tysdag 19. oktober 2010

Det fins folk som ikke vet hva de har i kjøleskapet

"Åpne kjøleskapsdøra og se hva du har!"

Wenche Andersen laga resterettar i dag.  Temaet i programminnslaget eg såg i opptak, var sløsing med mat. På Alt godt sin blogg var der oppskrift på amerikanske pannekaker.  Her kom det inspirasjon frå to kantar.  Jusstudenten kjem heim torsdag.  Han elskar pannekaker i alle fasongar.  Så i dag fekk det halde med resterett nummer ein, vaflar.  I tillegg til eit par halvfulle rømmebeger, hadde eg i rikeleg med egg, 1/3 sammalen kveite og 1/3 havregryn.

Ha ein fin tysdagskveld!  Eg skal kose meg med Grey's anatomy.

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Såg no godt ut dette! Eg måtte på jobb igjen i kveld, så her blei det ingen kaffimat. Bjørnar og eg kosar oss med Medium kvar tysdagskveld.

solveig sa...

Det er artig å ha eit program å sjå saman med ein av ungane. Olaug og eg lurer oss til å sjå litt av Jan Thomas sine program ...