftsheftet  var på 500 g jordbær.  Der stod også over 3 dl sukker, noko som er alt for mykje!  1 dl gir søt nok sylte.

Porsjonen gav akkurat eit glas på storleik med "Noras hjemmelagede".  Det tok 1 time og 20 minutt å lage dette klumpefrie syltetøyet.  Prisen kom på ca 35 kr.  Det er vel heller tvilsamt at eg kjem til å nytte denne metoden meir.

måndag 4. oktober 2010

Bok 44: Sjanger: Spionar og agentar

Dette er ein kriminalroman i serien om  Hamilton.  Handlinga går føre seg i fleire land, og fleire presidentar er innblanda, noko som er vanleg i desse bøkene.

I utgangspunktet har eg ikkje sansen for at born av hovudpersonar i verken serieromanar eller fjernsynsseriar, vert kidnappa.   Men Guillou skriv godt, og ein vert dradd inn i handlinga.  Her vert det ikkje spart på effektane.

Små spark hit og dit krydrar romanen.  Eg let meg underhalde!

De må gjerne lese meir her.

Utstyr må prøvast III - 5 om dagen

 Det er kanskje ikkje aktuelt å rive grønsaker i maskina i det daglege, men det kan no vere greitt å vite korleis ein set ho saman. Eg brukte den finaste riveskiva, og den er noko midt i mellom fint og grovt på eit vanleg råkostjern.  Til gulrotkake er vel dette ideelt?
Det er mykje snakk om "5 om dagen for tida".  Råkostsalat er ein fin måte å få i seg grønsaker på.  Ernæringsmessig er det nok den beste måten.  Få vitaminar går tapt, og kroppen gjer seg best nytte av finrivne grønsaker.  Sist, men ikkje minst, så likar ofte born best rå grønsaker.

Råkostsalat kan varierast etter smak. Gulrot, kålrot, kål og raudbete er kanskje mest vanleg.  Av frukt kan ein bruke eple, appelsin og/eller ananas.  Ein gong då frøkna var lita, spurde eg henne kva vi skulle ha til middag.  Då svarte ho: "Rosiner".   Rosiner eller svisker gjer råkostsalaten søtare.  Eit anna tips er å bruke jus til dressing i staden for sitronsaft.

søndag 3. oktober 2010

Sjokoladekake i brødbakemaskin

No har eg sett meg føre å prøve ut flest muleg program på den nye brødbakemaskina.  Eitt av dei er "Kake".  Denne sjokoladekaka har eg laga etter oppskrift i heftet kvar gong eg har fått ny maskin.  Det har ikkje gått så bra.  Men ein veit aldri, kanskje dei har utvikla ei betre maskin? 

Eg følgde sjølvsagt oppskrifta til punkt og prikke.  Kaka såg ikkje så verst ut då ho var ferdig.
 Men då eg skar i ho, såg eg at ingrediensane ikkje hadde blanda seg skikkeleg.  Kaka var heller ikkje gjennomsteikt.
Men det er rart kva som glir ned med ein klatt krem og litt hermetisk frukt.

Viss nokon av blogglesarane har andre erfaringar enn meg med kakebaking i brødbakemaskin, må dei gjerne gi meg eit hint!

Bartolomeogryte

 Når niandeklassingane skal fortelje om noko godt dei laga på barneskulen, er svaret som regel "Bartolomeogryte".  Eg vil helst kalle dette ein gammaldags gryterett.  Skal tru om nokon veit kor gammal den er?  I dag ville ein ikkje finne på å ha kveitemjøl i ein slik rett.  Ein ville heller hatt i grønsaker.  Når vi har laga den på ungdomsskulen, har temaet vore restemat.  Oppskrifta er skriven for ungdommar.

I går stod eg der med eit par kjøtdeigpakkar og lurte på kva eg skulle lage.  Det var frøkna som ønska seg Bartolomeogryte.  Sidan eg både hadde osterestar og x antal flasker ketsjup i kjøleskåpet, slo eg til.  Gryteretten vert best med tomatpuré, så eg hadde i litt av kvart.  Bildet er tatt før eg hadde i osten.

