fredag 30. april 2010

Fordi eg fortener det?

Ein av venene mine på Facebook heiter Floriss ...  Førre fredag var eg ikkje innom Facebook før etter helgahandelen.  Då såg eg desse fine appelsintrea.  I går var eg innom Floriss for å kjøpe noko lite til ei venninne.  Eg hugsa at ho fekk seg eit slikt lite tre i fjor.  Kanskje det var lurt å høyre med henne om det gjekk an å halde planten i live? 

Det vesle treet hennar viste seg å vere to år gammalt,  og det hadde vakse seg til ei buske!  Viss folk har råd å kome med, så høyrer eg gjerne på dei!  Skal eg ha det ut i sommar?

Ein annan ting eg lurer på, er om vi hadde eit sånt tre heime i min barndom, eller om vi berre kika på det i vindauget hos Håndlykken.

torsdag 29. april 2010

Handfaste bevis

I fjor var eg ute og fotograferte den tidlege våren 28. april.  I går gløymde eg meg, men i dag kom eg på at eg hadde bestemt meg for å ta bilde av same plantane eitt år etter.
I fjor hadde stod den mørkeraude peonen med knuppar.
I år er der liv, ja.
Tulipanar og liljer frå krukkene året før.
Skal tru om dei vert like fine i år?  Staudane som vaks i dette bedet i fjor, vart oppetne.   I dag fann eg fleire sniglar med hus.  Eg veit ikkje om eg skal offentleggjere avlivingsmetoden.
Rhododendronen hadde begynt å blomstre.
I år er der små knuppar.
Langs dette bedet med høge staudar har eg begynt på ei rad med påskeliljer.  Det er slike eg har pynta med ute og inne og på grava.  Bakarst har eg planta små stemorsblomster i gult og blått.  Vatn er her i alle fall nok av.

onsdag 28. april 2010

Kvitløksbagettar - steg for steg

Eg har lova ein ung blogglesar å legge ut oppskrifta på kvitløksbagettar. Så her skal de få ei steg for steg-oppskrift.
Deig til 4 bagettar
1/2 - 1 pk gjær
2 ms flytande margarin/olje/smelta smør
1 ts salt
4 dl lunken mjølk
(1 egg)

ca 10 dl kveitemjøl

1. Smuldre gjæren i bakebollen. Bruk gjerne kjøkenmaskin.
2. Ha i lunken mjølk, salt og olje. Egg gir luftige brød.
3. Ha i kveitemjølet og kna deigen godt.

Medan deigen hevar, lagar du kvitløkssmør. Bruk stavmiksar om du har.

1. Hakk 2 båtar kvitløk saman med nokre urter. Eg brukte oregano og grasløk i dag.
Du kan bruke timian og/eller basilikum også.
2. Ha i 50 g smør (Tine - ikkje margarin)

Når deigen har heva til dobbel storleik, deler du han i fire emne.

Kjevle kvart emne til eit rektangel ca 30x20 cm. Smør på 1/4 av kvitløksmøret. Rull saman og legg brøda på ei bakepapirkledd plate.

Lat bagettane heve under ein handduk ca 25 minutt. Skjer gjerne hakk i dei og pensle med egg.Steik bagettane ved 200 grader i ca 20 minutt.
Desse brøda smakar godt til kyllingrettar og supper.
Då eg tilbaud ei venninne av meg å bake kake til konfirmasjonen om vel ei veke, spurde ho om eg heller kunne bake brød. Ho skal få dei tre til venstre, focaccia, valnøttbrød og rundstykke.

tysdag 27. april 2010

Bok 18: Siste Wallander


Då eg for over ti år sidan begynte å lese Mankell sine bøker om Kurt Wallander, hadde eg ikkje lese krim sidan eg las Hardyguttene.  Men etter den tid har det vorte mykje krim.

No har eg avslutta den siste i serien, og eg sit att med eit inntrykk av at forfattaren no vil avslutte serien.  Midt i boka tenkjer eg at ha kjem til å ta livet av Kurt Wallander, berre for å få slutt på alt mas.  Ingen kan krevje at han står opp frå dei døde. 

