Eg har mange kokebøker, fleire av dei heiter noko med "Brød". Kvifor kjøper ein då endå ei? For det første har eg høyrt at folk liker den, fleire bloggarar har den. For det andre har eg fått høyre at eg må lese om bakeriet.
Det har eg gjort! Eg har lese historia om korleis gründeren byggjer opp ei bedrift som går godt. Eg har lese boka frå perm til perm. Her er mykje interessant. Han har fått andre til å skildre seg sjøv, så både Leif Ove Andenes, Ingrid Espelid og Arne Brimi har si eiga side. Bakaromnen har fått sitt eige kapittel.
Det er synest er mest interessant, er teoriane kring gjærbakst. Oppskriftene skal prøvast!
Dette gjer han rett i følgje ein norsklærar:
- Han har ei god historie.
- Han skriv om noko han har greie på.
- Han skriv engasjert.
(Å skrive om seg sjølv ...)
- Han har ein bodskap.
- God orden. Døme: Oppskrift+bilde over to sider.
Terningkast 6 frå meg, som er meir enn middels interessert i gjærbakst.
søndag 10. oktober 2010
laurdag 9. oktober 2010
Dyrking av hobbyar
I dag har eg dyrka to nyttige hobbyar, bokstavleg talt. I hagen har eg brukt saksa ein del og fått klipt vekk visne vekstar. Litt mold har dei fått og. Purpursolhatten, som eg flytta på seinsommaren, er på sitt finaste.
Aloha.
Dei av plantane i krukkene som eg trur har ein sjanse til å overvintre, har no kome i jorda. Nellikar kjem att år etter år.
Potteroser kan ein vere heldig med.
På kjøkenet dyrkar eg surdeig. Det har kome bobler.
Eg følgjer oppskrifta så nøye at eg også veg vatnet. Den nye deigen skulle vere i rein bolle med plastfolie.

fredag 8. oktober 2010
Om å kastrere ein katt
Etter å ha høyrt melodien "Eg vil ha ein liten katt" ei tid, gav faren etter, og frøkna skulle få lov til å få ein liten hannkatt. Ho var snar å bestille ein. Men kattemora tok ikkje mykje omsyn til ønske om kjønn og fødde tre nydelege hokattar. det var då eg greip inn. Frøkna må få katt og eg skulle følgje opp familieplanlegginga. I haustferien var det tid for sterilisering, eller kastrering som er det rette uttrykket i følgje veterinæren, og det er vel han som har greie på det.
Som den pysa eg er, må eg innrømme at eg grudde meg til heile greia. Eg hadde lova å køyre og betale. Frøkna førebudde katten med eit halvt døgn faste. Ho hadde med både reisebur og ei kasse med dyne i. Alt var reint og fint.
Katten skreik heile bilturen. Men då var det verste gjort. Veterinæren tok imot katten og vi fekk beskjed om å kome attende ein time etterpå. Då var det gjort. Katten var i framleis i narkose, så turen heim vart noko rolegare.
No skulle katten vere inne eit døgn i eit rom med vanleg romtemperatur. Vi plasserte henne på badet nede. Det tok ikkje lang tid før ho hadde kome seg ut av kassa. Svolten var ho og, men ganglaget var noko ustøtt. Snart ville ho opp trappa.
Kort fortalt var ho så fin etter 12 timar at ho hoppa opp på fanget mitt og mol. Vi meiner ho har tilgitt oss.
Det vert fødd alt for mange katttar. Veterinæren her avlivar omlag 100 i året. I tillegg så er det nok mange som gjer det sjølv. For Lucy gjekk operasjonen heilt fint. Ho skal ta stinga etter to veker og få ei vaksine mot kattepest "på kjøpet". Det heile kosta 1260 kr.

