fredag 31. juli 2009

Fin dag for fiskefarse

I dag regnar det i vinkel her. Kanskje like greit når ein far ein stor fiskefangst å ta seg av. Eldstekarane fiska saman med morfaren i går og kom att med makrell, sei og ein torsk. Vi kokte torsken og dei minste seiane til middag i går.

No er det slik at Besten allereie har fylt frysaren vår med sei. Og når ein får fisken fersk, er det freistande å lage fiskemat. Dei ca 140 seikarbonadane held vel fram til haustferien om vi innfører ein fast dag for dei?

Eg rigga meg til med eit lite samleband på kjøkenbenken med måleskeier i dei tørre ingrediensane of vekt til fisken. Elles brukte eg foodprosessor og to steikepanner. Arbeidet tok ca 2 timar, like lang til som mannen i huset brukte på helgevasken.

torsdag 30. juli 2009

Bok nr 45: Finsk


Det er lenge sidan eg har lese ei finsk bok, viss eg i det heile tatt har gjort det! Eg har stor sans for finsk film.
---
Mitt første møte med finsk kultur, er frå 70-talet. Den gongen var det NRK-monopol. Det var ikkje kvar dag det var noko kjekt på TV. Måndagane og fredagane var sikra med film og detektime. Tysdagane var meir usikre. Då var det Fjernsynsteater! Det fanst norske "begriplege" teaterstykke som Villanden og Et dukkehjem. Men teaterstykke kunne like gjerne vere eit kvinnemenneske som gjekk på veggene i eit kvitt rom. Finsk fjernsynsteater var ein eigen sjanger, med badstu og banning. Det var ikkje alltid like lett å forstå.
---
Denne boka er lett å forstå. Viss ein skal prøve seg på eit handlingsreferat, trur eg ikkje ein ville få fram humoren, men også alvoret i boka. Handlinga toppar seg når hovudpersonane går på oksejakt. I den same skogen er ei fransk kvinnegruppe på overlevelsestur. Hadde dette vorte filma, hadde det overgått alle teaterstykke på 70-talet!
---
Les gjerne meir her eller på Besta sin blogg, og les boka!

Hagen i dag

Posted by Picasa

onsdag 29. juli 2009

Sommarskinke med poteter og blomkålstuing

Når eg tenker røyk sommarskinke, tenker eg fort bearnaisesaus. No har eg kjøpt inn ein del blomkål, både fordi eg synest det er svært godt, og fordi det var på tilbod. Eg har alltid vore glad i gulrotstuing, men kvifor ikkje stue andre grønsaker? Eg laga ein tjukk kvit saus med smør og mjøljamning. Eg spedde med H-mjølk sidan eg hadde det i hus. Til slutt hadde eg i blomkålen og kokevatnet. Eit godt alternativ til bearnaise, spør du meg!

Made in Italy II

Desse to små koppane har vi drukke italiensk kaffi av i dag. Søtningmiddelet bak var noko eg kom over på Mega i Ørsta i går. Det skulle visstnok kunne brukast i kaffi, og det skulle ikkje gje ettersmak. Sjølvsagt måtte det prøvast! Begge delar er feil etter mi meining. Ekte brune sukkebitar kom fram etter kvart.

Made in Italy

Øystein hadde vore inne på den butikken eg likte meg så godt på i fjor. Den låg nær Spansketrappa i Roma. Der hadde han kjøpt desse små fata til å ha mat på. Eg lurte på om dei var meint til noko spesielt? Sitron? Oliven? Kva er dei små hola til? Uansett så brukar eg dei sjølvsagt som eg vil!

Tiltak - heldigvis

I Sunnmørsposten i dag ser eg at det skal kome fotoboksar i Eiksundtunnelen. Vikebladet skriv det same i nettutgåva si.

tysdag 28. juli 2009

MP3 II

Eg fekk eit spørsmål om ein ha ledning. Svaret er ja. Ein må ha ledning for å kunne overføre filer. Dei fleste MP3-ar vert lada på denne måten og. Denne brukar same ledning/USB-kabel som gamle fotoapparatet mitt, eit hp-kamera.

