onsdag 31. mars 2010

Gulrotsuppe

I går gjekk eg forbi ein butikk på Amfi i Ørsta der dei reklamerte for solkrem og betakaroten.  På 70-talet var det populært med slike gulrottablettar.  Det oransje betakarotenet kan, viss ein et det i store mengder, legge seg i underhudsfeittet og så vil huda sjå gulbrun ut.  Det er ingen grunn til å ta betakaroten for ernæringa sin del.  I 50 g gulrot er det nok betakaroten til å dekke dagsbehovet.  Der er eit lite men; kroppen treng feitt for å ta opp dette forstadiet til A-vitamin. 

Dei lærde diskuterer om kroppen vår kan gjere seg nytte av vitaminar i tablettform. I veka som var laga eg ei gulrotsuppe som fall i smak her i familein.  Eg ser at ein kan få kjøpt krema gulrotsuppe i pose.  (Eg reknar med at blogglesarane har fått med seg mi meining om pulvermat.)  Den inneheldt koriander.  Eg anbefaler å starte med å lage denne milde skulekjøkenvarianten, og så kan ein tilpasse den sin eigen smak etter kvart.

Gulrot- og ingefærsuppe
1 liten løk, i bitar
1 båt kvitløk, i bitar
1 ms olje

ca 300 g gulrøter, i tynne skiver
ca 1 cm ingefærrot, i skiver (sterk!)
5 dl vatn
1 hønsebuljong-/grønsakbuljongterning

1/2 dl mjølk/fløyte/kokosmjølk
1/2 krm pepar
(urter, finklipte)

Surr løk og kvitløk i olje.  Ha i grønsaker, buljongterning og vatn.  Kok minst 10 min.  Mos suppa med stavmiksar.  Ha i mjølk og krydder og kok opp.

Som til alle supper, smakar det godt med brød til.

tysdag 30. mars 2010

Bok 14: Oppvekstroman


I 10. klasse las vi utdrag frå ungdomsromanen Yatzy av Harald Rosenløw Eeg.  Det gjorde at eg bestemte meg for å lese denne romanen av same forfattar. 

Løp hare løp gir seg ikkje ut for å vere ungdomsroman - dessverre.  Det ville den kanskje fungert som.  I staden syneset eg forfattaren blandar sjangerar.  Ei forsvinning gjer t.d. at ein lurer på om det er krim.

For at ein oppvekstroman ikkje skal gå inn i rekkja "dette har vi høyrt før", må den ha eit særpreg.  Det manglar romanen.  Språket er alminneleg, og om boka skulle ha humor, så treff den ikkje meg. Eg synest ikkje forfattaren greier å behandle tema i boka på ein interessant måte.

Les gjerne meirom boka her.

Viss de går inn på Wikipedia, ser de at dette er den første vaksenromanen til forfattaren.

Bibliotek

Dette er dei bøkene eg fann på biblioteket her i går.  Elles har eg liggande ein del lydbøker på MP3-en/datamaskina som eg ikkje har lese enno.  Desse merkar eg no med etiketten "bibliotek", så kan eg finne dei på bloggen etter kvart.  Den islandske krimboka er t.d. eit stykke ut i rekka.  Eg får sjå om eg får lånt dei i kronologisk rekkjefølgje.

måndag 29. mars 2010

Mi første marsipankake

Då eg flytta til Hareid for snart 22 år sidan, var her to bakarar.  No er her ingen.  Til og med bakeriutsalet er lagt ned.  Skal ein bstille ei kake, må det skje gjennom butikk.  Prisane er heller stive, 450-500 kr for ei vanleg marsipankake.  Sist eg bestilte, vart eg heller skuffa.  Kaka var altfor søt, og det var lite krem i den.  Før i tida bestilte vi nydelege kaker hos bakar Thor.  Det var skikkeleg handverk.  No har vel bakeria vorte reine fabrikkane.

Eg hadde lova mamma å bake blautkake og sviskekake til dagen hennar.  Så kom eg på at det kanskje var på tide å lære seg å bake marsipankake.  Eg er ikkje pirkete av meg, noko folk kanskje trur. Den største utfordringa låg i pynten. 
Oppskrift til makronbotn fann eg i "Ta kaka" s. 55.  Oppskrifta var til 20 cm stod der, så eg gonga med 1,5.  Det skulle eg ikkje ha gjort!  Lengre bak i boka stod same oppskrifta til 26 cm form.  Så viss nokon av blogglesarane vil prøve seg på makronbotn anbefaler eg 100 g sukker og 100g malte nøtter/mandlar.  Eg synest nøtter gir best smak, men unngår det derson eg veit folk er allergiske.

