søndag 30. november 2008

Engasjement og entusiasme

Populære

Desse netta må ha vore svært populære. Eg har vore inne fleire gongar for å bestille julegåver. Inntil eit par dagar sidan var dei ikkje på lager. I går var dei utselde. Synd for også for Kirkens Nødhjelp.

laurdag 29. november 2008

Fort gjort å dille vekk ein dag

Eg var heimeverande nokre år. Då vart det bakt både 7 og 10 sortar småkaker. Kor mange prosent jobb eg har jobba denne veka, veit eg ikkje, men det er godt over 100. Englevingane (senebetennelse i skuldrane) veks, og eg må berre slakke ned på arbeid heime. Matlaging, klesvask og husvask slepp ein stort sett ikkje unna. No verkar det som "alle" skal tene pengar på å selje småkaker. Keeperen kom heim med eit lager han skal selje til inntekt for vidaregåande.(!!!!!)

Her i huset brukar vi ikkje "kaffimat". Vi drikk kaffi etter middag og etter kvelds. Småkaker vert det dermed ete lite av. Men det er ein sort eg er glad i; smultringar. Svigermora mi laga verdas beste. No er ikkje bakaren sine heilt å forakte heller.........
I dag var eg ned att på biblioteket med Marklundboka. Og kven møter eg på fem minutt etter
på Prix? Jau, ho som gjerne ville ha boka. No er det berre å smette seg bort å låne boka, sa eg. Ho stod på liste, sa ho, på den og ein haug andre bøker.


Olaug og eg kjøpte lilla lys og lodd av henne. Eg var sikker på at det var ein vaskeklut, og ville ikkje opne pakken før vi kom heim. Men det var eit skjerf i min blåfarge. Eg kan ha det rundt halsen når eg går tur.

Vel heime, høyrer eg at det er verdas kjøpefrie dag. Kvifor sa ingen det i går? Eller er det eg som ikkje følgjer med?
Konfirmanten og faren er i Ørskog og spelar innandørsfotball. Det har vore suksess, så dei får spele ein dag til.
Keeperen er i bya og spelar fotball i ein cup der.

torsdag 27. november 2008

Storfangst

I går fekk eg brosjyrer frå to bokhandlarar i postkassa. Der var mange bøker eg kunne tenke meg. Ja, ja, tenkte eg, viss eg er heldig finn eg dei på biblioteket i næraste framtid. Det hadde vorte bøker for fleire tusen kroner for å seie det sånn.
---
Inne på biblioteket ser eg ei eg kjenner godt, legge ein haug med lydbøker på disken. Ho hadde fleire heime også, sa ho. Vi kom i prat. Eg såg fort at her hadde ho bøker eg kunne tenke meg. Så ser eg Marklundboka på stativet. Eg var snar å rappe den til meg. " Ååå, den kunne eg tenke meg", utbryt ho. Kva gjer eg? Tek på smilet sjølvsagt. No var eg heldig.
---
Bibliotekaren var litt i stuss. "Først til mølla", seier han. "Du får den att laurdag eller måndag", seier eg. Dama og eg forlet biblioteket som gode vener.
---
No vert det nok til at eg les den først. Anne Holt-boka vert nok lagt til side med så mykje god litteratur i huset.

onsdag 26. november 2008

måndag 24. november 2008

Annleis krim


Denne boka har eg lese etter tips frå strikkemor(o). Det er koseleg krim frå Botswana, skrive av ein skotte. Den vart først utgjeven på eit lite forlag, men har vorte ein bestseljar. Boka er bygd opp av små forteljingar/krimgåter. Slutten har ofte ein snert. Det er ikkje vanskeleg å forstå at bøkene har vorte populære.
---
Les gjerne her

Gratulerer Erlend 5 år!


I dag er minstemann blitt 5 år. Han er verdens snillaste 5-åring. Vi har knapt sett nokon som er flinkare å leike seg enn han. Eg gløymer ikkje då han spurte så forsiktig: "He dåkke noke huplo?"
---
Vi feira har forrige laurdag. No er det lego som gjeld.
Ps. Eg veit at det heiter førre på nynorsk.

søndag 23. november 2008

Aniskringler

I går kom Olaug på at ho ville bake aniskringler. Eg laga ein deig i brødbakemaskina , og ho fekk arbeidet med å trille dei. Når eg no får spørsmål om oppskrift, må eg ta fram ei av dei utslitne kokebøkene mine frå 1985. Ingrid sine oppskrifter er fabelaktige.
For Øystein er aniskringler og kakao julefrukostmat. Eg veit at mange brukar anisfrø. Kanskje nokon veit kor mykje ein då bør bruke? Ein pakke til....
---
På jobb har eg forstørra alle oppskrifter til 2 kg mjøl. Det passar godt i Kenwoodmaskina. Her kjem originaloppskrifta og mi nye.