Lykke til!

MP3 - steg for steg

Sidan eg har reklamert litt for lydbøker og MP3-spelar, så har eg fått spørsmål om korleis ein gjer det! Min MP3 har eiga programvare. Den eg viser no, brukar Windows Media Player.

Først må du legge musikken/lyden frå ein CD og inn på datamaskina.
Set inn CD-en.

Trykk på Windows Media Player.

Trykk på ripp oppe og så start ripping nede til høgre.
KOBLE TIL MP3-en. (Bildet datt ut)
Så skal du synkronisere d.v.s. legge musikken inn på MP3-en. Du trykker på album til venstre. Dei CD-ane du vil ha inn på MP3-en dreg du til høgre. Så trykker du på start synkronisering nede til høgre.
Her legg ein muskk/lydbokfiler til MP3-en.








Kjøpt i Ørsta?

Då eldstemann var liten, mora det farmora at når ho hadde kjøpt noko nytt, spurde han: Kjøpt i Ørsta? I dag hadde eg meg ei lita butikkrunde åleine etter å ha levert Olaug på fiskeferie hos Besta og Besten. Eg heldt på å gå meg vill på Ørsta torg. Der var det mange stengte butikkar, og eit par nye hadde dukka opp. Ærendet var å finne ein fin voksduk til kjøkenet, men der var ingen fine blåmønstra som eg var ute etter.

Til slutt enda eg opp på Mega der eg kjøpte mat og desse to klutane i gilde fargar som skal inspirere meg til støvtørking og anna reingjering!

No er det seks timar sidan eg åt middag i Ørsta, så eg held på å bli svolten att. Besta serverte nydeleg kald makrell (sjekk bloggen hennar) og blomkålsuppe. Det vanka også kake til dessert/kaffi.

When will they ever learn?

Eg vil ikkje hevde at eg har tunnelskrekk. Det ville ikkje vere rett mot dei som verkeleg slit. Men eg likte meg ikkje i Eiksundtunnelen dei første gongane eg køyrde der. Etter kvart har eg blit van med han, og synest det er heilt greitt. Eg tenkjer ikkje lenger på at eg er langt undet havet.

Så skjer det som ikkje skal skje. To bilar kolliderer, og fem menneske døyr. Årak: (m.a.)Stor fart.

I dag var første gongen eg sjølv køyrde i tunnelen etter den tragiske hendinga. Den utrygge kjensla har kome attende. No er det ikkje redsel for å få fjell eller vatn i hovudet, men å få ein bil i full fart midt i mot. Men det var fin køyring innover.

På ein butikk i Ørsta overhøyrde eg ein samtale om Eiksundulykka.
- Og det verste e at no he dei bjønt å ska slå den rekorden også!

På heimvegen har eg grubla mykje over kva som må til for at folk skal lære. Eg meiner at der må settast opp overvakingskamera og fartsmålarar opp så mange stader i tunnelen at det ikkje går an å akslerere. Folk må ha rett til å føle seg trygge.

Språk er makt.
Er det ei ulykke? Ein tragedie, ja, men er det ei ulykke? Er det berre noko som går gale? Kva med råkøyring med døden til følgje? Poenget mitt er ikkje å legge steinar på børene til famile og vener, men eg trur at viss vi skal få bukt med råkøyringa, må vi kalle ein spade for ein spade.

Viss folk verkeleg veit at det framleis pågår råkøyring i tunnelen, er det deira simple plikt å plukke opp telefonen og melde frå, elles er dei medskuldige i neste drap. Naboen min, bror hans og tre born køyrde heim att fire minutt før ulsteinvikaren som var på feil plass til feil tid.

måndag 27. juli 2009

Bok 44: Vil du bli døv eller blind?