Framgangsmåten er enkel.  Ein blandar halvparten av sukkeret i nøtteblandinga og halvparten piskar ein stivt saman med 3 eggekvitar.  Bland godt og steik i ei bakepapirkledd form.  Eg sprayar forma med olje.  Då er ho omtrent like rein etterpå.  Eg måtte ikkje vaske den før eg laga sukkerbrød i same forma.

Sukkerbrød 24 cm
4 egg
1 1/2 dl sukker

1 1/2 dl kveitemjøl
1 dl potetmjøl
1 1/2 ts bakepulver

Pisk eggedosis av egg og sukker.  Bland det tørre saman og sikt det på.  Bruk sleikjepott og vend mjølet forsiktig inn.  Steik ved 175 grader i ca 1 time.

Eg la makronbotnen nedst.  Elles fylte eg med ein stor pakke fløyte til krem, 1 pk vaniljekrem og eit beger Nora rørte bringebær.  Eg dynka med appelsinjus.  Ein kan sjølvsagt bruke mjølk eller anna jus.

Så langt er eg veldig fornøgd med kaka.  Men der er betringsmulegheiter både når det gjeld å få marsipanloket pent på, og når det gjeld pyntinga.  Eit litt større fat hadde vore ein fordel.  Men dette gjekk inn i Tupperwaren.  Eg berga kanten med å spøyte på litt krem.

Konklusjon: Bakarane kan å pynte, men det er ikkje vanskeleg å lage velsmakande kaker sjølv!

søndag 28. mars 2010

Mimring

Vi snakka litt om dette med hukommelse i dag.  Eg hugsar godt mi mormor sin 70-årsdag.  Då var eg elleve år. Eg var sjuk dagen før, og var redd for at eg ikkje fekk vere med til Singer.  Heldigvis friskna eg til.  I går vart frøkna dårleg.  Ho fekk vondt i halsen og hovudverk.  Ho sovna på sofaen om ettermiddagen, noko som er heilt ulikt henne.  Eg stilte spørsmål om historia ville gjenta seg.  Heldigvis vart ho og frisk nok til å fare i mormora sin 70-årsdag. 

Medan systra mi hugsar at ho lagde scener fordi ho ikkje likte blomkålsuppe, hugsar eg at pappa åt suppa hennar.  Mamma meiner at sanninga ligg midt imellom.  Det er slik med desse barndomsminna.  Dei er ikkje alltid like etterrettelige - for å bruke eit bokmålsord.  Eg meiner i alle fall at eg var innom ein stad der eg såg fargefjernsyn for første gong denne dagen, altså 14. juli 1974.  Kan nokon bekrefte det?

Elles hugsar eg at ho som dreiv Singer, var motstandar av brus, men yngste søskenbarnet mitt spurte så fint at det kom brus på bordet likevel.  Vi fekk sjå oss rundt i husa der, og eg vart spesielt imponert over alle himmelsengene.  Dagen hennar var full av inntrykk.

Så var det mamma sin 50-årsdag som eg hugsa så godt.  Bodil og Svein var der.  Audun var baby og sov heile dagen.  Eg var sikker på at eg hadde bilde av henne og barnebarnet.  Kvar dette bilde eventuelt har vorte av, veit eg ikkje.  Men eg finn eit bilde av henne og Håkon.  Kan det vere på 54-årsdagen?  Det er i alle fall ikkje langt unna.  Og så fann eg bilde av mamma og pappa den tida dei hadde fire barnebarn.

Takk for i dag!

I dag feira vi mamma på Sæbø.
Ho feira dagen saman med gode naboar frå Starevegen i tillegg til oss to døtrene med familiar.  Ho overlet matlaginga til hotellkokken.  Eg veit ikkje kven det var, men nydeleg mat laga han/ho.  Der var fleire varme rettar på buffén i tillegg til lakserettar og spekemat.  Det har vore skikkeleg innever i dag, og eg synest det smakte spesielt godt med lammeskankar og anna varm mat.
Desse to framførte song til mormor som dei hadde dikta sjølve.Vi fekk trekke oss attende til ei stove i 2. etasje der vi fekk vere for oss sjølve.




Kakebordet må sjølvsagt fotograferast!

Fotoapparatet mitt samarbeidde ikkje i dag.  Det er godt å bruke ute og inne her i huset, men i større lokale vert det nok for lite.  Eg skal kjøpe meg speilreflekskamera, men har vore usikker på skilnaden på dei ulike variantane.  I dag fekk eg ein kort leksjon av stjernemannen, som frøkna kallar han.  Han tok mange bilde, så eg håper mamma dei tilsendt.

Gratulerer mamma!