Gryterett
1 ms olje
1 løk, finhakka
200 g kjøtdeig

1 ms kveitemjøl
1 ½ dl mjølk
2 ms tomatpuré/ ½ dl ketsjup
1 krm karri
1 krm pepar
1 krm salt

½ dl riven ost

Ris
3 ½ dl vatn

1 krm salt
1 ½ dl ris

Slik gjer vi:
1. Steik løk og kjøtdeig i jerngryta.

2. Rør inn mjølet og ha i mjølk, ketsjup/tomatpuré og krydder. Lat dette koke i minst 5 minutt.

3. Strø over riven ost rett før servering.

Ris
Kok opp vatnet til risen i ei titanpanne med glaslok. Ha i ris og slå plata ned på 1.
Lat loket vere på slik at vatnet ikkje fordampar.
Når risen har kokt i 15 minutt, kan du slå av plata og la risen stå i 5 minutt til og trekke på ettervarmen.




                                       Eg prøvde riskrydderet mitt i går, og hadde i nokre frosne erter mot slutten av koketida.  Det var populært her i huset.  Krydderet var temmeleg smaklaust, så om ein vil, kan ein ha i pepar og salt i tillegg.

laurdag 2. oktober 2010

Handlerunde i Hareid

 Brødbakemaskina mi takka for seg for ei veke sidan.  Det er tungvint å greie seg utan, spesielt når ettermiddagane vert aktive.  Dette er mi fjerde maskin av dette slaget.  Dei to første varte i 3 år medan den siste i fire år.  Det kan nok forklarast med familiestorleiken. Konklusjonen er at ei maskin bakar ca 2000 brød.  Eg må og legge til at maskinene vert betre og betre.  Den første ville ikkje bake særleg grove brød t.d.
Desse tulipanløkane kjøpte eg på Spar i går kveld.  Sjølv om eg har jobba eit par timar i hagen i dag, har dei ikkje kome i jorda.  No håper eg på fint arbeidsver, så skal desse plantast.  Fleire vert eventuelt innkjøpt etter kvart.
 På E-design dumpa eg borti eit lite kurs i borddekking.  Det var interessant.  Eg hugsar ikkje namnet på bestikk og glas, men kjente det att frå interiørbloggar.  Tallerkane på eine bordet hadde sølvkant og kunne ikkje vaskast i maskin.  Å vaske bestikk etter eit selskap/ein fest er no ein ting, men finst det folk som kjøper tallerkar som må vaskast opp for hand?  Lysa fann eg på Bellis blomster ved sida av.
 Søndag kveld kjende eg nokre intense smerter i høgre kne.  De føltes som å bli stukke av ein kniv.  Måndag vart det skikkeleg ille.  Kva hadde eg gjort?  Jau, eg hadde vore i Ørsta og traska rundt i høghæla støvlettar!  Eg spøkte med at det berre er ein ting å gjere, nemleg å kjøpe seg nye med lave hælar.  Men onsdag var eg heilt bra att, og eg gjekk framleis i same stølettane.  I går fekk eg svaret.  Eg sette meg i bilen og køyrde over Eidet.  Då fekk eg svaret: Høge hælar gjev ikkje noko god stilling på gasspedalen! 

Støvlettane over var rimelege, men får gjere nytta som bilsko.
 På biblioteket fann eg desse bøkene i dag.

fredag 1. oktober 2010

Over bekken etter vatn

Som blogglesarane kanskje har fått med seg, føler eg behov for ein bytur i veka.  Då gjeld det å ha eit ærend så ein får lufte seg litt.  Ærendet i dag var å studere utvalet av brødbakemaskiner på Blåhuset.  For trur de ikkje at etter at foodprosessoren hadde stått på benken ved sida av brødbakemaskina nokre dagar, så slutta ho å steike.  Sidan både forma og skovlene er utslitne, løner det seg å kjøpe ny maskin.  Utvalet på El-kjøp var skuffande.  Dei hadde berre ei lita maskin.  Så då er det betre på Hareid! 

Men litt handelslekkasje vart det likevel.  Eg fann eit Cemo-krydder eg ikkje har prøvd.  Kanskje det er godt til fisk i karrisaus t.d.?  På Kid fann eg ei papirkorg til halv pris.  Den gamle får de ikkje sjå, men dei som har vore på besøk, forstår nauda.

I morgon slår butikkane på Hareid til med sal og utdeling av gåvekort.  kanskje de hugsar kven som vann i fjor?