Eg har altså følgt krimhelten frå han var ung politimann.  Dei fleste bøkene er skrivne etter same oppskrift.  Der skal vere hendingar frå andre land, og helst kontinent, som skal gripe inn i historia.  Det skal helst skje fleire drap.  Denne romanen er ikkje noko unntak.

Linda, dottera til Kurt, har fått baby.  Svigerfamilien hennar er hovudpersonar i krimgåta.  Den kalde krigen er bakteppe.  Svigerforeldra forsvinn.  Kan ho ha vore spion?  Så forsvinn svigerfaren.

Vi møter ein aldrande Wallander.  Han reflekterer mykje rundt det å bli gammal.  Bestefarrolla er viktig for han.  Han mimrar også mykje kring gamle saker og gamle forhold.  Dette må vere boka for dei som ønskjer å vite slutten.

P.s.
- Han dør ikke, men det skjer noe som gjør at det ikke går an å fortsette, avslører Mankell om boken, «Den urolige mannen», som kommer i august i år.  Nrk

måndag 26. april 2010

Brødet var nesten det beste!

No er vi som eg har fortalt om tidlegare, inne i ein periode med "Brød og tallerken".  Halve gruppa, 6-7 elevar bakar grovbrød og dekorerer brødpose, medan resten lagar middag på tallerkar.  Brødbakarane er då sjølvsagt gjester.  I dag hadde dei to middagsgruppene samarbeidd om planlegginga, så middagane vart omtrent like.

Då dei planla ville dei kjøpe bagettar og lage kvitløksbagettar.  Men så var det det at læraren krev at dei lagar frå grunnen av.  Så i dag laga dei loffdeig, og så hjelpte eg dei med å lage kvitløksmør til å ha inni.  Framgangsmåten var som til "kanel i svingane". 

Her er ei enkel oppskrift for røynde bakarar.

4 bagettar
4 dl mjølk
2 ms smør eller olje
1/2- 1 pk gjær
1 ts salt

9-10 dl kveitemjøl

Kvitløksmør
50 g smør
2 båtar kvitløk
urter
(Vi brukte persille og oregano, men basilikum er og godt)

Lag vanleg loffdeig.  Hev deigen.  Del i fire.  Kjevle emna ut til firkantar.  Smør på kvitløksmør og rull saman.  Hev bagettane.  Skjer gjerne nokre snitt i dei før steiking.  225 grader i 15-20 minutt.

søndag 25. april 2010

Kva gjer jobben med deg?

No har eg retta ferdig to tentamensbunkar, ein i hovedmål og ein i sidemål.  For å slappe litt av tek eg meg av og til ei butikkrunde i næraste by.  Eg veit ikkje korleis andre har det, men i ein slik retteperiode er det spesielt plagsamt for meg med plakatar fulle av skrivefeil.  Desse som eg har funne på facebook-sida pult ost og lamme lår, er berre (ufrivilleg) morosame!  Og slike handskrivne plakatar er vel berre framme ein kort periode. Men så kjem eg nær ein ny butikk i Ulsteivik som har fått laga ein dyr plakat: Noke for einkvar. 

laurdag 24. april 2010

Tamilsk geburtsdagsfeiring


Tamilane har stor feiring når borna fyller eitt år.  I fjor skjedde det så mykje trist på Sri Lanka, så det høvde ikkje å ha fest.  Så Thanura måtte vente til ho vart to med si feiring.  Dette er bursdagskaka hennar.
Broren som fylte seks år for to dagar sidan, hadde si eiga kake.  Eg kjøpte like store gåver til begge to, duplo til hanne og lego til han.  Tamilane gjev helst konvoluttar.  Dei får nok omtrent like mykje som ein norsk konfirmant.  Nokre fleire gjester er der nok, eg talde 18 bord med plass til 8 rundt kvart.