I dag fyller mamma, eller Besta som ho kallar seg på bloggen, 70 år.  Familiebildet er frå i sommar.  Olaug er mor til tre og bestemor til elleve.

No står vi på farten og skal køyre til Sæbø for å feire henne saman med gode naboar.  Meir feiring kan det bli seinare.

laurdag 27. mars 2010

Bakedag

Innimellom baking til Bestas bursdag, laga vi ein bolledeig i dag som vi har forma etter inspirasjon frå denne sida. Mitt første forsøk liknar meir på ein katt?

Ja, her i heimen vart det kattepusar! Her overgår ho mora.

Klar for katt

Eg veit ikkje kor mange timar frøkna har studert ulike utstyrspakkar til katt på nett.  For eit par dagar sidan kom ho opp med eit forslag om innkjøp i dei lokale butikkane.  I går var vi innom tre butikkar med katteutstyr, og då er ikkje matbutikkar medrekna. 

Ho har lagt ut bilde av kattemora og utstyret på bloggen sin.  Responsen på katteinteressa er nok heller laber i heimen.  Når katten blir født, vaknar vi truleg.  Katteinteresserte blogglesarar må gjerne kome med kommentarar på bloggen hennar.

fredag 26. mars 2010

Det er ikkje lett å pynte ei rose ...

... men i går hadde frøkna pynta ein orkidé med formingsprodukt frå barneskulen.  Slike produkt veit eg det ligg mykje arbeid bak, både for lærar og elevar!

torsdag 25. mars 2010

Kosetime



Eit langt liv som lærar har lært meg at ein bør unngå ordet kosetime. Det ein risikerer då, er at elevane på slutten av kjem med ein halvsur kommentar om at det var ein heller kjedeleg kosetime.  Nei, det er betre å finne på noko litt annleis ein vanleg time.  Då risikerer ein at nokon kjem med ein kommentar om at det var ein kjekk time.

I dag planla eg ein litt annleis engelsktime.  Eg tok med "England's rose"-CD-en min.  Det er lett å finne lyrics på nettet.  Eg tok ut nokre ord, slik at elevane fekk konsentrere seg om å sette dei inn i teksten samtidig som dei lytta.  Deretter spelte vi songen og song attåt.  Frivilleg lekse var å finne videoen frå gravferda på You Tube.

Her er mykje å samtale om.  Ulykka, paparazzi, gravferda, songen som vart skriven om,  Diana,  Elton John - you name it!



Elton John - Candle In The Wind (Princess Diana Tribute) lyrics

Goodbye England's rose
May you ever grow in our hearts
You were the grace that placed itself
Where lives were torn apart
You called out to our country
And you whispered to those in pain
Now you belong to heaven
And the stars spell out your name


And it seems to me you lived your life
Like a candle in the wind
Never fading with the sunset
When the rain set in
And your footsteps will always fall you
Along England's greenest hills
Your candle's burned out long before
Your legend never will


Loveliness we've lost
These empty days without your smile
This torch we'll always carry
For our nation's golden child
And even though we try
The truth brings us to tears
All our words cannot express
The joy you brought us through the years


And it seems to me you lived your life
Like a candle in the wind
Never fading with the sunset
When the rain set in
And your footsteps will always fall you
Along England's greenest hills
Your candle's burned out long before
Your legend never will


Goodbye England's rose
May you ever grow in our hearts
You were the grace that placed itself
Where lives were torn apart
Goodbye England's rose
From a country lost without your soul
Who'll miss the wings of your compassion
More than you'll ever know


And it seems to me you lived your life
Like a candle in the wind
Never fading with the sunset
When the rain set in
And you footsteps will always fall you
Along England's greenest hills
Your candle's burned out long before
Your legend never will

onsdag 24. mars 2010

Solveigs skjulte sider 2

No har pakken kome fram til Kongsberg, og eg kan vise fram strikkeprodukta mine.  Eg begynte med den største størrelsen Blåfjellvottar og arbeidde meg nedover.  Kanskje dei største vart til mor?

Konferansetime

... eller kontaktmøte som vi kallar det.  Sjekk denne:

http://www.dubestemmer.no/Greit+nok+med+konferansetime....9UFRfU1A.ips

tysdag 23. mars 2010

Gratulerer Ingeborg!

I dag vil vi gratulere Ingeborg med 17-årsdagen! 

Eg hugsar godt den dagen ho vart fødd.  Då eg høyrte at eg hadde vorte tante til ei lita jente, var eg snar og heiv meg rundt og for ut på Cubus i Ulsteinvik og kjøpte den finaste rosa sparkebukse i størrelse 56 eg kunne finne.  Eg tenkte alle andre kom til å kjøpe litt større, fornuftige ting, men vi var visst fleire som tenkte likt.

