søndag 31. oktober 2010

Skjåkmjøl

Dette mjølet, som Schakenda snakkar varmt om i boka si, fann eg på Mega i Ulsteinvik.  Eg skulle til å putte litt av det i surdeigen min i dag, men då oppdaga eg oppskrifta på baksida.  Den er med hevedeig/poolish, så eg får spare mjølet og bake desse brøda ein annan dag.  Pris? 21,30 ser eg på handlelappen.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg ser at det er sammale bygg. Lagar du brød av det? Det er jo det same mjølet som vi brukte til klubb/ ball.
Vi kalla det grynmjøl.

solveig sa...

Eg har ikkje prøvd det enno, men Schakenda reklamerer for det, då med halvparten kveitemjøl, elles må det bli temmeleg tungt. Trur ikkje det vanlege byggmjølet er sammale.

Anonym sa...

Flott blogg :-) Her er det mange oppskrifter man kan bruke skjåkmjøl til : http://skjaakmjol.no/ - både brød og andre bakverk, desserter og kaker og masse annet godt. Jeg bruker masse av det og kjøper 10 kg sekk ( da halveres også prisen :-) ... minst )