torsdag 8. april 2010

Mallwalking

I påska fekk eg med meg på nyheitene at dei har starta ein ny folkesport i Amerika - mallwalking.  Kjøpesentera legg til rette med å opne ytterdørene eit par timar før butikkane opnar, slik at folk kan gå tørrskodde uansett ver og føre.  Som tidlegare brukar av skritteljar, veit eg at ein fort går nokre tusen skritt på ein slik runde.  No er ikkje kjøpesentera her så store som i Amerika, men så har dei fleste bygdene to som ein kan gå mellom.

Mellom dei to kjøpesentra i Vik kan ein sjå to aktivitetar gjennom store vindauge, bingo på eine sida og helsestudio på den andre. 

Ærendet mitt i dag var ein tur på biblioteket.  No har eg lese det som er verd å lese på lydbokbiblioteket på Hareid.  Blogglesarane må gjerne anbefale kva eg skal lese først!

Det vart ein tur innom Kapp Ahl.  Det tikka inn ei melding til meg som VIP-kunde om halv pris på raud pris.  På Kid er det såkalla 40% vennesal.  30% for dei vennelause.  Men P.S. dei vil gjerne vere din venn.  Ja, ja, forstå det den som vil.  Eg kjøpte ikkje noko der i dag. 

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg er glad for at mallwalking er blitt ein "sport", for det er nesten einaste mosjonen EG får.
Har lese tre av dei fire bøkene du har lånt, ikkje Mankell si. Ruth Maiers dagbok vart så nydelig lesen av forfattaren at det var ein nytelse å ha på øyret, særlig når eg skulle sove.Dei to andre bøkene likte eg ikkje så godt.

solveig sa...

Då har eg ei bok som du kan låne!

Besta sa...

Ja, her nede var det ikkje mykje nytt!

Anlen sa...

Kanskje skrittellaren min hadde likt ein tur til Moa betre enn lommeboka...