Då eg plukka opp denne lydboka på biblioteket, hadde eg ei kjensle av at eg kanskje hadde lese henne før. Etter ein CD var eg sikker. Eg må ha lese boka då ho kom ut i 2005. Men korleis gjekk det eigentleg? Vart han blind? Tok han imot hjelp? Det vart til at eg ville høyre boka som lydbok også.
---
Dette er ei bok som ein anten vil kalle genial eller dårleg. Det er ei bok ein må ta stilling til. Eg har sansen for boka. Den stiller mange viktige spørsmål. Kva kan kjøpast? Målaren som er hovudpersonen i boka, målar kroppsdelar. Kan ein kjøpe kroppsdelar?
---
Ein del mennesketypar får sitt pass påskrive. Den kyniske legen selde svara på matteoppgåvene då målaren gjekk på gymnas saman med han. Der er ei parallellhandling på teateret, og der er mange typar å ta tak i.
---
Les gjerne meir om boka her.
---
p.s.
Til alle som er skeptiske til lydbøker vi eg seie: Prøv! Du får med deg mange fleire detaljar, og med ein god opplesar får boka ein annan dimensjon.

søndag 26. juli 2009

Seikarbonadar

Eldstekarane i huset har fått ein ny hobby; fisking. Til no har fangsten ikkje vore større enn at dei har steikt den og ete den etter heimkomsten. I går hadde dei større fiskelykke, og rundt midnatt kom dei heim med nokre småseiar. Ingen var svoltne, så eg berre filiterte dei. Det er ein kunst eg treng øving i. Eg la filetane oppå ein opp-ned djupetallerken oppå ein flat. I løpet av natta hadde fisken gjeve frå seg litt væske.

Kva skal ein så lage av fisken. Sidan ein av fiskarane ikkje et rein fisk, bestemte eg meg for å ta fram gamle Frå bollar til burritos. Eg hugsar at vi laga gode seikarbonadar ein gong i ei 10-klassegruppe.
Attåt serverte eg omnsteikte grønsaker og poteter. Då kan alle ta dei sortane dei likar. Eg krydra med Cemo potetkrydder og litt salt.

Medan vi et:
- Ka dokke synst?
- Hæ? E de du som he laga de? Ej trudde det var o mormor?
Det tek eg som eit kvalitetsstempel.

Heia Hareid!

Dette innlegget er meint som sørvis for dei som har lyst til å følgje med Hareid sitt G16 7-ar lag. Bildet under er frå 2006 og det er teke frå denne sida der de vil finne Hareidsstoff etter kvart. Vi får sikkert bilde av dei som spelar i år.

Den første kampen starta klokka 12. Resultat vil bli lagt ut på denne sida.
Andre lag kan de søke etter her.

laurdag 25. juli 2009

Restar og reise

I dag stod eg tidleg opp og skyssa yngstemann og ein lagkamerat frå Ulsteinvik som overnatta her, til Norway Cup-bussen på ferjekaia.

Tidlegare i veka var eg til lege med guten. Han fekk konstatert det vi hadde mistanke om; brennkoppar. Han fekk penicillinkur med håp om å bli bra til Norway-Cup. Kuren gjorde underverker. No er han smittefri og fin. For å sitere ein av lagleiarane: "Det er visst verre sykjer å bekymre seg for no". Ja, ja, det er ikkje kjekt å få øydelagt leiren/turneringa ein har gledd seg til nesten eit år. Dei på Gloppen hadde visst vore der sidan onsdag, og halv leir er vel betre enn ingen?

No får vi håpe at Norway Cup vert spart for svineinfluensautbrot! Eg er no redd for smitteeffekten. Etter kvart som svineinfluensaen brer seg, så kan alle slags ranglesykjer verte mistanke om farleg sjukdom.

Dagens resterettar vart pastasalat, rett nok laga i går, og pizza. Der var att så mykje fyll at pizzaen vart svært lik gammaldags laurdagspizza, slik som ein no gjer narr av. Men god var den. Botnen er laga på vatn og olivenolje. Plata er pensla med olivenolje. Eg steikte dei på 15 min. ved 225 grader på pizzafunkjon. Det gav sprø botn. Osten var restar frå Prix.



Mat til mange - pastasaus

Når ein skal koke til tre familiar, må ein tenke gjennom både kva panner ein har og kor mange plater ein har.

I går gjorde eg det svært enkelt. Eg tok fram den største gryta eg har (som finst i handelen?), ei Høyang gryte på 10 l. I dag har eg varma den opp med olje i for å hindre den i å ruste.