Eg er i gang ...
No har eg begynt å studere Schakenda sine teoriar om baking. Dei er ikkje så ulike Åpent bakeri sine. Men ein ting er annleis; framgangsmåten for surdeig. Eg har hatt eit par mislykka forsøk på å lage surdeig. Det eine la eg ut på bloggen. Det andre heldt eg for meg sjølv. Det som gjer at eg har mot til å prøve om att, er at denne framgangsmåten er annleis, og så skriv han litt om alternativ. Eg har t.d. ein mistanke om at eg hadde det litt varmt her, og at eg kunne gått raskare fram. Her skal surdeigen stå vekselvis på benken og i kjøleskåpet.
I boka er det oppskrifter der ein både brukar surdeig og litt vanleg gjær. Då kan det ikkje skjere seg 100%.
Ein blogglesar spurde meg om eg hadde eit tips for å unngå at grovbrød smuldrar. Då kan det vere lurt å bruke poolish. Dagen før, eller om morgonen viss du bakar etter arbeidstid, blandar du saman 1 dl vatn+1 dl kveitemjøl+ein ertestor bit fersk gjær. Dette får stå og boble. På bildet kan de sjå at det dannar seg ein deig med limaktig struktur. Framgangsmåten vidare: Lag dine vanlege brød med 1/2 pakke gjær.
P.S.
Du gjer sjølvsagt som du vil, 1/4 pakke er nok om du har god tid.

torsdag 7. oktober 2010
Av alle stader ...
... fann eg denne boka, som eg har ønska meg lenge, på OBS! på Moa i dag til ein fin pris; 199 kroner. Viss nokon av blogglesarane har baka frå boka og gjort seg sine erfaringar, så er eg takksam for tips!
onsdag 6. oktober 2010
Dei kallar det DEAL
Eg kallar det "å få attpå". Reint formelt heiter det "tilgift". Det har eg lært på bloggen til Alt godt. I dag kjøpte eg eit av oktobertilboda, mest for å ha ein illustrasjon til bloggen. For denne månaden kan eg puste ut. Ingen av dei tre tilboda er særleg freistande for meg.
I september derimot fylte eg matboda med ein haug tortillalefser og nokre pakkar Baligryte. Nokre kjøtdeigar fann vegen ned i frysaren, sjølv om eg har lova meg sjølv å ikkje fryse kjøtdeig.
I august var det "to for ein". Det finn ein framleis spor etter i frysaren min i form av kokt skinke og oppskoren ost. Leverposteinen, ja nokre var innom frysaren, forsvann fort.
For de må ikkje tru at eg kastar mat! Eg berre hamstrar! Er det studenttida, eller den tida eg metta ein familie på seks med ei inntekt, som sit i meg? Eller er det endå meir primitive instinkt. Ville ungane mine hatt større sjanse til å overleve i tidlegare tider. Forretningane utnytter i alle fall dette, for dei gjer ikkje noko som ikkje løner seg, for dei.
No håper eg at dei heller slår seg på slike tilbod som "Kjøp to esker druer og betal for ei". Vi kan kjøpe akkurat så mykje vil treng og kose oss dei to vekene tilbodet varer. Eller vent no litt, er ikkje druene det beste i frosen tropisk blanding?

tysdag 5. oktober 2010
Program 8:Jam
Då eg var i Oslo, var der ein kar som ville eg skulle kjøpe den største brødbakemaskina til studenten. Du kan lage syltetøy i den, var eitt av argumenta. Eg svarte vel at eg hadde hatt tre maskiner utan å ha laga syltetøy. Det må du prøve, meinte han.
Sidan eg har ny maskin, så får eg gjere det då. Porsjonen i oppskriftsheftet var på 500 g jordbær. Der stod også over 3 dl sukker, noko som er alt for mykje! 1 dl gir søt nok sylte.
Porsjonen gav akkurat eit glas på storleik med "Noras hjemmelagede". Det tok 1 time og 20 minutt å lage dette klumpefrie syltetøyet. Prisen kom på ca 35 kr. Det er vel heller tvilsamt at eg kjem til å nytte denne metoden meir.