På bildet har Ingeborg sikra seg ei bok.  Ho var glad i å bli lesen for.  Håkon er berre 10 månader yngre, og dei kosa seg i lag. 




måndag 22. mars 2010

Ambrosiakake

Denne veka har vi påskelunsj på skulekjøkenet.  Vi lagar pai og sufflé som vi serverer brød og salat til.  Desserten er appelsinris og Ambrosiakake.  Denne kaka er svært populær.  Eg har lova å legge oppskrifta ut på skulen si nettside, men kanskje nokre blogglesarar er interesserte i ho?  Vi fann den i si tid i eit vekeblad.



Botn:


125 g smør
2 dl sukker


2 egg

finrive skal av ein appelsin
safta av ein appelsin


3 dl kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver

Glasur:
1 dl melis
1 ms appelsinjuice






Slik gjer vi:

1. Set steikeomnen på 175 grader.

2. Smør og strø ei rund kakeform 22-24 cm.

3. Rør smør og sukker kvitt.

4. Rør inn egga - eitt om gongen.

5. Tilset appelsinjuicen.

6. Sikt i dei tørre ingrediensane.

7. Steik kaka i 30-40 minutt.

8. Avkjøl kaka på rist.


9. Glasur: Rør saman melis og appelsinjuice.

Fordel glasuren på kaka.


Bildet er tatt frå: http://www.tine.no/6828.cms
Oppskrifta de finn der er utan appelsinskal - eg anbefaler "mi"!

Viss ein vil lage skuffekake, gongar ein oppskrifta med tre!

søndag 21. mars 2010

Havre - gryn og graut

Besta skreiv ein kommentar på eit av grautinnlegga for nokre dagar sidan.  Eg synest denne historia fortener å kome fram i lyset, d.v.s. frå kommentar til blogginnlegg.  Bildet har eg knabba frå systra mi sin blogg.
Det har vore mykje grautprat på bloggane no, og sidan du har oppmoda meg om å skrive historier frå "gamle dagar", skal du få ei historie om havregryn.


Under krigen var det mangel på det meste, men eg kan hugse vi hadde havregryn, for mamma koka havregraut til meg. Broren min, som var yngre, orka ikkje gryna, så han fekk "avsilt havresuppe".Eg kan hugse eg stod på ein stol attmed kjøkkenbenken og åt gryna ut or silen.Etter krigen hende det at vi fekk "svenskepakkar", frå broderfolket som tykte synd i naboane sine. Det var spennande kva som var i pakkane. Eg kan mellom anna hugse at der var teikneseriehefte. Men ein gong var det noko som overgikk alt:Ein pose havregryn. Ikkje dei store, grå som vi var vane med, men nokre veldig fine, små og nette og nesten kvite. Eg sat og beundra dei gryna aldri så lenge. I ettertid har eg funne ut at det sikkert var slike vi kallar "lettkokte".

Bok 13: Fransk på nynorsk

Først må eg berre kome med ei presisering: Eg gir meg ikkje  ut for å vere litteraturkritikar.  Når eg skriv om bøker, er det mi meining om bøkene de får presentert. 

Sist eg las Gevalda, var det ei papirutgåve av "Saman er ein mindre åleine".  Eg brukte lang tid på den, og fekk ikkje heilt taket på boka.  Eg har kollegaer som er begeistra for Gevalda.  No hadde eg bestemt meg for å gi forfattaren ein ny sjanse, eller kanskje helst meg sjølv, og ville prøve denne i lydbokutgåve.

Då eg høyrde at det var einn mann som las boka, vart eg overraska.  Men så viser det seg at hovudpersonen er ein mann på min alder.  Opplesaren skarrar på r-en.  Det irriterer meg først.  Ein skarrar ikkje på nynorsk.  Det er greit med Wassmo på nord-norsk dialekt, og Staalesen skal lesast på bergens-dialekt, men utanlandsk omsett litteratur skal lesast på nøytralt språk.  OK, så måtte eg seie til meg sjølv at fransk har skarre-r, så det går bra.

