Inspirert av meg sjølv, som eg plar seie , i dette tilfellet lista over populære innlegg til høgre, laga eg i dag sviskekompott til dessert. Det er nokre her i huset som helst vil ha gammaldags mat, og kva høver då betre enn kjøtkaker og sviskekompott?
5 dl vatn
2 1/2 ms sukker
1 pk svisker ev. aprikosar/fruktblanding
1 1/2 ms potetmjøl
1 dl vatn
1. Kok opp vatn og sukker.
2. Ha i sviskene og kok dei møre.
3. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn. Ta panna til side og ha jamninga i.
4. Gje kompotten eit raskt oppkok.
5. Ha kompotten i ei skål og dryss litt sukker på toppen for å unngå snerk.
Server med mjølk/fløyte og/eller vaniljesaus. Ein kan og piske krem og legge lagvis med krem, vaniljekrem og kompott som til grunnlovsdessert.