måndag 4. oktober 2010
Bok 44: Sjanger: Spionar og agentar
Dette er ein kriminalroman i serien om Hamilton. Handlinga går føre seg i fleire land, og fleire presidentar er innblanda, noko som er vanleg i desse bøkene.
I utgangspunktet har eg ikkje sansen for at born av hovudpersonar i verken serieromanar eller fjernsynsseriar, vert kidnappa. Men Guillou skriv godt, og ein vert dradd inn i handlinga. Her vert det ikkje spart på effektane.
Små spark hit og dit krydrar romanen. Eg let meg underhalde!
De må gjerne lese meir her.

Utstyr må prøvast III - 5 om dagen
Det er kanskje ikkje aktuelt å rive grønsaker i maskina i det daglege, men det kan no vere greitt å vite korleis ein set ho saman. Eg brukte den finaste riveskiva, og den er noko midt i mellom fint og grovt på eit vanleg råkostjern. Til gulrotkake er vel dette ideelt?
Det er mykje snakk om "5 om dagen for tida". Råkostsalat er ein fin måte å få i seg grønsaker på. Ernæringsmessig er det nok den beste måten. Få vitaminar går tapt, og kroppen gjer seg best nytte av finrivne grønsaker. Sist, men ikkje minst, så likar ofte born best rå grønsaker.
Råkostsalat kan varierast etter smak. Gulrot, kålrot, kål og raudbete er kanskje mest vanleg. Av frukt kan ein bruke eple, appelsin og/eller ananas. Ein gong då frøkna var lita, spurde eg henne kva vi skulle ha til middag. Då svarte ho: "Rosiner". Rosiner eller svisker gjer råkostsalaten søtare. Eit anna tips er å bruke jus til dressing i staden for sitronsaft.