Det er vanskeleg å vite akkurat kva eg skal sette fingeren på. Eg får ikkje taket på denne romanen heller.  Rett nok møter hovudpersonen ulike personar og  går gjennom ein modningsprosess.  Men eg synest det vert mykje ordgyteri.  For meg vert den kjedeleg.  Men det gjer ingen ting, for forfattaren har mange tilhengjarar og bøkene sel godt.

laurdag 20. mars 2010

Ikkje telefonsal

Mobilen min ringjer.  Kva er det no?  Det er lenge sidan eg har sett "skjult nummer".
- Hei, jeg heter .... og ringer fra (en bokklubb) og bare for å si det med en gang, dette er ikke telefonsalg.
- Det er bra, repliserer eg, for eg har reservert meg.
- Nei, for i dag gir jeg bort tre bøker.
Andre her i huset hadde sagt "ikkje interessert" og slengt på røret.  Eg fell for freistinga til å dra ut samtalen.
- Så, eg får berre tre bøker utan vidare?
- Har du internett?
Her skiftar han tema.  Fokusforskyving som vi kallar det i pedagogikken.
- Ja.
- Har du e-post?
- Ja.
- Sjekkar du e-posten kvar dag?
Her har han fått meg til å svare "ja" på mange spørsmål.  Skal tru om handboka hans seier noko om at det er viktig å få kunden positiv?
- Ja, for da får du en e-post ...
- Det der liknar veldig på eit abonnement, og eg er ikkje interessert, seier eg.
- Det er veldig enkelt!
- Nei, takk.
- Det tar nesten ikke tid.
- Nei, eg vil ikkje binde meg til noko.
- Du gjør ikke det.  Det er bare å avbestile.
- Nei, takk.
- Vil du ikke høre hvilke bøker det er snakk om.
- Nei, takk!
No er fyren på grensa til desperat.  Dette strid sikkert mot alt han har lært.
Etter eit par "Nei, takk" til, gir han seg.  Eg har sikkert sløsa med tida hans.  Men neste gong får han seie at han vil selje meg eit abonnement.

P.s.
Planten heiter Afrikalilje eller Ornithogalum Dubium?

fredag 19. mars 2010

Dronningsjokoladekake

Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje er spesielt glad i sjokoladekaker.  Her i huset vert det helst baka til barnebursdagar.  Studenten var ikkje heime på 20-årsdagen sin, så i dag slo eg til med ei skuffekake.
Ei venninne tipsa meg om at det er ei oppskrift på ei mager surmjølksjokoladekake bak på 200 g-pakkane med Dronningsjokolade.  Eg fekk lyst til å prøve ei ny oppskrift både på botn og glasur.  Elles så må eg berre seie at om denne kaka er mager, så er sukkerinnhaldet tilsvarande høgt.  Eg nektar å ha like mykje sukker og mjøl i ei kake!  Halvering må til!  Trykk på bilda om du vil sjå oppskrifta.
Vurdering: Glasuren var god!  Kaka var grei nok, men gamleoppskrifta mi er betre!
Tilføying: Olaug er ueining. Kaka var spesielt god.

Til glasur kan ein sikkert bruke den sjokoladen ein likar best, kanskje med appelsinsmak?  Til nøttebotnar har eg smelta firkløver i mjølk.  Det har gått heilt fint.

torsdag 18. mars 2010

å nyte - naut - har note

Litt nytt herifrå
I morgon kjem studenten heim frå Oslo til påskeferie.  Journalisten jobbar til og meg tysdag til ein 13 dagar lang ferie.  Eg trur vi får hive ut julestjernene og ta fram påskepynten!

Niandeklassingane har arbeidsveke denne veka.  Det er artig å gå rundt og besøke dei og sjå dei i anna arbeid.  Eg har fått unna to stilbunkar og ei prøve - på dagtid!  I morgon skal eg planlegge neste veke i tillegg til eit møte. 

P.s.
Eg pyntar ikkje til jul enno.  Planten lever bak gardina her på "kontoret".
Dei som lurer på bøyemåten av å nyte, kan slå opp her.  Det måtte eg gjere ...  Denne ordlista er flittig i bruk.  Det er så utruleg mykje som er lov både i nynorsk og bokmål.

onsdag 17. mars 2010

Ein smoothie etter min smak

I "Spis smart" les vi at etter trening bør ein fylle opp glykogenlagra innan 1/2 time.  Kroppen treng karbohydrat og væske! Smoothie er eit døme på slik restitusjonsmat.  Til kvardags går det mykje i bananar og mjølk.  I oppskrifta i boka var det ikkje anna tilsett sukker enn den i yoghurten.

I dag laga vi fire glas smoothie etter inspirasjon frå boka. 
Vi blanda ingrediensane i hurtigmiksaren på Kenwooden.

1/2 pk frosne bringebær (200g/4 dl)
2  små skogsbæryoghurtar
2 dl eplejus
1 stor banan

Ein kan sjølvsagt velje andre typar bær og yoghurt.
Eit anna tips er å fryse ned bananar som held på å bli overmodne til seinare bruk.

tysdag 16. mars 2010

Evig aktuell



Det kjem nye katastrofar og nye versjonar av denne melodien. I dag har vi kjøpt sokkar for Haiti.