Utgangspunktet for pastasausen er ein bolognesesaus. Eg har laga det så ofte at eg har min eigen vri slik eg likar det. Prinsippet er at grønsakene skal stå og safte seg, utan tilsett vatn. Oppskrifta under kan ein variere som ein vil

6 pk kjøtdeig
4 store løkar
3 boksar tomat
1 stort glas tomatpure
1 kg rivne gulrøter
2 små rivne skvåsjar
3 finhakka paprika
2 kvitløkar (friske frå hagen)
1 ms buljongpulver (dette har visst begynt å bli fy i finare kretsar)
1 ms pizzakrydder
salt (hugs at der er salt i buljongpulveret)
pepar

Eg ville hatt frisk basilikum i, men det hadde dei ikkje i butikken.

1. Steik kjøtdeigen. Hakk den godt.
2. Hakk løken og kvitløken, gjerne med kniven i foodprosessoren.
3. Riv gulrøter og skvåsj fint. Eg brukte foodprosessor.
4. Finhakk paprikaen og ha han i.
5. Ha i resten av ingrediensane og lat dette småputre, gjerene ein time.

Eg kokte både fine og grove pastarør. Heile familien er ikkje overbevist om at grovt er best.

I følgje Olaug likte den komande førsteklassingen dette svært godt. Kokken hadde i alle fall kamuflert grønsakene godt. Nokre ungar reagerer på løkbitar. Eg brukar å ta fram stavmiksaren (den vesle bollen med kniv til)på skulekjøkenet når elevar spør om å sleppe løk. Når dei får mose løken, et dei fleste løk.

Som de ser, er dette eigentleg lett og mager mat. Ein har god plass til dessert etterpå!

fredag 24. juli 2009

Same procedure

I dag har vi hatt besøk av besteforeldre, Rasmus med familie og Margrete med dei tre yngste. Besøka har etter kvart fått ei fast form. Det må vere middag og aktive dessertbord, for å låne eit utttrykk frå onkelen min. Karamellpudding er ei sjølfølgje, og Dubloen må fram.
Takk for besøket!
p.s.
Margrete tok fleire bilde enn meg, så de får følgje med på hennar blogg.

Sommarbord II




Marengs - igjen

I dag delte eg og fylte marengsbotnen ca fem timar før servering. Denne botnen med 1 dl sukker pr eggekvite heldt seg sprø mykje lenger enn den med 1/2 dl sukker pr eggekvite. Viss ein vil ha mjuk marengs, bør ein lage desserten kvelden før. Det får bli konklusjonen.


onsdag 22. juli 2009

Bok 43: Thriller


Denne boka vert omtalt som thriller. Kva skil thrilleren frå vanleg krim? At ein vert heldt i andelaus spenning? At det stadig lurer nye farer bak neste sving? At når du trur krimgåta er løyst, ligg det meir bak? Den gode er plutseleg vorte vond? Slik er i alle fall denne romanen.
---
Det er ikkje utan grunn den har vorte så populær. Her er høg spenningskurve over lang tid. Litt "forutsigbar" rett nok, men dette er god underhaldning!
---
Øystein og eg tenkte å sjå denne filmen då han gjekk i Ulsteinvik. Vi bestilte ikkje billettar sidan filmen hadde gått lenge. Men der tabba vi oss ut. Vi var nummer tre i køen som ikkje fekk billettar. Ja, så fekk vi nøye oss med ein biltur til Flø. Øystein hadde lese boka på førehand. No rekk eg det og, for filmen vil eg sjå, sjølv om det må bli på heimekinoen.
P.s
Handlinga er lagd til Roma. Eg ser for meg mange av plassane. Rapporten der i frå i dag lyder på 36 grader, d.v.s. mykje varmare.

tysdag 21. juli 2009

Marengsbotn

Eg var ikkje heilt fornøgd med konsistensen på marengsbotnen eg laga før helga. Smaken var grei, men den vart litt klissete. I dag ville eg prøve på nytt.

Ha 4 dl sukker og 4 eggekvitar i ein bolle og pisk stivt.