Det er mennene som kokar.  Dei hadde starta klokka to i natt for å lage rettar til bufféen.  Der var eit godt utval av varme rettar, salatar og ris.  Brød brukar dei ikkje. 
Etter kvart vart det underhaldning med song, dans og leikar på scena.  Denne konkurransen forstod vi etter kvart.  Dei skulle ha 13 jenter til å halde kvar si nummermappe.  Inni stod det tal for kor mykje pengar dei kunne få.  Men tre av jentene hadde 0 inni si mappe.  Ein skulle trekke 5 tal.  Fekk ein 5 summar, fekk ein pengepremie, men heile premien rauk om ein fekk ein 0.  Ein og ein vaksen person fekk prøve seg.  Desse vart heldt litt moro av.  Vi fekk føle korleis det var å vere i mindretal og ikkje forstå språket.   Berre eitt ord gjekk att og var lett å forstå "nømberr".  Men dei var flinke å sende ein person bort og forklare for nordmennene.  Dei spelte ikkje om pengar på rett i dag. 

I sekstida begynte dei å dele ut forfriskningar i form av leskedrikk.  Då kjende eg at kaffitørsten kom sigande.  Eg hadde ikkje smakt sorten sidan frukost.  I raskt tempo vart det bore fram kaffi og eit sunnmørsk kakebord med marsipankaker, sjokoladekaker, ostekaker,gulrotkake, blautkake, kvæfjordkake og tamilske spesialitetar. Eg var no frekk nok til å spørje om det var mannfolka som hadde laga kakene og.  Det var det ikkje.

Men pyntinga står karane for!  Før vi takka for oss, gjekk vi fram til dei to borna med gåver og la dei på bordet.  Alle måtte stå der og bli filma og fotograferte.  Vi naboane gjekk fram saman.
Her har naboamilien vår skifta antrekk.  Det var sikkert ein travel, men kjekk dag for dei.

Hadarstafetten 2010

I år var det Håkon som var med på vinnarlaget, i seniorklassa.  Øystein deltok i bedriftsklassa og Olaug på eit skulelag.  Mora var heime og retta sidemålsstilar.

fredag 23. april 2010

Grovbrød - eit undervisningsopplegg

På denne tida av året lagar vi grovbrød på skulekjøkenet.  Elevane lagar si eiga oppskrift og dekorerer sin eigen brødpose.  På baksida av posen skal der vere produktinformasjon. 

Første delen av oppskrifta er felles.  Eg vil sjølvsagt vere sikker på at alle brøda skal bli vellykka.

Grovbrød
3 dl vatn
1/2 pk gjær
2 ms olje
3/4 ts salt

125-250 g kveitemjøl
+ grove mjølsortar
tilsaman 500 g mjøl

Til inspirasjon viser eg mange brødposar.  Min eigen er enkel, seier eg, de greier betre!  Elles viser eg ulike sammalne mjøltypar, gryn og frø og snakkar om eigenskapane deira.  Elevane kastar seg over denne oppgåva.  Eg ser mykje skaparglede.
Dette er baksida av ein av dagens brødposar.  Brødmerke, grovprosent, ingrediensar etter rekkjefølgje og vekta må vere oppgitt.  Framsida er opp til eigen fantasi.

Ein biverknad håper eg vert at dei ser på informasjonen brødposane når dei kjøper brød.  Eg heng ut desse brøda for "Kids" som har ein grovprosent som nærmar seg loff.  Små born treng meir jern og dermed grovare brød enn vaksne.  Brødet eg kjøpte i dag er 100 % grovt.

torsdag 22. april 2010

For dyr for norsk TV ...


... men ikkje for meg!  79 kr, nærare bestemt, betalte eg for sesong 6.

onsdag 21. april 2010

Tallerkenmodellen - eller middag for 100 kr

Oppgåva på skulekjøkenet denne veka er å planlegge, for så å lage ein middag til 5-6 personar for 100 kroner.  Er det muleg?  Av og til får ein drahjelp frå uventa hald, i år frå Rema 1000. Elevane får høve til å bestille 1/4 eller 1/2 av varer som t.d. agurk og salat.  Dei får også "betale" for akkurat så mykje av t.d. ost og rømme som dei treng. 

Målet er sjølvsagt at ein skal lære seg kva mat kostar.  Eg har laga prislister til dei på vanlege matvarer.  Når det gjeld t.d. paprika og tomat, skriv eg opp stykkpris.  Det viser seg at prisen ikkje er det største problemet.  Problemet i grupper på tre er at nokon av og til må gje seg.  Nyttig lærdom det og.  Eg bruker å ta bilde av tallerkane dei presenterer.  Ein "et" litt med augene og.