ANISKRINGLER (32) - Ingrid Espelid

100 g margarin
3 dl mjølk
35 g gjær
3-4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
1 1/2 ts stjerneanis
ca 450 g kveitemjøl
---
Lag varmheva gjærdeig. Etter heving deler du deigen i 32 emne, og formar små kringler. Etterhever over damp og steiker dei 10 minutt på 250 grader.
---
Då eg laga kringlene i går tok eg oppskrifta frå "haudet" d.v.s. eg hadde berre andre krydder i bolleoppskrifta.
---
ANISKRINGLER (16 store på ei plate) Solveig
50-100 g smelta smør
3 1/2 dl mjølk
1 egg
1/2 pakke raud gjær
1 dl sukker
1/2 ts kardemomme
1 1/2 ts malen stjerneanis
ca 8 dl kveitemjøl
---
Framgangsmåte og steiking som bollar.
225 grader i 12-15 minutt?
---
I går juksa eg og brukte flytande Bremykt. Det går an i "nøden", men til bollar bør ein bruke meierismør for best muleg resultat.

laurdag 22. november 2008

Sørpeføre

Tysdag var det skikkeleg sørpeføre då vi gjekk tur. Eg bestemte meg for å investere i eit par vinterjoggesko. Ungdomane går i joggesko heile året verkar det som. Desse er litt høge og sjølvsagt i Goretexkvalitet. Den nye refleksvesten skal eg merke med eige namn. Dei som sveittar nåe dei er ute, skal få bruke sine eigne.

Språk II



Då eg såg denne boka på anlen sin blogg, fann eg ut at eg ville ta mi fram. Første kapittel heiter "Vaskelyst".
---
Det er for drøyt å forlange at folk skal ha lyst til å vaske. Sjølv har eg lyst til å ha det reint og ryddig. Det er godt å kome inn i eit rom som luktar friskt av grønsåpe. Så då er det berre å gå igang.
---
Når ein lærar spør kven som har lyst til å gjere ei oppgåve, då får han svar på tiltale viss oppgåva ikkje er populær.
- Vi treng frivillege, og er her ikkje det, må vi utpeike nokon, er ein annan måte.
Viss ein ikkje vil bruke den, får ein ty til den mest "rettferdige", loddtrekning. Den brukar eg når kjøkenet skal vaskast til sommarferien.
--
No er eg ferdig med støvtørking og golvvask og lurer på kva eg har lyst på til middag.

Språk


Denne veka har eg hengt meg opp i ein (u)vane mange elevar har, nemleg:
-Fe'kje oss?
Eg har prøvd å få dei til å høyre nyansen mellom
- Fe'kje oss? og
- Fe oss?
Kva høyrest mest positivt ut?
Kva for uttrykk er lurt å bruke viss ein vil oppnå noko?
---
Fredag har eg dobbeltime i norsk. Regelen på vår skule er at klasseromma skal låsast i friminutta for å hindre hærverk.
- Ka, fe'kje oss vere inne i friminuttet? seier ei av tre som sit der.
Eg sender henne eit langt blikk.
- Kan oss ver så snill å få vere inne i friminuttet? spør venninna med bedande blikk.
Då låser eg døra og dei lovar å ikkje sleppe inn fleire.

fredag 21. november 2008

God helg!


I dag reiste Øystein til London og tok med seg fotoapparatet. Eg får ikkje tatt bilde av snøen som er komen. I dag bles og haglar det.
---
Då eg starta bloggen trudde eg det skulle bli mykje mer fotballprat enn det har vorte. Det har vore ein pause, men no brakar det laus att. Keeperen er attende på Hødd, journalisten spelar innandørs KM for Hasundgot og konfirmanten spelar KM i Herøyhallen for Hareid.
---
Amaryllisen tilvenstre får vere eit symbol for dei tre amaryllisane eg kjøpte for 100 kr i dag. Medan karane tippar og kanskje har ein gevinst i vente, satsar eg på sikre gleder her og no.
---
Eg kjøpte også årets første julegåve, til meg sjølv, eit par vinterjoggesko i goretex.