Brei marengsmassen utover ei bakepapirkledd langpanne (steikebrett går bra).

Steik midt i omnen på 150 grader i ca ein time.
Denne marengbotnen vart sprø og fin. Då er det berre å dele han i to og fylle med krem, vaniljekrem, frukt og/eller bær etter smak. Slike botnar står seg godt.

I nokre oppskrifter står det at ein skal piske eggekvitane først og så ha i litt og litt sukker. Det går bra, men Kenwooden er så kraftig at det ikkje er nødvendig.

måndag 20. juli 2009

Bok 42: frægd


Når eg er innom biblioteket, ser eg etter
nye nynorskbøker. Forfattaren i familien stilte seg noko undrande til akkurat dette bokvalet.
- Kunne dette vere noko for meg?
Eg sit og klukkler av humoren i boka.
- Er der ikkje mykje banning og styggeprat?
Det var det visst rikeleg av i debutromanen til denne forfattaren.
--
Kva er det som er så artig?
For det første skriv han eit glimrande nynorsk. Ikkje eit språk som høver til dagleg bruk rett nok. Tittelen slår an tonen. Ein finn ord tekne frå vikikngtida og framover. Han vrir og vender på både norsk og svensk litteratur.
--
Døme:
Traktoren
stend i tunet
når du kjem.
Køyr litt med traktoren
Det er han som er sterkast i garden.
---
Hovudpersonen, ein 10 år gamal gut, må heite etter begge bestefedrane sine; Torgrim Torgeir. Kven hugsar ikkje dei barnslege bestefedrane til Ola Ola?
---
Og så er det besten som ikkje vil vaske seg "og heldt seg til dei to årlege kaldtvasslauga".
-
Betre byrdi
du ber ikkje i bakken
enn mannelukt mykje
D'er betre enn gull
i framand gard;
laug er vesalmanns trøyst.
---
Det vert liksom nok. Midt i boka gjekk eg lei. Kva er dette? Kva vil forfattaren? Lygehistoriene til Besten vert berre overdrivne. Dei er ikkje morosame lenger. Språkleg gjentek han seg sjølv. Eg begynner å forstå kva Øystein meiner. Der er scener som ikkje ville passert svensk filmkontroll.
---
Les gjerne meir her.

Ops, eg gjorde det igjen...

Så har eg altså kjøpt meg nytt vaffeljern, igjen. Kva som skjedde med det gamle skal eg ikkje gå inn på. No har eg kome ut av teljinga på kor mange vaffeljern vi har hatt.
På klubbhuset hadde dei to slike jern. Dei gir 23 cm store vaflar. Det går meir røre til ei slik enn det gjorde til to i det doble eg hadde før. Dessutan pip det når vaflane er ferdigsteikte.




Reiste til Roma i regn


I dag reiser Øystein til Roma - utan meg. Eg sit og lurer på om eg skal angre! Så minner eg meg sjølv på då eg sat i 38 grader i fjor og lovde å aldri klage over kjølige sommardagar.
--
Grunnen til at eg er heime, er sjølvsagt at eg vil administrere heimen. Håkon skal sendast på Norway Cup laurdag. Øystein kjem direkte til Oslo og Norway Cup søndag. Eg kan sjølvsagt ta buss eller fly nedover då.
--
I dag har Olaug og eg vore i Ulsteinvik og shoppa. Eg har knapt vore over Eidet i sommar. Shopping er ein styggeversaktivitet.
--
Eg har skaffa meg mold og har store planar om å nytte det flotte omplantingsveret. Det skal visst vare ut veka.
--
p.s.
Viss nokon har lyst å kome på besøk, så er eg her! Gje meg berre eit hint, så eg ikkje er ute og rek.....

søndag 19. juli 2009

X-faktor



Natt til laurdag viste NRK ein hyllestkonsert til Leonard Cohen frå Montreal. Der var både kjende og ukjende artistar som framførte Cohenlåtar. Innimellom fekk vi glimt frå livet hans. Det meste var vel strengt tatt middels. Så kjem denne karen. Han står der fullstendig ujålete og berre tek scena. Eller kva seier de?