Illustrasjonsfotoet er dagens middag i heimen. Eg hadde kjøpt kjøtbollar til ca 50 kr på nettopp Rema 1000.  Dette er middag til godt under 100-lappen. Sausen er laga av pulver, men potetstappa er heimelaga.  Eg skrelte store poteter og delte dei i 6-8 bitar.  Då kokar dei fort.

Kommentar i heimen: "Oj, svensk mat!". 

tysdag 20. april 2010

Vår i hagen?

29. april i fjor hadde eg eit blogginnlegg om kor langt alt var kome. Om fire dagar skal eg prøve å finne fram dei same vekstane.
Rabarbraen er ny av året. No er eg i utgangspunktet skeptisk til rabarbra.  Den inneheld mykje oksalsyre  som stel kalsium frå kroppen.  Men så dukkar det opp oppskrifter som eg får lyst å prøve.  Og i små mengder kan det ikkje vere så skadeleg.

Ein bør berre passe på at små born ikkje finn på å ete blada på rabarbaraen, for dei inneheld større konsentrasjonar av oksalsyre.  Nokre stader står det at dei er giftige.  Mengda småungar får i seg av vanleg rabarbra, avgrensar seg som regel sjølv, berre ein har vit å ikkje gje dei sukker i ein kopp til å dyppe i.
Av løkplantane er det berre snøklokkene som blomstrar, men her er både kuleprimula og vanleg primula i blomst no.
I dag oppdaga eg ein annan positiv effekt av å blogge.  Eg deltok i ei marknadsundersøking, og sånn heilt på tampen spurte ho om eg kunne tenke meg å svare på ei  papirutgåve.  Då såg eg overskrifta for meg: Neste år seier eg nei!  Det er eit ganske tjukt hefte spør eg?  Det måtte ho svare bekreftande på.  Og eg sa som sant var at i fjor bestemte eg svarte på ei sånn undersøking i fjor og bestemte meg då for å seie nei neste år.  Det var heilt greit.

måndag 19. april 2010

Bok 17: Hypnotisert?


Av og til trur du at du har lese den beste krimboka på lenge.  Slik hadde eg det med den danske Kvinnen i buret. Den var ny og original.  Eg lånte den den til ein krimkompis som las den på eit par dagar. Han likte den godt.  Så kom han med denne til meg, sånn sidan eg likte den danske.

Lars Kepler er eit pseudonym.  Boka er skriven av eit svensk ektepar.  de kan lese meir om dette her. 

Der er to hovudpersonar i boka, legen som har slutta å hypnotisere, og politimannen Joona - krimhelten som "alltid har rett".  Hendingar frå fortida vert avdekte lag for lag samtidig som hendinar i samtida dreg forteljinga framover.

I går bestemte eg meg for å rette hovudmålstentamenane først, og etterpå var det fritt fram for krim.  Dette er ein pageturner på 527 sider.  Eg las halve boka.  I periodar summa det nokre fotballkampar i stova.  Det kopla eg heilt ut.  Eg stod til og med over nyheitene for å kome i mål før midnatt.

Som de forstår, er dette krim for krimelskarar!

Bibliotekrunde

I dag fann eg ut at det var einaste ettermiddagen eg hadde sjanse til å kome meg over Eidet denne veka.  Eg fekk levert inn att bøker både på Hareid og i Ulsteinvik.  Som de ser, lånte eg nokre nye.  Begge dei to øvste er seriebøker.  Sjølv om dei kan lesast kvar for seg, har eg lyst å lese dei i rett rekkjefølgje.  Jorun Thørring si trur eg er den førstei serien.  Den andre får eg legge på vent.

søndag 18. april 2010

Snøvinteren - eit lite apropos

Bror min har skaffa seg utstyr til digitalisere gamle lysbilde.  Dette bildet er frå den tida vi budde på Melle, truleg frå 1969?

Dette trur eg må vere i 1970.  Eg hugsar godt den ekle blusen i stivt materiale som "kleia" noko heilt forferdeleg.  Lampen i taket var noko av det finaste eg visste.  Eg forstod ikkje at dei ville byte den ut.  Resten av interiøret hugsar eg lite av, men det er artig å sjå det att.