Menneske dregst mot sukker og kvile

Under kapittelet "Kosemat" i boka vi driv og jobbar oss gjennom, finn vi ei oppskrift med 60-70% grove mjølsortar i.  Eg vil påstå at desse er sunnare enn t.d. kneippbrød.  Eg valde varianten med litt sukker i.

Vaflar er raskt og lage når søthungeren melder seg ...

P.s. Eg gjekk meg ein tur medan røra svall.

måndag 15. mars 2010

Frå skammekroken

Fleire finn du på denne sida.

søndag 14. mars 2010

Bok 12: Ungdomsroman frå 2007

Andre sida av Paris er første boka om Susi. I andre boka Vegen heim frå Sarajevo, som eg har skrive om før, går Susi på vidaregåande.  I denne boka får vi eit innblikk i hannar siste halvår på ungdomsskulen.

Det er ikkje lett å vere ung.  Mange vil nok kjenne att seg sjølv og/eller andre i denne romanen.  Korleis følest det å ikkje bli invitert på klassefest?  Kva skjer på heime-åleine-festar? Korleis taklar ein 15-åring å bli spurt om å bli med ein eldre kar heim seint om kvelden?  Rønnaug skildrar desse situasjonane med eit nøkternt og godt språk. 

Mor til Susi må og takle å bli trakassert.  Kven er den ekle stemma i telefonen?  Det er også artig å lese nokre av skildringane av lærarane i klassa.

Sjølv likte eg denne boka betre enn oppfølgjaren.  Eg håper at eg greier å lokke nokre av 10-andeklassejentene til å lese denne vesle romanen.  Terningkast 6.

Der peparen gror

Då vi hadde rettferdig handel som tema, viste eg elevane ein del fairtradeprodukt, mellom anna merket aware.  På alle pakningane finn ein bilde av jordkloden og ein raud prikk der vara er produsert.  "Skal vi sjå kvar peparen gror," seier eg i eit forsøk på å vere morosam.  Ikkje mange tek den.  Når ein kar flirer og dei andre ser spørjande på han, seier han: "helvete!".  For tida er visst det Sri Lanka ...

laurdag 13. mars 2010

Krigshumør

Etter at eg hadde fått unna frukost og rydda her sånn nokonlunde, kjende eg at eg var i eit heilt spesielt humør.  Eg brukar å kalle det krigshumør når eg føler det slik.  Det er akkurat som om eg har fått eit spark bak, og så får eg lyst å gje andre det og.

Når denne kjensla kjem over meg, er det berre å gå i gang.  Det er alltid noko ein har utsett å ordne.  Eg fekk skifta batteri i ein kalkulator og gjort unna opptil fleire ærend.  Då eg fekk Statoilkrus til jul, hadde dei ikkje hatt slike feste.  Blogglesarar har spurt om bilde av nyebilen, men han står inne i garasjen medan Øystein er i Oslo.  Her er visst venta 40 cm snø.  Heldigvis smeltar mykje av den etter kvart.  I dag hadde eg bråhast med å få tak i feste.  Øystein har spurt etter fleire gongar, seier han.  Så no hadde eg bestemt meg for at dei i alle fall skulle skaffe til neste gong han spør.  Men i dag var det berre å forsyne seg!
Då eg hadde fått gjort unna dei mindre kjekke oppdraga, gjekk turen innom Floriss.  Dei hadde påskeliljer til 15 kr potta.  Det smatt visst eit par tulipanpotter oppi og.  Eg meiner det var slike Rødhetter som kjem att.  Eg trur vi må satse på å pynte i potter ute til påske.  Eg trur knapt vi får sjå ei snøklokke før den tid.  Eg har grave ned mange løkar kvart år.  Det er alltid spennande å sjå kva som kjem att.
Til middag i dag vart det tunfisk/pastasalat frå "Spis smart".  Eg kjøpte tunfisk både i olje og vatn for å sjekke om det stemmer at den i olje er best.  Det gjer det.  Eg hadde salat att frå i går.  I tilleg kokte eg pasta og sette fram ingrediensane som de ser på bildet.  Det stod ikkje noko om dressing i boka, men eg bruker å blande litt sitronsaft og sukker i lettrømme.
Så fekk ein ta det ein ville i kvar si skål.  Eg kunne tenkt meg oliven, men det fann eg ikkje. Focacciaen tok eg ikkje bilde av, heller ikkje risgrauten.
Sjå på denne fulle pakken med grov pasta!  1/3 er luft.  Neste gong eg er i krigshumør skal eg kontakte coop.  Dei må syte for at all änglamark sin grove pastatypar kjem i butikkhyllene i alle norske Coop-butikkar.  No finn ein berre vanleg spagetti i grov type.  Der er i alle fall lite luft i posane.  Eg forstår at ein betaler for vekt, ikkje volum, men likevel.  Det vert sløsing med plass på bilane.

