måndag 14. juli 2008

14.juli 1968

I dag ere det 40 år sidan Margrete vart døypt på mormor sin 64-årsdag. Det er artig å sjå blomane og interiøret elles!
Eg hugsar at eg var utolmodig, men eg var no berre 5 år. Eg hadde fått ny kjole som eg var kry av. Mamma hadde lova meg ny kjole dersom eg fekk meg ei søster.

5 kommentarer:

Besta sa...

Ja, 14.juli er litt av ein merkedag i familien. Margrete sin dåpsdag hadde eg gløymt i farten-men sjølvsagt hugsar eg den.Margrete var berre 3veker gammal då ho vart døypt.Middag hadde vi på Heimen(pensjonat) og kaffi heime.Audny og Hilde fekk ikkje vere i lag for dei hadde kikhoste og var redd for at babyen skulle bli smitta.

arieldog sa...

Her har vi feira dagen med resten av bæra til Besta og Besten + vaniljeis. Eg lever etter prinsippet "det er alltid noko å feire".

Besta sa...

Elles kunne vi jo også feira Frankrikes nasjonaldag!
På Velle Gamle skule hadde vi ei bok der det stod eit eller anna på kva dato, så viss vi hadde lyst på noko ekstra til kaffien ein dag, var det berre å slå opp.

Hildegard sa...

Stor dag, dåp i Eid kyrkje. Reknar med at det var Elin(Lappetausa) som passa dei som hadde kikhoste? Ho var trufast barnepike - og alltid i godt humør! Eidabesta

Elin sa...

Den kommentaren til eidabesta må du verkeleg ta med ei klype salt...eg knuste glasdøra i alleen ein gong eg passa tantebarn og var passeleg utolmodig! Nokre minner varer visst evig!
Elles kjekt å sjå gamle bilete, reknar med dette er frå sjukehus-leiligheta?