torsdag 20. november 2008

Klassikar - eller mitt forhold til Hamsun


Nyromantikken har vore tema i norsk siste veka.
Då eg gjekk på ungdomsskulen, las vi Markens grøde. Eg hugsar at den gjorde sterkt inntrykk på meg. Særleg ho som drap veslejenta si fordi ho hadde hareskår. Seinare vart ho sjølv operert. Boka handla sjølv sagt om mykje meir, men det er dette som står att etter 30 år.
---
No har vi lese utdrag frå "Victoria" i 10-klasse. Den boka las eg på Norsk grunnfag for 26 år sidan. "Victoria" hugsar eg ikkje så mykje av for å seie det rett ut.
---
Folk på min alder og eldre hugsar nok TV-serien "Benoni og Rosa". Kva gjorde inntrykk der? Eg hugsar Mack og badedyna, og jentene som stakk unna sølvskeier for at han skulle finne dei. Elles hugsar eg ho som "gav" vekk lus.
--
No har eg lese "Sult". Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor den slo gjennom i 1890. Nokon analyse skal eg ikkje gje meg ut på. Alle som er litteratur- og historieinteresserte bør lese boka.


onsdag 19. november 2008

Førebuing til fest







På skulen vår inviterer vi besteforeldra til fest i 9. klasse.
Veka før inviterer vi besteforeldre til å kome å bake lefser saman med oss.
Desse serverer vi på festen i tillegg til grove kantinerundstykke med pålegg. Klassene lagar sjølvsagt program. I morgon har ei klasse ansvar for mat og pådekking. Festen begynner kl 11.
I dag kom Signe, min tidlegare kollega, no pensjonist, og hjelpte oss med å lage blomsterdekorasjonar.

søndag 16. november 2008

Mat på fat

I dag har vi vore på konfirmantgudsteneste og speidar-(forbunds-)fest. Då talaren på festen delte ut noko lite til kvar, forstod vi at det var sennepsfrø sidan likninga var lesen i kyrkja. Eine dåpsbarnet var halvt gresk, så dåpsseremonien hadde innslag frå den gresk-ortodokse-kyrkja.
Til festen skulle det vere "mat på fat". Eg tok fram takka og laga sveler av 2 l surmjølk. Då vart det nok til dei heime også.
Som de ser har eg ei stor takke. For 12 år sidan sa eg at dersom eg skal bu saman med 5 karar, skal eg kjøpe meg ei takke. Mi venninne M sa at ho hadde ei som var så stor at ho dekte heile komfyren. Sjølv om det vart ei dame til i familien, bestemte eg meg for å kjøpe meg takke. "nei, stor takke hadde dei ikkje. Det var det ingen som ville ha." "Det sel vi ikkje særleg mange av". Då ekspeditrisa for tredje gong ville fråråde meg å kjøpe ei stor, sa eg "Når det er noko eg vil ha, så bryr eg meg i grunnen ikkje så mykje om kva andre vil ha." Så vart takka bestilt, og eg er framleis glad for at eg kan steike sju sveler om gongen, ikkje fire som på dei små.
p.s.
Oppskrifta ligg på 18 februar i år.

laurdag 15. november 2008

Står dette på ønskelista?


Dei som er flinke å sy, kan sjølvsagt sy sine eigne handlenett. Vi som innser at vi ikkje kjem så langt, kan støtte ei god sak med å kjøpe desse.
Her er novemberguten i midten med ein bestefar på kvar side.
Det har vore ein lang tradisjon i familien å slå saman pappa sin fødselsdag med farsdag. Fast meny har vore julemiddag. No har feiringa vorte utvida med minsteguten og farfaren hans. Menyen har også vorte utvida, med svineribbe og tilbehør. Gjester var det færre av. Øystein er i Oslo og går glipp av selskapet. Keeperen her var med og arrangerte nattcup.

No kom vi heim til reint og ryddig hus. Luksus! Kaka under rakk eg ikkje å ta bilde av før ho var spretta.


No driv eg og kokar poteter og rabbe til restane vi fekk med oss. Sist eg laga rabbestappe var ved milleniumsskiftet. Øystein og eg låg i kvar vår sofaende med influensa. Sidan eg var minst sjuk(!), måtte eg ta over middagskokinga.
Svigermora mi laga verdas beste rabbestappe, meiner Øystein. Han fekk beskjed frå meg om å få lære det av henne, og det gjorde han. Eg meiner sjølvsagt at mora mi lagar like god stappe. Og den vart ikkje så verst den eg for snart ni år sidan heller.