søndag 3. oktober 2010
Sjokoladekake i brødbakemaskin
No har eg sett meg føre å prøve ut flest muleg program på den nye brødbakemaskina. Eitt av dei er "Kake". Denne sjokoladekaka har eg laga etter oppskrift i heftet kvar gong eg har fått ny maskin. Det har ikkje gått så bra. Men ein veit aldri, kanskje dei har utvikla ei betre maskin?
Eg følgde sjølvsagt oppskrifta til punkt og prikke. Kaka såg ikkje så verst ut då ho var ferdig.
Men då eg skar i ho, såg eg at ingrediensane ikkje hadde blanda seg skikkeleg. Kaka var heller ikkje gjennomsteikt.Men det er rart kva som glir ned med ein klatt krem og litt hermetisk frukt.
Viss nokon av blogglesarane har andre erfaringar enn meg med kakebaking i brødbakemaskin, må dei gjerne gi meg eit hint!
Bartolomeogryte
Når niandeklassingane skal fortelje om noko godt dei laga på barneskulen, er svaret som regel "Bartolomeogryte". Eg vil helst kalle dette ein gammaldags gryterett. Skal tru om nokon veit kor gammal den er? I dag ville ein ikkje finne på å ha kveitemjøl i ein slik rett. Ein ville heller hatt i grønsaker. Når vi har laga den på ungdomsskulen, har temaet vore restemat. Oppskrifta er skriven for ungdommar.
I går stod eg der med eit par kjøtdeigpakkar og lurte på kva eg skulle lage. Det var frøkna som ønska seg Bartolomeogryte. Sidan eg både hadde osterestar og x antal flasker ketsjup i kjøleskåpet, slo eg til. Gryteretten vert best med tomatpuré, så eg hadde i litt av kvart. Bildet er tatt før eg hadde i osten.
1 løk, finhakka
200 g kjøtdeig
1 ms kveitemjøl
1 ½ dl mjølk
2 ms tomatpuré/ ½ dl ketsjup
1 krm karri
1 krm pepar
1 krm salt
½ dl riven ost
Ris
3 ½ dl vatn
1 krm salt
1 ½ dl ris
Slik gjer vi:
1. Steik løk og kjøtdeig i jerngryta.
2. Rør inn mjølet og ha i mjølk, ketsjup/tomatpuré og krydder. Lat dette koke i minst 5 minutt.
3. Strø over riven ost rett før servering.
Ris
Kok opp vatnet til risen i ei titanpanne med glaslok. Ha i ris og slå plata ned på 1.
Lat loket vere på slik at vatnet ikkje fordampar.
Når risen har kokt i 15 minutt, kan du slå av plata og la risen stå i 5 minutt til og trekke på ettervarmen.
Eg prøvde riskrydderet mitt i går, og hadde i nokre frosne erter mot slutten av koketida. Det var populært her i huset. Krydderet var temmeleg smaklaust, så om ein vil, kan ein ha i pepar og salt i tillegg.
I går stod eg der med eit par kjøtdeigpakkar og lurte på kva eg skulle lage. Det var frøkna som ønska seg Bartolomeogryte. Sidan eg både hadde osterestar og x antal flasker ketsjup i kjøleskåpet, slo eg til. Gryteretten vert best med tomatpuré, så eg hadde i litt av kvart. Bildet er tatt før eg hadde i osten.
Gryterett
1 ms olje1 løk, finhakka
200 g kjøtdeig
1 ms kveitemjøl
1 ½ dl mjølk
2 ms tomatpuré/ ½ dl ketsjup
1 krm karri
1 krm pepar
1 krm salt
½ dl riven ost
Ris
3 ½ dl vatn
1 krm salt
1 ½ dl ris
Slik gjer vi:
1. Steik løk og kjøtdeig i jerngryta.
2. Rør inn mjølet og ha i mjølk, ketsjup/tomatpuré og krydder. Lat dette koke i minst 5 minutt.
3. Strø over riven ost rett før servering.
Ris
Kok opp vatnet til risen i ei titanpanne med glaslok. Ha i ris og slå plata ned på 1.
Lat loket vere på slik at vatnet ikkje fordampar.
Når risen har kokt i 15 minutt, kan du slå av plata og la risen stå i 5 minutt til og trekke på ettervarmen.
laurdag 2. oktober 2010
Handlerunde i Hareid
Brødbakemaskina mi takka for seg for ei veke sidan. Det er tungvint å greie seg utan, spesielt når ettermiddagane vert aktive. Dette er mi fjerde maskin av dette slaget. Dei to første varte i 3 år medan den siste i fire år. Det kan nok forklarast med familiestorleiken. Konklusjonen er at ei maskin bakar ca 2000 brød. Eg må og legge til at maskinene vert betre og betre. Den første ville ikkje bake særleg grove brød t.d.
Desse tulipanløkane kjøpte eg på Spar i går kveld. Sjølv om eg har jobba eit par timar i hagen i dag, har dei ikkje kome i jorda. No håper eg på fint arbeidsver, så skal desse plantast. Fleire vert eventuelt innkjøpt etter kvart.
På E-design dumpa eg borti eit lite kurs i borddekking. Det var interessant. Eg hugsar ikkje namnet på bestikk og glas, men kjente det att frå interiørbloggar. Tallerkane på eine bordet hadde sølvkant og kunne ikkje vaskast i maskin. Å vaske bestikk etter eit selskap/ein fest er no ein ting, men finst det folk som kjøper tallerkar som må vaskast opp for hand? Lysa fann eg på Bellis blomster ved sida av.
Søndag kveld kjende eg nokre intense smerter i høgre kne. De føltes som å bli stukke av ein kniv. Måndag vart det skikkeleg ille. Kva hadde eg gjort? Jau, eg hadde vore i Ørsta og traska rundt i høghæla støvlettar! Eg spøkte med at det berre er ein ting å gjere, nemleg å kjøpe seg nye med lave hælar. Men onsdag var eg heilt bra att, og eg gjekk framleis i same stølettane. I går fekk eg svaret. Eg sette meg i bilen og køyrde over Eidet. Då fekk eg svaret: Høge hælar gjev ikkje noko god stilling på gasspedalen!
Støvlettane over var rimelege, men får gjere nytta som bilsko.
På biblioteket fann eg desse bøkene i dag.