Dansk motstandskamp


Øystein fekk denne filmen til fødselsdagen sin, men vi har ikkje teke oss tid til å sjå han før no. Den yngste generasjonen var fascinert av Max Manus. Derfor meinte dei at denne filmen ville vere noko for faren. Hm, filmen vart vist i kjellaren først.
--
Som meldinga i VG er inne på, må hisoria reviderast. Heltane vert skildra nyansert.
--
Eg likte denne filmen fordi den stiller viktige spørsmål. Når det er krig, skal ein lyde blindt eller tenke sjølv? Kven kan ein stole på? Kva motiv har folk?
--
I motsetnad til i Max Manus kjenner vi ikkje historia frå før, så her er det spenning frå byrjing til slutt. Filmen vart svært populær i Danmark.
--
Eg anbefaler alle (over 15 år) å sjå filmen, også dei som ikkje var så begeistra for Max Manus.

Kjøkenmuseum

Litt meir frå Wadköping, Örebro.
I eit av husa hadde dei innreidd eit kjøken slik det må ha vore for 100(?)år sidan. Karen på slagbenken snorka høgt til glede for borna som stakk innom.
Her er mange artige detaljar. Heng der ikkje eit vaskebrett og? Dei hadde tydelegvis ikkje innlagt vatn. Klikk gjerne på bilda!

Og så måtte eg ta eit nærbilde av komfyren.


laurdag 18. juli 2009

Populær dessert

Dette er eigentleg ei marengskake, men eg valde å lage den i ei form.

Eg starta med å lage ein marengsbotn i ei langpanne 30 x 40 cm. Då tok eg utgangspunt i ei pavlovaoppskrift og brukte 6 eggekvitar og 3 dl sukker. Ein annan gong vil eg ta utgangspunkt i sviskekaka (sjå til høgre) og bruke 4 eggekvitar og 4 dl sukker.

Slik laga eg kaka/desserten:

Legg lagvis, begynn nede:

marengsbotn

frosne bær t.d. rips eller skogbærblanding frå frysedisken

1 pk vaniljekrem (Piano)

krem

marengs

krem på toppen (Eg brukte litt meir enn ein pakke til saman)

bær til pynt? (Eg fann ferske bringebær i går, noko eg aldri har kjøpt før.)

Før nokon tek meg for plagiat; dette liknar veldig på mamma sin dessert med pikekyss!

Heimelaga is

Til i går laga eg heimelaga is av eggeplommene eg løyvde etter desserten. Til ei form på 1,8 liter brukte eg 5 eggeplommer. Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta.

I ein bolle piskar eg 5 dl kremfløyte halvstiv d.v.s litt mindre stiv enn til blautkake.
I ein annan bolle piskar eg skikkeleg stiv eggedosis av 5-6 eggeplommer, 5 ms sukker (her kan eg tenke meg å prøve med mindre) og 3-4 ts (ekte!) vaniljesukker.
Eg blandar krem og eggedosis forsiktig med slikkepott. Dette vert fin is. Eg rører aldri i isen. Etter mi erfaring går det heilt fint utan. Kenwooden piskar flott eggedosis.

Til isen serverte eg kirsebær. Avslørt? Desse glasa kosta mellom 20 og 25 (svenske!) kroner på Coop i Örebro.

Sommarbord




fredag 17. juli 2009

Kva er det som luktar så godt?

Eg har invitert naboar/venner på kaffi/kveldsmat i dag. I går begynte eg derfor å rydde og vaske litt. Eg kunne ikkje forstå kva som lukta så godt. Då eg snudde rundt denne blomsterkrukka fekk eg sjå!

torsdag 16. juli 2009

Bok 41: Populær nobelprisvinnar.


Forfattaren er populær i heimlandet. Les gjerne
meir om han her.
Boka er svært spesiell, og den har mange dimensjonar. Eg vil ikkje påstå at eg har forstått alt. Til det kjenner eg den tyrkiske kulturen for dårleg. Men eg likte boka, og anbefaler den gjerne vidare. Her finn de ei grundigare bokmelding.
Forfattaren er sjølvsagt med i "1001 bøker...", men med andre bøker.