torsdag 16. september 2010

Over Eidet etter bøker?

For å vere heilt ærleg, så var vel bibliotekbesøket helst eit påskot for å også stikke innom butikkar med 40 og 50% på alle varer.  På biblioteket var eg einaste kunde.  På Amfi var der ikkje verande.  Parkeringsplassen var full på kveldstid. Når eg ser fleire lange køar framfor kassene, snur eg i døra.  Då får sal vere sal.

8 kommentarer:

Besta sa...

Trudde du hadde lese Tapte døtre ?
Den andre boka er ein i trilogien til Vidar S, men eg veit ikkje nummeret. Er det nr 3 som er komen?Eg har venta ei stund på den, for mysteriet i første bok er enno ikkje løyst. Lurer på om han ikkje har løyst det sjølv enno.

solveig sa...

Det har eg ikkje, enno. Gler meg på den. Bra du seier frå om den andre, slik at eg får lese dei i kronologisk rekkjefølgje!

Besta sa...

Eg las den første i Sundstøl-trilogien utan å vite at det kom fleire bøker. Trudde slutten skulle vere slik ut i det blå....så fikk eg greie på at bok nr. to var komen, den innheldt 4 CD-ar.Eg vart lettare irritert over at vi heller ikkje no fekk løysinga. Har høyrt rykte om at nr.3 er komen. Så får eg håpe at gåta blir løyst-

solveig sa...

Fjerde boka hans dette. Den har fått Rivertonprisen.

Besta sa...

Kanskje fjerde BOKA-men kan ikkje vere nr.4 i ein trilogi.

Besta sa...

No har eg sjekka. Dtte er første boka i trilogien. Den andre heiter De døde. Begge har fått gode kritikkar og terningkast opp til 6.Ser ikkje ut til at nr.3 er komen, trur forfattaren slit med å finne den skuldige.

solveig sa...

Så pass! ...

solveig sa...

Eg har oppdaga at eg har lånt den før, utan å lese den.