fredag 1. oktober 2010
Over bekken etter vatn
Som blogglesarane kanskje har fått med seg, føler eg behov for ein bytur i veka. Då gjeld det å ha eit ærend så ein får lufte seg litt. Ærendet i dag var å studere utvalet av brødbakemaskiner på Blåhuset. For trur de ikkje at etter at foodprosessoren hadde stått på benken ved sida av brødbakemaskina nokre dagar, så slutta ho å steike. Sidan både forma og skovlene er utslitne, løner det seg å kjøpe ny maskin. Utvalet på El-kjøp var skuffande. Dei hadde berre ei lita maskin. Så då er det betre på Hareid!
Men litt handelslekkasje vart det likevel. Eg fann eit Cemo-krydder eg ikkje har prøvd. Kanskje det er godt til fisk i karrisaus t.d.? På Kid fann eg ei papirkorg til halv pris. Den gamle får de ikkje sjå, men dei som har vore på besøk, forstår nauda.
I morgon slår butikkane på Hareid til med sal og utdeling av gåvekort. kanskje de hugsar kven som vann i fjor?
Eksklusivt
Her kan de lese om dei nye supporterskjerfa. Akkurat no foregår det "arbeid for skjerf" i heimen.
torsdag 30. september 2010
Bringebærkake
Inspirert av meg sjølv, gav eg meg i kast med kakebaking i går. Eg ville prøve oppskrifta på blåbærkake. Den vi laga på skulekjøkenet vart blå i heile botnen. Var det på grunn av at vi brukte frosne bær, eller fordi dei hadde fått tine for lenge på kjøkenbenken. Ting tek tid på skulekjøkenet.
Sjølv bakte eg på vanleg måte, men venta med å hente bringebær frå frysaren heilt til røra var ferdig. Som de ser vart ikkje kaka mi raud! Ei venninne kom innom på kaffi. Då serverte eg kaka med vaniljekrem og krem.
Det vert nok litt kake i dag og, for som kjent likar eg ikkje å bake små kaker, så eg dobla oppskrifta.
Ein fordel med denne kaka er at ein som regel har ingrediensane i hus. I enkelte kakebøker er det ein eller annan spesiell ingrediens i alle kakene. Då står ein fast om ein skulle få lyst til å bake. Etter ein har handla, er kanskje inspirasjonen vekk.