Brotet


(Nei, det er ikkje strikketøy det handlar om.)


Denne boka har lagt på MP3-spelaren min nokre månader. Det er ei faktabok om heilage krigarar, talibal m.m.

Det som eg trudde skulle bli eit ork å kome igjennom, viste seg å bli interessant. Etter å ha lese mange bøker frå Afganistan, var det greit å få historia forklart av ekspertar.

Viss eg skulle henge meg opp i ei setning, så måtte det bli "Det å gjere seg til ven med fiendens fiende, er ein farleg strategi". Vi veit nok for lite om dei USA har alliert seg med.

fredag 14. november 2008

Novemberbarn

I dag vil vi gratulere pappa/morfar med 72-årsdagen! I morgon skal vi feire han og Erlend som snart vert 5. Bildet av dei to er frå sommaren 2005. Det kjem kanskje ei oppdatering i morgon kveld.

søndag 9. november 2008

Langdryg


Viss nokon synest eg har brukt lang tid på siste bok, så stemmer det. Boka fenga rett og slett ikkje. Historia er for så vidt grei, men vert øydelagt av dårleg språk og svulstig opplesing. Personskildringane vert i overkant tydelege. Forfattaren vil så mykje og durar vidare.
Hadde eg hatt papirutgåva, skulle de fått nokre eksempel .

Farsdag og fotball



Når det først skal vere ein fotballkamp midt på dag, er det no greit det er på farsdagen. I går stod vi tidleg opp og fekk yngstejenta på 7.30-ferja. Øystein for til Vik på Polenvask medan eg vaska heime. Huset var reint då resten av familien stod opp for å seie det sånn.

I dag var det dei to eldste som fekk stå opp før sju. Resten av familien sov godt og lenge. Vi har feira farsdagen med tradisjonell svinesteik.

Vi håper at alle fedrene i familien har hatt ein fin dag! Min eigen far brukar å feire fødselsdag og farsdag på same dag. Det vert neste helg.

laurdag 8. november 2008

1984 - 2004






De får hygge dykk med desse videoane no fram mot jul. Etter mi meining er 80-talsversjonen best! I 2004 versjonen har dei funne fram den vesle utsvelta jenta som ingen trudde ville overleve. No er ho frisk og fin.

Årets jordskokkar

Dei som har følgt bloggen min sidan i fjor, hugsar sikkert jordskokkane. Eg hadde ein heil åker full. Ei venninne av meg fekk så mykje ho ville ha, og så tok eg vare på nokre få ein annan stad i hagen. Resten vart menneskmat og kaninfor. Halve jordskokkåkeren dekte eg med ein stor haug kompost og sette to skvåsjplantar i. De hugsar kanskje kjempeskvåsjen?

Men trur de jordskokkane døydde ut? Tvert i mot! Spesielt i den delen som grensar mot skvåsjane, har det kome kjempejordskokkar.

Av alle rettane vi har prøvd ut, står vi att med ein, nemleg omnsteikte saman med dei grønsakene vi måtte ha i hus. I dag stod elles steikte karbonadar på menyen.
Det vert nok att til kaninene i år også. Dei elskar det!

fredag 7. november 2008

Kosekanin

Jentene i nabolaget her har ein felles hobby: Kaniner. I sommar har det vore ein del såkalla "kanintreff", noko som har resultert i nokre kull kaninungar. Og kven får ikkje lyst på slike søte små? Jentene har no minst to kaniner kvar.
Noko utstillingskanin er dette ikkje. Ferdene gav klar beskjed om at dei kom ikkje til å reise land og strand rundt på kaninutstillingar då temaet kom opp. Marlon, som er oppattkalla etter ein fotballspelar på Aston Villa, er bastard. Han, håper vi, er 1/2 Teddy, 1/4 Dvergvedder og 1/4 Løvehode.
Tidlegare har eg ikkje hatt sansen for kaniner. Dei ser passeleg enkle ut der dei sit i bura sine og et. Det at dei et grønsakrestar, brødrestar og kokte poteter har vore største gleda med dei. Men eg ser at dei vert mykje lurare enn ein skulle tru viss ein temjer dei. Eg gløymer ikkje den gongen Håkon kom att frå leirskule. Kanina hoppa og gjorde ekstra store kast med føtene i rein begeistring!
P.s. Eg veit at det heiter ein kanin.

tysdag 4. november 2008

Fleire fletter

På spørsmålet "Går det like bra med grove flettebrød?", skulle eg til å svare: "Sjølvsagt!"

