Eg har utfordra Gunda til å kome med middagsrettar med kyllingkjøtdeig i. Denne kjøtdeigen har ikkje vore nokon suksessfaktor på skulekjøkenet - til no kanskje.
Kvifor bør ein velje kyllingkjøtdeig framfor vanleg kjøtdeig eller karbonadedeig? For det første er kyllingkjøtdeigen rimeleg, ca 22 kr for ein pakke coop. For det andre er kyllingkjøt miljøvennleg. Det trengst mindre fôr d.v.s. korn for å produsere det kvite kjøtet. For det tredje er den mager med 8% feitt, og kyllingfeittet er meir umetta enn oksefeitt.
Eg har eit rikt utval i Cemo blandingskrydder, men ikkje riskrydder. Eg las på baksida av boksane, lukta på nokre og kom fram til at eg ville bruke pastakrydderet.
Til no i dag har eg retta eit klassesett med vitaminprøver, så inspirert av det tok eg i tillegg til grønsakene i oppskrifta, med eit par gulrøter. Då er A-vitamindosen sikra. Eg fresa 1/2 skvåsj, 2 små gulrøter, 1/2 stor raud paprika, 1 raudløk og 1 kinesisk kvitløk i litt rapsolje. Grønsakene krydra eg med 1 ts pastakrydder.
Den kvite sausen laga eg med å piske saman 1/2 liter mjølk (Med D-vitamin som ein kunne fått i sola om ein hadde kome seg ut) og 3 ms kveitemjøl. Dette fekk smaåkoke litt før eg hadde i salt, pepar, muskatnøtt og sitronsaft. Eg steikte 1 pk kyllingkjøtdeig i sitt eige feitt før eg hadde i tomatpure, buljong og 1 ts pastakrydder. Dette fekk koke "tørt".
Då var det berre å legge grønsakene i forma og legge kjøtdeigen over. Eg hadde ost i sausen, men sparte litt til toppen. Det var ei blanding av Norwegia og Jarlsberg.
Alle her var samde om at retten smaka nydeleg! Neste gong lagar eg dobbel porsjon til oss fire. Om det var noko anna eg ville ha gjort annleis? Kanskje laga den kvite sausen litt tjukkare.