onsdag 29. september 2010
Ja takk, begge delar!
Fiskaren i familien har etterlyst kveitemiddag. Eg har sagt at han må ikkje dra heim så mykje lange, makrell og lyr viss det er kveite han vil ha. I dag tok vi opp kveite. Men så begynte diskusjonen; skal kveita steikast eller kokast? Kva er best? Eg både steikte og kokte kveite, og vi er framleis usamde om kva som er best ...
tysdag 28. september 2010
Blåbærkake
Då restane av denne kaka kom på lærarrommet, var det nokon som ville vite kvar eg hadde plukka blåbæra. Eg måtte som sant seie at dei var plukka i frysaren til Prix. Det må vere lov!
Når ein har baka ein del, ser ein fort om ei oppskrift er grei. Dette er ei heilt vanleg kakeoppskrift der ein rører smør og sukker kvitt. I staden for blåbær kan ein bruke andre sortar bær eller frukt.
200 g smør
3 dl sukker
4 stk egg
1 dl mjølk
4 ½ dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
ca. 2 dl blåbær , evt. solbær, bringebær eller jordbær
(Vi brukte heile pakken)
Slik gjer vi:
Rør smør og sukker kvitt. Ha i eitt og eitt egg. Tilset melka vekselsvis med mjøll blandet med bakepulver og vaniljesukker.
Fordel røra i en bakepapirkledd, liten langpanne. Dryss over bæra (evt. frosne bær treng ikkje å tine først). Steik kaka ved 175 °C i 30-35 minutt.
Kaka er svært saftig og smakfull. Den er også fin å fryse.
Vi serverte kaka med krem.
Kjelde: http://www.matprat.no/artikkel.aspx?artid=3308
måndag 27. september 2010
Bok 43: Fæl og fengjande
Forfattaren av denne boka er fødd i 1958 i Beijing. Ho hadde sitt eige radioprogram der fram til 1997 då ho flytta til London.
Den engelske tittelen på boka er "A message from an unknown Chinese mother". Ein kan seie at dette er ei bok med ulike adopsjonshistorier. Men då ville ein gjort boka urett. Den handlar om så mykje meir!
Kva er det i den kinesiske kulturen som gjer at landet gir frå seg 120 000 jentebarn? Forfattaren viser oss at det er komplisert. Ein del av forklaringa er knytta til historia og kvinna sin verdi i dette samfunnet.
I bondesamfunnet må familien få ein gut for å få ein åkerlapp å leve av. Ei jente betyr "sveltihel", så her har ein plikt til å kvitte seg med jentebarn slik at det eine barnet ein let vekse opp er ein gut. Å kaste dei nyfødde jentebarna rett i ei bøtte vatn før dei får trekkje pusten, vert sett på som ein human metode.
Prøver ein, som forfattaren, å adoptere eit jentebarn når ein allereie har ein gut, vert ein fråtatt alle rettigheiter, også arbeidet. Det vil føre til at guten kanskje ikkje veks opp heller.
I fleire år er det lett å adoptere jenter til vesten. Takknemlege amerikanske adoptivforeldre sender filmar med veslejenta si tilbake til barneheimane. Dette gjer kanskje at fleire mødre vert freista til å sende jenta si til vesten og eit liv som "prinsesse"?
Eg har lese dokumentarbøker frå Kina før. Så eg veit kva som førte til eittbarnspolitikken. Det var kanskje eit nødvendig grep. Men den har absolutt sine offer.
Det skin gjennom at forfattaren er journalist. Ho belyser saka frå mange vinklar gjennom historier, brev og eigne opplevingar.
Eg meiner dette er ei viktig bok. Den er i kategorien "Les ei bok og bli klok".

søndag 26. september 2010
Vegen og funnen for lett
I dag plukka frøkna inn ein av dei søte piggsvinungane for å vege han. Det skal nok godt gjerast at han vert 750 g og greier vinteren. No matar ho han med ulike typar kattemat. Skal tru om ein varm oktober gjer at han legg seg i dvale seinare?
Dei fem finaste IV
Eg reknar med ar dette vert årets siste "Dei fem finaste", altså siste hagevandringa. Haustblomstrane står no i blomst. Eg bruker å seie at ein set størst pris på deiførste og dei siste plantane som kjem.
Haustfloks.
Fleire potteroser frå i vår står med knuppar og blomster.
I år har eg ikkje så mykje skvåsj. Eg rekk å ete dei og gje dei vekk før dei vert for store.
Dei spanske margerittene har kome i ny blomst.
Daturaen.

Pasjonsblomsten har blomstra i heile sommar.
I dag har eg bretta opp ermane og retta ein heil bunke bokmålsstilar. Tiandeklassingane søv seg ut i morgon. Men tysdag er dei her, og då vert det utlevering av det dei skreiv den dagen alt skar seg. Nokre straumbrot gjorde at datamaskinene var ute av drift.
Eg har ikkje laga middag i dag. Det er berre vi damene som er heime. No satsar vi på fersk fisk til kvelden når fiskaren kjem heim frå sjøen, mannen i huset frå Oslo og journalisten frå Aafk-kamp der han arbeider for VG nett.
Eit ferskt brød vart det til lunsj. Eg laga poolish i går kveld til landbrød. Det vart utruleg godt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)