Kom heim og lukta høy

I går kom Nusse heim.  Han har gjort jobben sin i løa på Grimstad.  Han sovna fort i fanget på frøkna.  I følgje henne kasta hen seg over grønsakene etter at han har levd på høy og kaninfor.  No trur eg ikkje mange kaninar lever så godt som han verken i matvegen eller elles.  I går vart det brokkolistilk, gulrøter og persille på toppen.  Kaninar passar godt inn i familiar som er glad i grønsaker;-) Vi gler oss til ungen som kusina skal få!

fredag 12. mars 2010

Deilig dag?

I dag har elevane i 9. fri på dagtid.  Skulen er med i  Sterk og Klar-prosjektet, og i dag er skuledagen flytta til ettermiddag/kveld.  Alle stiller med ein vaksen saman med seg til ulike kurs.  Eg skal ha gruppa "lage formkake".  Eg har planen klar, men det spørs om eg ikkje tek meg ein tur bort på dagtid og får unna ein del praktisk arbeid.  Kvar eg rettar dei 50 "stilane" er mindre viktig.  Her er rolegare heime.  Helgavasken har eg gjort meg ferdig med.  Eg begynte rett etter at ungane for ut døra i åttetida.

Det nærmar seg eksamen i 10.ande.  Tentamen er rett rundt hjørnet.  Vi øver oss i tekstskriving på data.  I går stod det nynorsk novelle på planen.  Læraren lærer så lenge ho har elevar. "Solveig!"  "Korleis skrive en deilig?" "Rett fram," svarar eg.  "Nei!" Det kjem raude strekar under deilige.  "Der skal ikkje vere e," påpeikar eg.  Men ordlista på datamaskina tillet ikkje deilig heller.  Så må eg fram med papirutgåva.  Eg går rett inn i frå Bokmål- til Nynorsk-delen, og der står det deilig vedunderleg, herleg fin.

No har eg altså eit nytt ord på lista over ord eg vil ha inn i nynork: deilig. Frå før står der forrige og kun, gode danske ord kanskje. 

Til eg får igjennom ordønska mine får de ha ein fin, herleg eller vedunderleg dag!

torsdag 11. mars 2010

Bok 11: Dansk krim

Då eg las bokmeldinga på systra mi sin blogg, fekk eg lyst til å lese denne krimromanen.  I går ettermiddag hadde eg 140 sider att.  Medan resten av familien var på ulike aktivitetar, sneik eg meg til å sitte i godstolen.  Det var omtrent umuleg å legge boka frå seg.

Krimhelten i boka, Carl Mørck, er attende på jobb etter ein skyteepisode der ein av kollegaene hans vart drepen og den andre hardt skada.  Sjefen hans har kome på ein idé for å få meir pengar, nemleg starte opp ei avdeling Q som skal jobbe med gamle saker.  Denne avdelinga vert plassert i kjellaren, godt ute av vegen.  Mørck får ein innvandrar til assistent. 

Saka dei starten med er forsvinninga av Merete Nygaard frå ferja.  Ho er ein politikar som bur saman med den handikappa broren sin.  Vi får vite at Merete er fanga i eit trykkammer.

Boka er velskriven med god framdrift.   Personane er spennande.  Ikkje minst lurer vi på kven denne Assad eigentleg er!  Eg likte løysinga, og eg likte slutten.  Kanskje eg skal prøve å sikre meg bok nummer to til påske?

onsdag 10. mars 2010

Et graut - så blir du stor og staut!

Sist eg sat her og såg Farmengården, dukka det opp ein eldre kar som ikkje likte havregraut.  Ungane kunne ikkje tru det dei høyrde.  Havregraut som er så godt.  Likevel har vi det ikkje så ofte.  I mitt stille sinn planla eg og koke havregraut til neste program.

I dag kom og boka eg bestilte før helga.  Og kva var fremst i boka?  Havregraut sjølvsagt.  Dobbel inspirasjon med andre ord!

Grauten min vart kokt med 1 l mjølk, 1 l vatn, 8 dl havregryn frå Volda Mylne, ca 2 ts salt, 2 ts ekte vaniljesukker.  Eg hadde også litt ekstra sukker, for eg bruker ikkje så mykje sukker oppå.

Havregraut kan varierast i det uendelege.  Ein kan ha bær, bananar, eplemos eller tørka frukt t.d.  Sjølv synest eg det er godt å slå litt mjølk langs kanten.  Og så er det sunt og godt med eit glas appelsinjus til.  C-vitaminane i jusen gjer at kroppen gjer seg nytte av jernet i havregryna.  Mjølk til graut vert smør på flesk for meg.