Til kvardags brukar vi ca 75% grovt brød, og det er sjeldan vi et loff. 5-flette er det nokre år sidan eg har laga. Så eg bestemte meg for å kombinere to idéar.

Sjølv om eg knadde den grove deigen, laga av grovbakstmjøl, vart han ikkje særleg seig. 5-flettene slitna, og eg laga raskt nokre kortare lengder til ei 6-flette. I full fart heiv eg ingrediensar til ein loff oppi brødbakemaskina, og trilla ut 5 emne utan å heve deigen først. 5-fletta er litt vanskelegare enn 6-fletta, meiner eg, men no har lyset gått opp for meg.

For å sitere meg sjølv i dag: Denne veka er det elevane som er stressa. Dei har praktisk og teoretisk prøve i Mat og helse, fletteloff og ernæringslære. I dag bakte alle flotte 6-fletter. Det er tydeleg at dei har øvd seg heime!

måndag 3. november 2008

Challah

Medan maskina knar ein deig til meg, har eg leita etter fleire fletteloffar. Eg kom på å leite på "Challah", jødisk brød. Det skal eigentleg lagast utan mjølk, men med egg, og serverast på sabbaten.

Denne mannen brukar min metode når han flettar. Han viser utan å snakke! Han startar med 3-flette og sluttar med 6-flette, så dra prikken bortover om de ikkje orkar å sjå alt!

Fletteloff

Ja, kva finn ein ikkje på internett?
Ingen tvil om at denne dama kan bake.
Men kan ho forklare?
Kanskje eg skulle lage min eigen video?
Ho bør halde den eine oppe i lufta heile tida.

søndag 2. november 2008

Meir micro

I dag fekk eg lyst til å prøve ei av oppskriftene som høyrde til microen. Sidan middagen stod i omnen, passa det godt å lage ei microeplekake.

Konsistensen på kaka var flott, men epla kunne ha vore mjukare, så eplekaker vert nok steikte som vanleg heretter. Olaug likte den veldig godt. Ho er ikkje så glad i eplekake. Ein del born er vel litt skeptiske til mjuke eple. Krem likar vi alle...

Svigermora mi brukte å lage ferskenkake av hermetiske fersken. Med ein ikkje for søt deig, hadde det kanskje vore betre, eller kanskje med aprikosar?

laurdag 1. november 2008

I full flamme

Om det var eit forsøk på å varme fiskegrateng i folieforma som gjorde at det flamma opp kvar gong vi ville ta i bruk microen, veit vi ikkje. No har han i alle fall takka for seg. Det vart fort tungvint å greie seg utan. Eg lagar som regel minst ein middagsporsjon ekstra som vert kveldsmat til den som vil ha. Dei to yngste visste heller ikkje at ein kan lage ostesmørbrød i steikeomnen.
Det er ikkje kjekt å gå ned i standard, sjølv om ein veit at alle mikrobølgjeomnar kan varme vatn og steike ostesmørbrød. I denne omnen kunne ein steike pizza. Det hadde eg aldri høyrt om før.
Så det måtte prøvast! Noko anna er om det blir ein vane. Å varme ferdigpizza burde gå raskt og bruke mindre straum enn i steikeomn.

Det følgde med ein perm med oppskrifter. Inni den sette eg også bruksanvisninga og garantien.

To slike lok kan brukast til å legge over middag. Lapskaus har til dømes ein tendens til å sprute og grise til.
Det store spørsmålet er kor lenge vi hadde den gamle. 5 år vart foreslått. Eg meiner den må vere nærare 15. Denne kosta 2000 kr. Den gamle var sikkert nesten dobbelt så dyr?



Friidrettsfeiring

I dag feirar friidretten seg sjølv. Då startar dei med å springe rundt vatnet, og held fram med middag på hotellet om kvelden. Svogeren min er med og feirar. Han kom i går kveld og skal vere til i morgon. I dag fekk eg ein nydeleg orkidé. Skal tru om han såg at ein av dei som står i vindauget har begynt å tape seg? Det skulle ikkje forundre meg!

Eg måtte sjølvsagt dra den om epifytten. Kva er ein saprofytt, spør han. Utan alternativ stod eg fast. Ja, ja så fekk eg repetert litt i dag og.