
Under 2.verdskrig bygde tyskarane eit kystfort på Kvitneset. Ein del av Festung Norwegen. Tyskarane hadde mange kanonstillingar her, strategisk plasserte ved Breisundet, som er innløpet til Storfjorden.

For 17 år sidan tok eg med meg ei 6. klasse på sykkeltur på Kvitneset. Då hadde eg fått tak i kart over området, og vore ut på førehand for å sette meg inn i stoffet. No ser eg at nokre av plakatane er øydelagde. Det er grunnmurane på husa som står att. Mange av tyskarbrakkene vart demonterte og nytta til mellom anna forsamlingshus etter krigen.

Der er gangar i terrenget der ein kan gøyme seg når ein går. Eg veit om foreldre som tek med borna dit for å leike krig. Om det er så trygt, er eg usikker på.

Ser de holene i fjellet? Tyske ammunisjonslager!

Inni her var kommandosentralen. Dette er ein bunker inne i fjellet med lange gangar oppetter fjellsida. Her treng ein lommelykt!
Vi parkerte bilen slik at det vart ein liten trimtur for oss, men det er muleg å køyre nesten heilt fram.