P.s.
I dag kokte dei visst tran på Farmengården.  Ingen fare her!

tysdag 9. mars 2010

Mannsdag?

På  8. mars-arrangementet i går lærte eg noko nytt: Det finst ein internasjonal mannsdag. På dette spørsmålet kan det nok hende eg har svart: Resten av året, men merk datoen 7. oktober.  Den dagen skal det settast fokus på mannsrolla.

Ved nærare ettertanke lurer eg på om ikkje dette var tema på FrukostTV?

måndag 8. mars 2010

Feiring av kvinnedagen 2010

No er eg heime att frå 8.mars arrangement i Ulsteinvik.  Det var Arbeidarpartiet som arrangerte. 

Talaren, Else May Botnen, hadde fått spysykja, og talen hennar vart lesen opp av ei anna.  Elles var feiringa tradisjonell.  Eit artig innslag var tre utanlandske damer som hadde fått i oppgåve å sjå den norske kvinna utanfrå.  Eg trur ikkje ho forstod kvifor folk flira når ho la ut om at dei ikkje berre jobba inne, men slo plen og moka snø.

I den avsluttande apellen, som Renathe Rossi-Kaldhol heldt, vart det tatt mange døme frå sporten, og ikkje minst pressa si dekning av ulike arrangement.  Romøren let seg bruke av dei som ikkje ville godta ein demokratisk prosess.  Dette har vorte rikeleg debattert i ulike media i dag.  Sjølv må eg berre få skyte inn at eg hadde stor sans for kanossagangen han gjekk søndag, i barneskirennet.

Tradisjonen tru delte dei ut kvinneprisen.  Den kan de lese om i Vikebladet.

Gje dei som fortent!

Denne veka står det "Rettferdig handel" på timeplanen.  I dag slo det meg at dette er eit tema som høver godt på kvinnedagen.   I Norge har vi råd til å betale litt ekstra for kakao og andre typiske U-landsprodukt, slik at dei fattige kan leve av løna si.

søndag 7. mars 2010

Bok 10: Kvinneroman

Eg har lese dei fleste av Wassmo sine romanar.  Trilogien om Tora var det nok mange som las på 80-talet.  Ho tok opp eit vanskeleg tema; incest.

I Hundre år skildrar ho om formødrene sine liv.  Dette er interessante historier å lese om i dag.  Gjertrud Jynge les lydboka på heilt rett dialekt.  Oldemora Sara Susanne sitt namn vert svært vakkert med hennar stemme.

Romanen er ikkje kronologisk oppbygd.  Ho hoppar i tid.  Dette er ein kunst ho meistrar godt.  Lesaren forstår og godt kva som er harde fakta, og kva som er dikterisk friheit.

I denne boka er tida komen for forfattaren til å gå ut med at ho sjølv vart misbrukt av stefaren sin.  Ho fokuserer ikkje på detaljar, men korleis dette øydelegg for gledene i livet hennar.  Ho er til tider "eit vanskelg barn".  Ho torer aldri å spørje mor si kor mykje ho såg og visste.

Dette er ein interessant og sterk roman.  Kvinneliv i Noreg har vore prega av hardt arbeid og store barnekull.  Boka høver for kvinner i alle aldrar. 

Ete seg mett på dessert-dag

I dag slo eg til med ein gamaldags dessert; tilslørte bondepiker.  Bakgrunnen for desserten var at eg hadde kavringblanding, nokre eple i kjøleskåpet hadde sett sine beste dagar, og dei hadde datotilbod på fløyte på Prix.

Frøkna er i Sunnmørshallen med fotballaget sitt i dag.  Journalisten gjer seg klar til å fare til Førde, og vi andre fekk trimma litt før ein tidleg middag. 

p.s.
Kva vi hadde til middag?  Brennsnut.

laurdag 6. mars 2010

Paradise hotel og spanske nasjonalrettar

I dag kom ein som driv med kaninavl for å låne ein hanne til opphald på det han kallar Paradise hotel i helga. Valet fall på Nusse til venstre. Frøkna er uroa.  Har han det bra?  Medan ein i familien fyrer oppunder med å snakke om spanske nasjonalrettar, meiner andre at nærare kaninhimmelen kan han vel ikkje kome?

P.s.
Eg var rask å avtale eit avkom som takk for lånet.  Søskenbarnet kan nok  halde fram å teikne grå kaninar.  Og Besten må ta fram med hammaren!  Om to månader er nok ungen stor nok til å flytte.