Kvit snø

Viss det no skulle kome noko svart frå himmelen i morgon, så vert det tydeleg på kvitt underlag.  Planen min i dag var å gå ut i hagen og legge ut blomsterbilde.  I går ettermiddag vart det såpass fint at eg fekk meg eit par timar i hagen.

Jentelaget skal spele to kampar på Bergsøy stadion i ettermiddag.

laurdag 17. april 2010

Bygg i brød

I gårsdagens dagblad dukka det opp ei dobbelside med Brimi som bakar brød og kaker.  For meg er dette ei kjærkomen avveksling til fotball og finans - for å seie det sånn.
Eg må med ein gong innrømme at eg ikkje følgde oppskrifta, men heller let meg inspirere av ei av oppskriftene, nemleg den som heiter Viavangbrød.  Medan Brimi bakar med Skjåkmjøl, brukar eg sjølvsagt mjøl frå Volda Mylne.  Dette sammale byggmjølet ersvært sunt og med høgt fiberinnhald.

I ei oppskrift med 5 dl væske (vatn), bruker Brimi 2 dl byggmjøl og resten (10 dl) kveitemjøl.  Ein kan ikkje ha så mykje bygg i brød sidan det ikkje inneheld særleg med gluten. Elles treng ein 1/2 pk gjær og litt olivenolje.

Eg laga deigen i brødbakemaskina.  Eg berre velta den ned på bakepapiret som eg hadde litt olivenolje på og forma brødet lett.  Utsjånaden vert dermed litt underordna.  Brødet smakte godt.  Det passa godt til minestronesuppa.  Elles høver det godt til egg og spekemat vil eg tru. 

Ein annan kommentar til Brimi si oppskrift: 1 ms salt?  1 ts må vere nok.

Laurdag 17. april

Viss nokon sit på Austlandet og lurer på kva ver dei har reist frå, så finn de svaret her.  Det høljregnar og temperaturen er + 4 grader.  I går snøa det langt ned i fjella.

fredag 16. april 2010

Seriestart og suppe

I dag vann Hareid opningskampen på heimebane 4-3.  Sidan eg venta tre frostige karar heim etter kamp, slo eg til med ei minestronesuppe.  Eg har no utarbeidd min eigen variant som gjev 3-4 l suppe.

1 pk kjøtdeig
2 små løk
olje til steiking

3 store/6 små poteter
3-4 gurøter
1 purreløk
1-2 fedd kvitløk

2 boksar tomatar + like mykje vatn (skyl boksane)
2 buljongterningar/kraft
400 g riven skvåsj frå frysaren (kan sløyfast/erstattast med skvåsjbitar)
2 ts oregano
smak til med salt og pepar


Steik løk og kjøtdeig i olje.  Skjer opp grønsakene og surr dei litt i gryta før du har i resten.  Kok til grønsakene er møyre.

Ein kan ha bønner, kikerter eller sammalen makaroni i om ein vil.  Eg synest suppa er mettande i seg sjølv, men ferskt brød er godt til!

Rettepause

Når ein norsklærar skal ta seg ein pause mellom 50 tentamensstilar, kjem det eit gratis magasin  i postkassa.  Men vert det pause eller vert han/ho sitjande med pennen i handa?
Dette Bymagasinet er reklamefinansiert.  Innimellom reklamen finn ein nokre originale artiklar, men også stoff som er tydeleg innkjøpt t.d. ein artikkel om Roma.  Bladet er påkosta kulørt papir.  I neste utgåve håper eg dei tek seg råd til ein korrekturlesar. 

torsdag 15. april 2010

Barnebyte?

Vaksne kan seie mykje rart til dei som nettopp har fått småsøsken.  For snart 13 år sidan fekk 3-4-åringane spørsmål om dei ville byte småsøsken.  Det ville dei gjerne.  Jenta kunne godt tenkt seg ei syste, og her i huset var alle innstilte på ein bror, ja, dei påstår enno at han til og med skulle heite Bror, hadde vi sagt.  Ein dag sat yngstemann og såg på frøkna: "Ho liknar no litt på ein bror". Då var han på gli.  Ein ting er sikkert, at det å ha jamgamle søskenbarn som ein har jamn kontakt med, er veldig kjekt.